vi kan – vi VIL

Tine Fotballskule

TINE FOTBALLSKOLE skal arrangerast i Valldal av fotballgruppa 11.-13.august. Vårt arrangement er 1 av 5 i landet som var så heldige å vinne ein kjempeflott UTSTYRSPAKKE frå NIKE til alle deltakarane.Dette gjer det vel ikkje mindre aktuelt å melde seg på fotballskulen i sommar…?😉⚽️

Torkjell Døving sitt bilete.

Resultat frå VM

Resultat frå VM 2017. 115 deltakarar i fine forhold på Grønningsæter. Takk for innsatsen i år og velkomen tilbake neste år. God påske!
VM-2017-Deltakarar-8-år-og-yngre  Resultat VM 2017

Magne Eivind Glomnes sitt bilete.Magne Eivind Glomnes sitt bilete.Magne Eivind Glomnes sitt bilete.

Kick-off samling fotball

Fotballsesongen starta for fullt med KickOff Fotballskule m/ Felix & Co måndag – onsdag i påska. Heile 43 deltkarar frå eige lag og gjestar. På grunn av litt dårleg ver var det treningar både på kunstgrasbana og i Martin Linge Huset.  Stor innsats både av trenarar og spelarar.

Torkjell Døving sitt bilete.

 

Dame- og herretrim

Valldal IL – trimgruppa – inviterer til dame- og herretrim torsdagar kl. 20.00 til 22.00 i Martin Linge huset,  sal 2 og 3. Første gong torsdag 23. Februar

Dette er eit tilbod til ungdom og vaksne. Aktivitetane bestemmer vi frå gong til gong. Ta kontakt om du har gode forslag.
Vi oppfordrar dei som vil delta til å melde seg inn i Valldal IL. Det kan du gjere på www.minidrett.no.
Vel møtt.

Årsmøte Valldal IL

Årsmøte vart avhelde onsdag 15. mars kl 19.00 på Klubbhuset. 10 personar møtte.

Sakliste er her Sakliste årsmøte 2017

Dokument til saker på årsmøtet:

Årsmelding 2016

Rekneskap Valldal IL 2016  Revisormelding 2016

Arbeidsplan Valldal IL 2017  Mål-og-strategiplan fotball_020317 Arbeidsplan skigruppa 2017

Budsjett Valldal IL 2017

Organisering av Valldal IL 2017

 

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» frå 2016. Vi bed difor om at medlemmar og alle som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no

Ressursgruppe

I sommar og haust har nokre ivrige støttespelarar samla seg til dugnad på stadion og klubbhus ein gong i veka. Mange har sikkert lagt merke til ulike oppgåver, større og mindre, har vorte løyst på ein svært god måte. Her kan du sjå rapporten frå gruppa   ressursgruppa-2016     Utearbeidet er avslutta for i år og idrettslaget vil rette ei stor takk til dei som har vore med på desse dugnadskveldane. Vi håper at vi kan få gjere oss nytte av ressursen desse representerer også i tida som kjem.

Støtt kunstgrasbana

Vi treng din hjelp og støtte til å finansiere kunstgrasbana og i den anledning sel vi difor baneandelar til kr. 500. Det er også mogleg å gje gåve til dette prosjektet. Du kan betale inn på prosjektkonto: 3910.52.84172 Hugs å merke betalinga med namnet ditt og at det gjeld «Andel kunstgras» eller «Gåve kunstgras». Sjå elles link for prospekt:

Prospekt kunstgras (.docx)                           Prospekt kunstgras (.pdf)