Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Årsmøter

Det vert kalla inn til årsmøte i Valldal Idrettslag onsdag 21. mars 2018 kl 19.00 på klubbhuset.  Saker til behandling må meldast seinast to veker før møtet til Valldal IL, postboks 74, 6211 Valldal eller post@valldalil.no. Fullstending sakliste vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet.

Årsmøter i gruppene – alle møter på klubbhuset:

  • Friidrett     onsdag 7. mars
  • Trim           tysdag 13. mars
  • Ski              onsdag 14. mars
  • Fotball       torsdag 15. mars
  • Disksport  fredag 16. mars

Sonerenn Liabygda-Stordal 18. februar

Liabygda og Stordal invitera til sonerenn i klassisk stil på Stavsengfjellet søndag 18. februar kl 13.00. Påmelding på start mellom 11.30-12.30.

Storfjordcup nr 4

Storfjordcup klassisk stil på Valldal stadion tysdag 13.2. kl 18.30. Flotte forhold!  Resultat-Storfjordcup 4

Storfjordcup 30.1.

Storfjordcup på Stavsengfjellet vart gjennomført med  langrennscross og hopping i hoppbakken. Her er resultat Resultatliste – Storfjordcup i Fjellbakken 30. januar 2018

KM helg i langrenn – Futsalserie

KM langrenn i nabolaget, Sprint fristil på Stavsengfjellet laurdag 27.1 og langdistanse klassisk i Eidsdal 28.1

Futsalserie G12 sjå resultat her

Midtnorsk mesterskap langrenn 2018
Valldal 3. – 4. februar

Sesongens største renn Midtnorsk mesterskap i langrenn 2018 for klassene 13-16 år er vel gjennomført. Flotte vinterlege forhold skapte ei flott ramme rundt arrangementet. Mange flotte tilbakemeldingar både når det gjeld natur, løyper og gjennomføring. Takk til alle funksjonærar som gjorde ein stor jobb slik at dette vart eit flott arrangement som skigruppa, idrettslaget og bygda kan vere stolte av. Her er resultatlister frå konkurransane

Storfjordcup 16.1.18

Tysdag 16. januar kl. 18.30 vart det arrangert Storfjordcup i langrenn på ein ny og spennande måte på Valldal stadion. Uavhengig av alder og ulike distansar var det om å gjere å gå to mest mogleg like rundar. Heile 88 deltakarar på startstreken. Resultatliste-nulløp-16.1.2018

Sonerenn 7.1.18

Under  vinterlege og gode  forhold arrangerte Valldal sonerenn søndag 7.1.18. Knappe 70 deltakarar stillte til start i løypene som skal brukast i Midt Norsk Mesterskap seinare i vinter. Rennet vart avvikla i fristil og som vanleg var det stor innsats av deltakarane.  Resultatliste 7.1.18

Skikafe

Skikafè på klubbhuset kvar torsdag kl 18.00-20.30. Oppstart 4. januar. Velkomne til ein skitur og ein flott møteplass. Her er arbeidsliste for skikafèane i vinter Skikafe 2018

Storfjordcup 2.1.18

Resultatliste fra sesongens første Storfjordcup i langrenn. Flott og kaldt vintervær på Stavsengfjellet.Resultat Storfjordcup 1 Stavsengfjellet

Nyttårsmarsj

God oppslutning om  Nyttårsmarsjen 1. januar arrangert av trimgruppa! 45 spreke unge og mindre unge deltok. Veldig hyggelig å invitere til åpen kiosk i nyoppusset klubbhus etter gåturen.

Premier var sponsa av HL Muri, Bunnpris, Rempro ,Valldal Aktivitetspark, Høvleriet, Tafjord kraft, Sparebanken Møre og Trimgruppa- takk til sponsorar!

Fjelltrimmen 2017

Premiering fjelltrimmen 2017:
Flest poeng barn u/10år: Jenny Vikene
Flest poeng barn u/16 år: Laurits Glomnes
Flest poeng voksne: Steinar Stakkestad
Desse får gavekort på Kr 500 på XXL.

Alle barn med innleverte trimkort får hodelykt.
Uttrekkspremier voksne ( gavekort Kr 200 HL Muri): Einar Hoel og Agnieska Kowalska

Grendacup – fotball

Romjulscupen i fotball 5. juledag  vart nok ein gong suksess. God planlegging og dyktig gjennomføring av dei ansvarlege! Frå tidleg formiddag var det fotball for dei yngste. Etter kvart overtok dei eldre og finalen i grendacupen vart spelt i sju-tida. Som i fjor var Eidsdal dei sterkaste og tok eit nytt napp i vandrepokalen etter 1-0 siger over Tafjord i ein ganske jamn finale.

Eidsdal, vinnar av årets Grendacup

Skirenn i Valldal laurdag 16. desember

Bjorlirennet 16. desember er flytta til Valldal
Dette er opningsrennet i Sparebanken Møre cup 2017/2018.
Emblem IL er arrangør. Valldal IL hjelper til.
Fristil, individuell start frå kl 1300. Klasser frå 8 år. Om lag 90 påmeldte.  Resultat SBM cup 161217

Lysløypa

I romjula er det flotte forhold i lysløypa. Det ligg godt til rette for å ta ein runde eller to eller… Ved behov vert løypa   preparert til kl 18.00 på kvardagar og kl 12.00 laurdag og søndag.

Vintertrim

Alle fire vintertrim postane er no komne på plass. Postane er som tidlegare: Klovset, Høghaugen på Gjerde, Lysløypa på Myklebustsida og Valldalssætra.
Det vil bli trekt ut premiar på bøkene til våren.
God tur!

Svaret på spørsmålet i neste artikkel….. Valldal IL!!

Ved Sunnmøre Fotballkrets sin fotballgalla laurdag 9.12 vart Valldal IL vinnar av to gjeve prisar, Årets arrangør av miniturnering og Årets arrangør av Tine fotballskule.  Vel fortent heider til fotballgruppa som har gjort eit kjempearbeid med desse to turneringane, i tillegg til alt anna godt arbeid dei gjer.

Per Magnus Berdal sitt bilete.

Torkjell Døving og Anders Rem tok mot prisane på vegne av fotballgruppa

Kven blir vinnarar av årets fotballprisar?

Sunnmøre fotballkrets skal under fotballgallaen laurdag 9. desember hedre kommunar, klubbar og personar for godt arbeid. Det er blant anna 7 prisar som skal delast ut og vi markerar oss godt ved å vere nominert i tre av dei!

  • Norddal kommune er nominert med Haram kommune og Sandøy kommune til Årets fotballkommune (diplom).
  • Valldal IL er nominert med Larsnes IL og Stranda IL til Årets arrangør av miniturneringar (diplom + 5.000 kr).
  • Valldal IL er nominert med Spjelkavik IL og Volda TI til Årets arrangør Tine Fotballskule (diplom/plakett + minimål).

Meir info finn du på kretsens heimesider.

Her kan du lese kretsstyrets flotte Grunngjeving for dei nominerte.

«Klubben i mitt hjerte»

Valldal IL vinnar av kr 10.000 på ei dagstrekning! Takk til alle som har stemt.

Trim på torsdag

Dame- og herretrim på torsdagar på Martin Linge-huset  er delt i to salar frå kl 19-21. Det er fast badminton-trening i sal 3 organisert av Weronica og Gro Marita Du må ikkje vere god i badminton for å kome på trening – her lærer vi alle undervegs 😀
Men vi har altså veldig god plass i sal 2, så for den som føler seg kalla til f.eks volleyball, innebandy eller basketball så møt opp på torsdagar til valfri aktivitet!

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no