Årsmøter Valldal IL
Det er fastsett følgjande årsmøter i Valldal IL
- Trim Måndag 8. mars
- Fotball Tysdag 9. mars
- Ski Onsdag 10. mars
- Friidrett Torsdag 11. mars
- Disksport Fredag 12. mars
Årsmøte Valldal Idrettslag onsdag 24. mars
Alle møter kl 19.30 på klubbhuset.
Saker til årsmøtet må meldast seinast onsdag 10. mars til post@valldalil.no eller Valldal IL, postboks 74, 6211 Valldal
TAFJORD bygger meir fiber i Valldal!
I den anledning har Valldal IL muligheit til å tene nokre ekstra kroner til klubbkassa – heilt utan dugnad!
TAFJORD gir nemleg 250 kroner for kvar bestilling av TV- og internettpakken til det lokale idrettslaget eller foreninga DU ønskjer å støtte. Vi håper sjølvsagt at du vil støtte oss.
Alt du treng å gjere er å velje Valldal IL når du fyller ut bestillingskjemaet, eller oppgjev dette når du har kontakt med ein selgar frå TAFJORD.
Les meir om ordninga og bestill her: https://www.tafjord.no/tv-og-internett/vi-gir-250-kroner-til-ditt-lag/
NB! TAFJORD gjev ein rabatt på 1000 kroner på etablering i salsperioden fram til 31. Mars 2021
Påmelding fotballsesongen 2021
Vi inviterer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst å spele fotball sesongen 2021 til å melde seg på.
Påmeldingsfrist: 15. desember.
Du melder deg/dine på ved å sende
- namn
- fødselsdato
- mailadresse/mobilnummer (til føresette)
til fotball@valldalil.no eller ta kontakt på 403 32 462 (Solfrid Fjeldstad).
Dagleg leiar – Valldal idrettslag
Olav Løvoll er tilsett i 30 % stilling som dagleg leiar i Valldal idrettslag. Dette er ei historisk tilsetting i laget si 101 årige historie, den første faste tilsette i laget.
Olav har alsidig bakgrunn m.a. som leiar i Valldal idrettslag i 8 år og har brei erfraring frå ulike leiarstillingar både i det offentlege og private. Han er ein aktiv pensjonist med m.a. mange verv og engasjement i lokalpolitikken. Han starta gradvis opp i arbeidet frå 1. oktober.
Dagleg leiar har kontordag på klubbhuset onsdagar frå kl 15.30 – 17.30. Ta gjerne turen innom!
Kontrollutval
Valldal idrettslag har oppretta og vald kontrollutval i samsvar med laget si reviderte lov. Kontrollutvalet erstattar revisorane oghar ein utvida funksjon. Det skal følgje opp laget gjennom heile året og m.a. kontrollere at vedtak i årsmøte og styret vert følgd opp. Utvalet skal også sjå til at laget har ei forsvarleg økonomistyring. Reidar Bjørstad og Lars Tomas Bersås er medlemmer i kontrollutvalet med Hegelin Waldal som varamedlem.
Retningslinjer betalingsordning – betalingsfritak
Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:
Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.