Valldal IL prøver noko nytt og inviterer til open hall for barn, ungdom og familiar i idrettshallen i Martin Linge-huset måndag 29. desember.
Klokka 12-15 for barn opptil 12 år. Dei under 10 år må vere i følge med vaksne.
Familiar er velkomne.
Klokka 17-20 for ungdom 13-18 år
NB! Fri aktivitet, ikkje organisert av idrettslaget.
Det vil vere vakter til stades.
NB! Vi ryddar oppatt i lag.
Ope for alle. Velkomen innom!
