Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Årsmøte

Årsmøte i Valldal IL onsdag 10. juni kl 19.00 på klubbhuset.

Sakliste vert lagt ut på nettsida ei veke før årsmøtet.

Aktivitetar

Aktivitetar kjem sakte i gang att. Disksport har aktivitetar på bana på Jemtegård camping. Fjelltrimmen er i gang, kjøp trimkort på Spar eller registrer turar på GeoReg.

Truleg kjem fotballen i gang snart med organisert aktivitet og friidrett har planar for friidrettscupen. Ski og skiskyting vil starte med treningar på ettersommaren. All aktivitet skjer i samsvar med gjeldande smittevernreglar.

Mefjellet opp vert arrangert som planlagd søndag 28. juni, men på ein annan måte enn vanleg. Sjå www.mefjelletopp.no.

Det vert ikkje tradisjonelt olsokarrangement, men det vert prøvd å gjennomføre nokre aktivitetar, t.d. Jordbærdilten.

Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:

Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.

Ny dato for årsmøte i Disksportgruppa

Det er sett ein ny dato for det utsette årsmøtet til disksportgruppa frå mars pga covid-19. Tysdag 12.mai kl.19.00 held vi årsmøte på klubbhuset. Vi følgjer råda får Helsedirektoratet med maks 50 personar og min 1 meter mellom kvar person.

Årsmøter

Valldal idrettslag gjennomfører følgjande årsmøter:

  • Måndag 9. mars   Friidrett
  • Tysdag 10. mars   Trim
  • Onsdag 11. mars   Ski
  • Torsdag 12. mars Fotball UTSETT
  • Fredag 13. mars   Disksport UTSETT
    Alle møter på klubbhuset kl 19.30

Årsmøte Valldal Idrettslag –
Onsdag 10. juni på klubbhuset