Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Romjula 2019

Treningsrenn – fristil

Torsdag 26. desember kl 11.00.  Overøye – Langsætrane.

Klubbrenn  – skiskyting

Fredag 27. desember på Myklebust. Påmelding og innskyting kl 12.00

Grendacup -fotball

  • Søndag  29. desember Martin Linge huset
  • 4.-8. klasse    kl 11.00 – 12.30
  • 8. klasse og eldre 13.00 – ca kl 18.00 (tradisjonell turnering). Sjå Valldal IL si Facebookside for meir informasjon og liste over kontaktpersonar for dei ulike laga.
  • Kiosksal

Ribbemarsj

Måndag 30. desember. Start frå Klubbhuset mellom 15.45 – 16.00. Rundt Gjerdsgrenda. Familie kr 80,-, voksen kr 30,-, barn kr 20,-. Utrekkspremiar.  Kiosksal og sal av faklar. Premieutdeling frå fjelltrimmen 2019.

Fakkelstafett – Fjord kommune

Tysdag 31. desember. Frå Langdal  kl 12.30. Ankomst til Valldal sentrum kl 15.00 med  markering av ny kommune. Nisseorkester, gløgg og pepperkaker og tale ved ordførar i Fjord kommune, Eva Hove.

Jubileumsboka

Jubileumsboka «100 år – 100 minne   Valldal idrettslag 1919-2019» er til sals på Spar Valldal og Bunnpris.  Pris kr 300,-

 

 

Påmelding neste fotballsesong

Vi inviterer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst å spele fotball sesongen 2020 til å melde seg på.

Påmeldingsfrist: 15. desember.

Du melder deg/dine på ved å sende

  • namn
  • fødselsdato
  • mailadresse/mobilnummer (til føresette)

til fotball@valldalil.no eller ta kontakt på 900 28 229 (Anett Steinnes).

 

 

REINT IDRETTSLAG

Valldal IL er sertifisert som «Reint idrettslag» med omsyn til doping.Dette passar for utøvere 12 år og eldre og gjeld for heile idrettslaget.

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no