Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Byttekveld skiutstyr

Tysdag 13. november arrangerar Valldal IL ski bytte/ bruktkveld. Vi åpnar for rigging av utstyr frå kl 1800- 1830. Åpent for bytting/handling 1830 – 2030.  Alle må sjekke bod, kjeller og garasje i dag. Det finna heilt sikkert mykje utstyr som fortsatt er fullt brukbart. Valldal IL ski har open enkel kafe med kaffi og vaflar. Ver med å bidra til at brukt utstyr fortsatt kan gje idrettsglede. Velkommen.

Gjærå TiJo sitt bilete.

Valldal IL – årets langrennsklubb

Under haustmøtet langrenn i Norges Skiforbund vart Valldal IL tildelt utmerkinga «Årets langrennsklubb 2018».  I grunngjevinga vert det lagt vekt på stor aktivitet, stor dugnadsinnsats og vel gjennomført Midt-norsk mesterskap. I tilllegg til Valldal vart også Rindal IL og Hommelvik IL årets langrennsklubb.

Eit slik utmerking må markerast og feirast og skirgruppa inviterar til fest på klubbhuset tysdag 23. oktober kl 19.15 – etter barmarkstreninga. Då vert det kaker, vaflar,  kakao, kaffi.  Alle er invitert til klubbhuset på tysdagkvelden.

Jan Ole Fuglem saman med leiar i langrennskomiteen Norges Skiforbund, Torbjørn Skogstad

Klubben i mitt hjerte

No kan du igjen stemme på «Klubben i mitt hjerte» – som vi sjølvsagt håper er Valldal Idrettslag! Gå inn på  http://www.klubbenimitthjerte.no/  , søk opp Valldal IL og gje di stemme. Det er stemmegjeving kvar dag fram til 26. oktober og kvar dag er det trekning av kr 10.000 mellom dei klubbar som har fått minst 50 stemmer. Så stå på og stem kvar dag.   Husk at i fjor var Valldal IL mellom dei heldige som vann kr 10.000!

Vi søkjer etter ansvarleg for idrettskule

Vi ønskjer å tilby idrettskule for gruppa 1.-4. klasse.Idrettskulen vil vere i idrettshallen, Martin  Linge huset ein gong pr veke i haust og vinter  mellom kl 16.00 – 17.00

Vi søkjer ein-to ansvarlege  for idrettskulen. Alder helst 18 år eller eldre.Lønn etter avtale.

Interessert? Ta snarleg kontakt på post@valldalil.no eller 970 77 165.

Verdas matvaredag

Valldal Bygdekvinnelag inviterar til møte på Martin Linge huset tysdag 16. oktober kl 18.00 i samband med verdas matvaredag. Det vert særleg fokus på kornsorten bygg både gjennom foredrag og smaksprøvar.

Vellykka treningsamling på Ulsheim

Skigruppa gjennomførte årets barmarksamling på Ulsheim 28.-30.september. I alt 38 små og store var med og gjennomførte mange ulike aktivitetar både på rulleski, barkmark og innandørs. Ein del av gruppa hadde også skytetrening. Stor innsats og kjekke dagar trass litt varierande verttilhøve.

REIN KLUBB

Styret i idrettslaget har gjort vedtak om at Valldal IL skal sertifiserast som «Rein klubb» med omsyn til doping. I den forbindelse får vi besøk av  Antidoping Norge.

Tysdag 18. september kl 1930 på klubbhuset Omenås (etter skitreninga)

Dei vil halde eit foredrag på omlag 45 minutt med tema:
Dopinglista
Dopingkontrollen
Medisinsk fritak
Kosttilskudd
Ren utøver

Dette passar for utøvere 12 år og eldre og gjeld for heile idrettslaget. Også at leiarar, trenarar, foreldre og alle som er interessert bør møte

Mot ny skisesong

Skigruppa har starta opp med fellestreningar både utandørs og innandørs. Her er plan fram til haustferien Aktivitetsplan hausten 2018  Som tidlegare år er det samling på Ullsheim siste helga i september

Tine fotballskule 10. – 12. august

Då er enno ein super Tine Fotballskule gjennomført på Valldal stadion👍🏻
60 born og instruktørar (og ein del føresette) trossa regnet på fredag, og vart belønna med ganske godt vér laurdag og søndag😎 Fotball vart det iallefall rikeleg av😁⚽️⚽️

Torkjell Døving sitt bilete.

Fjelltrimmen 2018

Trimkorta er no i sal på Spar – HL Muri. På kortet er det ialt 18 turar av ulik lengde og vanskegrad i Valldal, Fjørå og Tafjord. Mange flotte premiar kan vinnast av dei som deltek. Her er kart og beskrivelse av turane Fjelltrim 2018

 

Norsk Skimerke 

Her finn de oversikt over godkjente prøvar til Norsk Skimerke Skimerkeprøver 2018 Det er avmerka årstal og kor mange prøvar kvar enkelte har avlagt. Lista inneheld over 720 navn og historikken går omlag 50 år bakover i tid! Truleg er det fleire som har godkjente prøvar utanom lagsrenn/Valldalsmesterskapet, men det er kun dette rennet som er med.

Det er sjølvsagt muleg å få kjøpe utmerkingar etter kvart som tilstrekkeleg antal prøvar er gjennomført. Ta i så fall kontakt med skigruppa. Her er reglar for prøver og registrering og bilete og prisar

NM til Valldal!!

Norges Friidrettsforbund har tildelt Valldal IL NM i mobakkeløp 2019. Meisterskapet vert lagt til Mefjellet Opp. Truleg vert arrangementet flytta fram til juni for at at det også skal vere uttaksløp for EM i motbakkløp. Dette vert spennande og så vidt vi kjenner til vert dette det første offisielle NM med Valldal IL som arrangør.

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no

 

 

Aktivitet