vi kan – vi VIL

Birken 2013

Laurdag 16. mars stod over 17000 skiløparar på Rena klare til å starte på 54 km mot Lillehammer. Av desse var det 17 som representerte Valldal IL. Tek ein med utflytta valldalingar som gjekk for andre klubbar vart talet over 20. Nokre måtte melde forfall til start, så talet på valldalingar som har birkebeinaren som det store målet i skisesongen tek til å verte betydeleg.

Alderspennet er stort, frå 17 år til over 65 år. Den alle raskaste over fjellet var den yngste,  Iver Mathias Linge Glomnes. På tungt og trått føre forbetra han tida si frå i fjor og kom inn på den sterke tida 3.08.45. Med det vart han nr 5 i klasse 16-17 år og nr 196 av alle 17000 birkebeinarane! Det var også ein debutant på start, Reidun Vestre, som fullføfte i fin stil, sjølv om det nok var ein slitsam tur.  Av dei 17 frå Valldal IL var det 7 som klarte kravet til Birkebeinarmerket. Dette er målet for mange av deltarane. Kravet vert fastsett utifrå gjennomsnittet av dei 5 beste tidene i den enkelte klasse + 25 %. Det er også ein del «veteranar» med over 10 renn og med Harald Starheim som den ivrigaste. Han tok i år sitt 14. merke.

Som vanleg var dei fleste ganske slitne etter målgang, men det er nok snart gløymd så dei fleste stiller nok på Rena 17. mars 2014 klare til start for eit nytt Birkebeinarrenn.

Resultat finn du her.   Skiv VALLDAL i feltet for klubbnavn og du vil sjå alle som representerte Valldal IL.

Aktivitet