Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Kontrollutval

Valldal idrettslag har oppretta og vald kontrollutval i samsvar med laget si reviderte lov. Kontrollutvalet erstattar revisorane oghar ein utvida funksjon. Det skal følgje opp laget gjennom heile året og m.a.  kontrollere at vedtak i årsmøte og styret vert følgd opp. Utvalet skal også sjå til at laget har ei forsvarleg økonomistyring. Reidar Bjørstad og Olav Løvoll er medlemmer i kontrollutvalet med Hegelin Waldal som varamedlem.

Aktivitetar

Aktiviteten i Valldal idrettslag kjem gradvis i gong att i løpet av august. All aktivetet skjer innarfor gjeldande retningslinjer for smittevern

Fotballen starta opp med spel i aldersbestemte klasser tysdag 17. august. Gutar 10 år innleia sesongen med kamp mot Sykkylven. No går det slag i slag utover hausten. Diverre får ikkje seniorlaget starte opp med ordinære treningar og kampar.

Friidrett startar opp med friidrettscup torsdag 20. august på Valldal stadion. Deretter vert det cupar tysdag 1. sept og torsdag 17. sept. Alle på stadion. Start kl 18.00. Påmelding frå kl 17.30. Deltaking i to cupar gjev samanlagtpremie. Sjå vedlagte Plakat friidrettscup 2020

Langrenn og skiskyting har starta med fellestreningar på rulleski på tysdagar. Skiskyting på torsdagar på Krikane. Etter haustferien vert treningstilbodet utvida ved fleire fellestreningar.

Disksport har aktivitetar på bana på Jemtegård, m.a. Vekas runde.

No er det flotte dagar i for turar i skog og mark, og til fjells. Trimpostane står ute. Har du ikkje kjøpt kort, er desse framleis til sals på SPAR. Bruk gjerne appen Georeg for registrering av besøk på postane.

Retningslinjer betalingsordning – betalingsfritak

Valldal IL har vedteke retningslinjer for betalingsfritak av diverse avgifter og betalingar, sjå vedlagte Betalingsordning-betalingsfritak

Medlemskontingent 2020

Sterkt forseinka – som så mykje anna i år – er det no sendt ut faktura for medlemskontingent 2020. Faktura vedlagt i e-post kan brukast eller det kan betalast direkte i «Min idrett». Kontingenten er sett ned i høve til 2019 og det er innført ei ny kontingentgruppe, «ungdom 18-24 år» med redusert kontingent.
Vi vonar mange framleis vil betale kontingent og vere medlem, det er viktig for idrettslaget på fleire måtar.
Var du medlem i fjor og ikkje har fått faktura eller ønskjer å verte medlem i Valldal IL, ta kontakt så ordna vi det.

Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:

Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.