vi kan – vi VIL

Fotballturnering

Laurdag 10. juni vart det arrangert fotballcup for lag med spelarar 6-8 år på Omenås. Dette var ein kretscup og ialt 38 lag var til stades. Det var stor innsats og  spelt  kampar gjennom heile dagen på begge banene. Eit godt gjennomført arrangement med mange gode tilbakemeldingar trass litt småsurt ver. Mange stod på og gjorde ein stor innsats med alle arbeidsoppgåvene som må til for å gjennomføre ei så stort arrangement. Truleg var 500-600 store og små tilstades denne laurdagen.

Anett Helen Steinnes sitt bilete.Anett Helen Steinnes sitt bilete.Anett Helen Steinnes sitt bilete.

Tine Fotballskule

TINE FOTBALLSKOLE skal arrangerast i Valldal av fotballgruppa 11.-13.august. Vårt arrangement er 1 av 5 i landet som var så heldige å vinne ein kjempeflott UTSTYRSPAKKE frå NIKE til alle deltakarane.Dette gjer det vel ikkje mindre aktuelt å melde seg på fotballskulen i sommar…??⚽️

Torkjell Døving sitt bilete.

Friidrettscup

Friidrettscupen startar opp på Valldal stadion 23. mai kl. 18. Dei to neste cupane på heimebane blir 22. juni og 14. september.
Her er oversikta over alle cupane i 2017: Plakat 2017

Fjelltrimmen 2017

No er postane til fjelltrimmen 2017 på veg ut. Registreringskort kan kjøpast på Spar Valldal. Sjå elles vedlagte informasjon  Trimpostar 2017

Ressursgruppa

Ressursgruppa med sine ivrige støttespelarar har starta opp att sesongen med arbeid på stadion og klubbhus ein gong i veka. Det vert gjort mange små og store oppgåver for idrettslaget og Valldal IL er svært takknemleg for det som vert utført. I tillegg å gjere ein god jobb, er dette også ein triveleg møteplass for ein god prat og ein- eller to –  koppar kaffi. Har du lyst å vere med, møt opp torsdagar kl 18.00 ved klubbhuset. Har du spørsmål, ta kontakt med Reidar Bjørstad

Her kan du sjå rapporten frå gruppa over kva som vart gjort i 2016   ressursgruppa-2016

Sykkeltrim 1. mai

Sykkeltrimmen 2017 er vel gjennomført i eit strålande vårver. I alt 183 store og små vart registrert til start anten på Sylte eller Gudbrandsjuvet. Målet var klubbhuset der det var sal av vaflar, kaffi, saft, mm. Folk sat i det fine solskinet fram til spenninga vart utløyst ved trekking av syklar på startbilllettar. Heldige vinnarar vart Magnus Grønmo og Aud Kristoffersen.

Resultat frå VM

Resultat frå VM 2017. 115 deltakarar i fine forhold på Grønningsæter. Takk for innsatsen i år og velkomen tilbake neste år. God påske!
VM-2017-Deltakarar-8-år-og-yngre  Resultat VM 2017

Magne Eivind Glomnes sitt bilete.Magne Eivind Glomnes sitt bilete.Magne Eivind Glomnes sitt bilete.

Kick-off samling fotball

Fotballsesongen starta for fullt med KickOff Fotballskule m/ Felix & Co måndag – onsdag i påska. Heile 43 deltkarar frå eige lag og gjestar. På grunn av litt dårleg ver var det treningar både på kunstgrasbana og i Martin Linge Huset.  Stor innsats både av trenarar og spelarar.

Torkjell Døving sitt bilete.

 

 

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» frå 2016. Vi bed difor om at medlemmar og alle som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no

 

Støtt kunstgrasbana

Vi treng din hjelp og støtte til å finansiere kunstgrasbana og i den anledning sel vi difor baneandelar til kr. 500. Det er også mogleg å gje gåve til dette prosjektet. Du kan betale inn på prosjektkonto: 3910.52.84172 Hugs å merke betalinga med namnet ditt og at det gjeld «Andel kunstgras» eller «Gåve kunstgras». Sjå elles link for prospekt:

Prospekt kunstgras (.docx)                           Prospekt kunstgras (.pdf)