vi kan – vi VIL

2014

Ekstraordinært årsmøte

Årsmøtet 4.12.14 hadde god oppslutning og det vart vedteke å kjøpe ny trakkemaskin. Sjå protokoll frå ekstraordinært årsmøte Referat ekstraordinært årsmøte VIL 4 12 14

Innkalling ekstraordinært årsmøte

Styret i Valldal IL har vedteke å kalle inn til ekstraordinært årsmøte torsdag 4. desember kl 20.00 på Klubbhuset

Sakliste:   
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Val av ordstyrar
3.Val av skrivar
4.Val av 2 personar til å skrive under protokoll
5. Trakkemaskin
    a)  Sal av noverande trakkemaskin
    b)  Kjøp av ny trakkemaskin
    c)  Finansiering inkl låneopptak 

Styret si innstilling i Sak 4 på ekstraordinært årsmøte

Årsmøte Valldal IL

Årsmøtet vart gjennomført på Klubbhuset 26. februar kl 19.00. Omlag 15  medlemmar var til stades. Møtet vart greitt gjennomført på vel 3 timar. Årmelding og rekneskap vitnar om ganske stor aktivitet, spesielt i gruppene. Budsjett og arbeidsplan er retningsgjevande for arbeid i komande år.

Andre saker som vart handsama:

  •  uendra medlemskontigent i 2015
  • Valldal IL langrenn endrar namn til Valldal IL ski
  • fresbeegolf vert ny aktivitet, for 2014 lagt til trimgruppa med Richard Moen som ansvarleg
  • Idavollen vert rehabilitert med kunstgras, 5-ar og 7-ar bane. Lysanlegg skal oppgraderast
  • Det skal arbeidast vidare med å skaffe ny trakkemaskin. Eiga nemnd skal legge fram forslag til maskin og finansiering.

Viser elles til dokument frå årsmøtet –

Val ga følgjande resultat:

  • Leiar: Einar Hoel                                             2014
  • Nestleiar: Anders Rem                                 2013-14 (ikkje på val)
  • Kasserar: Trond Håvoll                                2013-14 (ikkje på val)
  • Skrivar:  Karianne Vestre Døving            2013-14 (ikkje på val)
  • Styremedlem: Kristin Gilje Sandnes        2014-15
  • Leiar-friidrett: Magne Eivind Glomnes   2014
  • Leiar-fotball: Ellisiv Valdal                          2014
  • Leiar-langrenn: Kristi Linge Stakkestad 2014
  • Leiar-trim: Kjersti Magnussen                   2014
  • 1. varamedlem: Inge Sunde                        2014
  • 2. varamedlem: Torkjell Bjørstad            2014

Årsmøte

Det vert gjennomført årsmøter i Valldal Idrettslag etter følgjande oppsett

Trimgruppa   Søndag 9. februar kl 19.00
Fotball             Måndag 17. februar kl 19.00
Langrenn       Tysdag 18. februar kl 19.30
Friidrett          Onsdag 19. februar kl 19.00
 
Valldal IL       Onsdag 26. februar kl 19.00
Aktivitet