Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL


Olsokprogram 2019 som pdf-fil.

 

Friidrettscup 2019

Datoane for årets friidrettscup er klare.
Det blir tre cupar i Valldal, to i Liabygda og Storfjordstemnet i Eidsdal som inngår i cupen. Premie til dei som deltek på tre cupar, der ein må vere på bortebane.  Plakat 2019

 

PÅMELDING TIL TINE FOTBALLSKOLE I VALLDAL 9.-11. AUGUST 2019

Då opnar vi for påmelding til årets Tine Fotballskole i Valldal.

Aldersgruppe: 6, 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år
Tid: 9. – 11. august, kl. 10.00 – 16.00
Stad: Valldal stadion
Påmelding innan: 31. juli

Deltakaravgift: kr 750,-

Pris for søsken: kr 500,-

Vi har eit «tak» på 60 deltakarar og det er først til mølla som gjeld. Meld på så snart som mulig (bindande påmelding) slik at plassen er sikra!

Send påmeldinga til epost: fotball@valldalil.no og oppgje følgjande informasjon:

1. Namn på deltakar:
2. Adresse:
3. Fødselsdato:
4. Foresatt:
5. Foresatt epost:
6. Foresatt telefon/mobil:

Alle deltakarane får som vanleg ein flott utstyrspakke frå Tine. Les meir her.

Kontaktperson: Anett Helen Steinnes, mob. 900 28 229 eller anettsteinnes@hotmail.com

NM motbakkeløp – Mefjellet Opp 2019

Det vart eit svært vellykka NM motbakkeløp – Mefjellet opp  laurdag 22. juni. Sjå resultat frå Mefjellet opp

Sjå også Mefjellet Opp si heimeside. Her er også resultat frå NM motbakkeløp 2019

REINT IDRETTSLAG

Valldal IL er sertifisert som «Reint idrettslag» med omsyn til doping.Dette passar for utøvere 12 år og eldre og gjeld for heile idrettslaget.

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no