Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Treningskjorte

No er sommersesongen godt i gang. Valldal IL  ski, friidrett og disksport har samarbeidd om å skaffe ei felles skjorte for trening, fritid og konkuranser i den varme årstida. Dette er ei topp teknisk t-skjorte frå BD teamwear ( veil pris 690.-) Vår utsalgspris gjennom samarbeid med sponsorane, Sport 1 Tomra, Sparebanken Møre, HL Muri og Systemelectro blir kroner 200.- . For å få den klar til dei viktige konkuransane må vi ha kort bestillingsfrist. Send sms til 41431663 innen tirsdag 7 mai kl 2000. Evt spm rettes til samme tlf evt jan.ole.fuglem@gmail.com

Friidrettscup 2019

Datoane for årets friidrettscup er klare.
Det blir tre cupar i Valldal, to i Liabygda og Storfjordstemnet i Eidsdal som inngår i cupen. Premie til dei som deltek på tre cupar, der ein må vere på bortebane.  Plakat 2019

 

PÅMELDING TIL TINE FOTBALLSKOLE I VALLDAL 9.-11. AUGUST 2019

Då opnar vi for påmelding til årets Tine Fotballskole i Valldal.

Aldersgruppe: 6, 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år
Tid: 9. – 11. august, kl. 10.00 – 16.00
Stad: Valldal stadion
Påmelding innan: 31. juli

Deltakaravgift: kr 750,-

Pris for søsken: kr 500,-

Vi har eit «tak» på 60 deltakarar og det er først til mølla som gjeld. Meld på så snart som mulig (bindande påmelding) slik at plassen er sikra!

Send påmeldinga til epost: fotball@valldalil.no og oppgje følgjande informasjon:

1. Namn på deltakar:
2. Adresse:
3. Fødselsdato:
4. Foresatt:
5. Foresatt epost:
6. Foresatt telefon/mobil:

Alle deltakarane får som vanleg ein flott utstyrspakke frå Tine. Les meir her.

Kontaktperson: Anett Helen Steinnes, mob. 900 28 229 eller anettsteinnes@hotmail.com

 

VM på ski

Tradisjonen tru vart VM på arrangert på skjærtorsdag. Denne gongen på Grønningsæter-Høghjelle der det var flotte forhold. I alt 112 deltarakar stillte til start, ein god del av desse gjester som er på påskebesøk i Valldal.  Her er Resultat VM 2019

Marknad

Årets marknad vart vart gjennomført på  Martin Linge huset  laurdag 6. april frå kl 15.00. Det var åresal, lynlotteri, tombola og trekking av gevinstar på lister. Matsal med tilhøyrande kaffi eller brus gjekk strålande. Det var også historiske tilbakeblikk i laget si 100 årige historie både gjennom bileter og korte referat frå møtebøkene.

Takk til alle som bidrog med gevinstar, kaker og bedrifter som gav større premiar. Og – ikkje minst takk til alle som møtte opp og støtta Valldal IL.

NM motbakkeløp – Mefjellet Opp 2019

Er du klar til Mefjellet Opp med innlagt NM motbakkeløp,  laurdag 22. juni? No kan du melde det på via EQtiming

Sjå også Mefjellet Opp si heimeside.

REINT IDRETTSLAG

Styret i idrettslaget har gjort vedtak om at Valldal IL skal sertifiserast som «Reint idrettslag» med omsyn til doping.

Dette passar for utøvere 12 år og eldre og gjeld for heile idrettslaget. Laget har fått godkjenning på det arbeidet som er gjort og er no «Reint idrettslag»

 

Norsk Skimerke 

Her finn de oversikt over godkjente prøvar til Norsk Skimerke Skimerkeprøver 2018 Det er avmerka årstal og kor mange prøvar kvar enkelte har avlagt. Lista inneheld over 720 navn og historikken går omlag 50 år bakover i tid! Truleg er det fleire som har godkjente prøvar utanom lagsrenn/Valldalsmesterskapet, men det er kun dette rennet som er med.

Det er sjølvsagt muleg å få kjøpe utmerkingar etter kvart som tilstrekkeleg antal prøvar er gjennomført. Ta i så fall kontakt med skigruppa. Her er reglar for prøver og registrering og bilete og prisar

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no

 

 

Aktivitet