Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Skirenn i Valldal laurdag 16. desember

Bjorlirennet 16. desember er flytta til Valldal
Dette er opningsrennet i Sparebanken Møre cup 2017/2018.
Emblem IL er arrangør. Valldal IL hjelper til.
Fristil, individuell start frå kl 1300. Klasser frå 8 år. Om lag 90 påmeldte.

Treningsdag – ski

Søndag 17. desember inviterer skigruppa i Valldal IL til dagsamling på Omenås. Invitasjonen går til klubbar i sone indre Sunnmøre og andre som har lyst til å vere med. Start første økt kl 1000. Fristil. Mat ca kl 1145. Start andre økt kl 1245. Eldste gruppe klassisk stil. Yngste gruppe fristil. Gruppene vert sett opp når vi ser kor mange som melder seg på. Påmelding til Jan Ole innan torsdag kl 2200. Sms 41431663/e-post: jan.ole.fuglem@gmail.com

Lysløypa

Pr 15. desember er det flotte forhold i lysløypa. Sjølv i ei travel førjulstid bør det vere tid til å ta ein runde eller to eller… Løypa vert preparert til kl 18.00 på kvardagar og kl 12.00 laurdag og søndag.

Vintertrim

Alle fire vintertrim postane er no komne på plass. Postane er som tidlegare: Klovset, Høghaugen på Gjerde, Lysløypa på Myklebustsida og Valldalssætra.
Det vil bli trekt ut premiar på bøkene til våren.
God tur!

Svaret på spørsmålet i neste artikkel….. Valldal IL!!

Ved Sunnmøre Fotballkrets sin fotballgalla laurdag 9.12 vart Valldal IL vinnar av to gjeve prisar, Årets arrangør av miniturnering og Årets arrangør av Tine fotballskule.  Vel fortent heider til fotballgruppa som har gjort eit kjempearbeid med desse to turneringane, i tillegg til alt anna godt arbeid dei gjer.

Per Magnus Berdal sitt bilete.

Torkjell Døving og Anders Rem tok mot prisane på vegne av fotballgruppa

Kven blir vinnarar av årets fotballprisar?

Sunnmøre fotballkrets skal under fotballgallaen laurdag 9. desember hedre kommunar, klubbar og personar for godt arbeid. Det er blant anna 7 prisar som skal delast ut og vi markerar oss godt ved å vere nominert i tre av dei!

  • Norddal kommune er nominert med Haram kommune og Sandøy kommune til Årets fotballkommune (diplom).
  • Valldal IL er nominert med Larsnes IL og Stranda IL til Årets arrangør av miniturneringar (diplom + 5.000 kr).
  • Valldal IL er nominert med Spjelkavik IL og Volda TI til Årets arrangør Tine Fotballskule (diplom/plakett + minimål).

Meir info finn du på kretsens heimesider.

Her kan du lese kretsstyrets flotte Grunngjeving for dei nominerte.

«Klubben i mitt hjerte»

Valldal IL vinnar av kr 10.000 på ei dagstrekning! Takk til alle som har stemt.

Trim på torsdag

Dame- og herretrim på torsdagar på Martin Linge-huset  er delt i to salar frå kl 19-21. Det er fast badminton-trening i sal 3 organisert av Weronica og Gro Marita Du må ikkje vere god i badminton for å kome på trening – her lærer vi alle undervegs 😀
Men vi har altså veldig god plass i sal 2, så for den som føler seg kalla til f.eks volleyball, innebandy eller basketball så møt opp på torsdagar til valfri aktivitet!

Klubbhuset

Det er starta med oppussing av salen på klubbhuset. Det skal leggast lydplater i taket, veggar skal målast og det skal leggast nytt golv. Også lys skal fornyast.

Dette gjer at det ikkje vil vere muleg å leige eller bruke klubbhuset i oktober og november. Kjøkken og møterom er tilgjengeleg.

Arbeidet skal gjerast på dugnad og vi håper dei som får spørsmål om å hjelpe til har høve til å vere med. Og – hugs tidspunktet for avtalt oppmøte!

Vellykka skisamling på Ulsheim i Stryn

I alt 40 små og store hadde ei super treningshelg på Ulsheim 22.-24. september. Mykje kjekke aktivitetar med vekt på leik og moro. I tillegg er det kjekt å vere i lag på tur.

Gjærå TiJo sitt bilete.

Utstyr – ski/vinter

Det vert handlekveld hos Sport 1 Tomra på Vestnes onsdag 8. november. Det vil vere muleg å bestille klubbdressar også i år, overtrekksdress/vest (Bjørn Dæhli) og konkurransedress (Trimtex) Ta kontakt med Jan Ole Fuglem i skigruppa snarast og innan 1. oktober

NB! Det er pr 1. november framleis muleg å bestille utstyr. Ta omgåande kontakt med Jan Ole Fuglem

Trening i skigruppa

Skigruppa har i haust følgjande trenningstilbod

  • Tysdagar, kl 18.00   barmark på klubbhuset  frå 1. klasse og oppover
  • Onsdag  kl 19.00   basistrening Martin Linge huset   frå 4. klasse og oppover   Passar for alle!!
  • Torsdag kl 18.00  skiskyting Myklebust  frå 1. klasse og oppover

Norddalstafetten

Norddalstafetten vart arrangert på Valldal stadion med heile 17 deltakande lag torsdag 31. august.
Her er resultata. Norddalstafetten-Resultat 2017

Midtnorsk mesterskap – langrenn i Valldal 3.-4. februar 2018

Valldal IL inviterar til Midtnorsk mesterskap i langrenn 2018 for klassene 13-16 år. Det er klassisk stil laurdag 3. februar og fristil søndag 4. februar. Sjå invitasjon her:  MNM2018_VIL_Invitasjon

Tine Fotballskule

Tine Fotballskule vart gjennomført på Valldal stadion 11.-13. august med omlag 60 deltakarar i aldersgruppa 6-12 år. Stor innsats av spelarar og takk til dyktige instruktørar, kjøkkenpersonale og andre hjelparar.

Torkjell Døving sitt bilete.

 

Fjelltrimmen 2017

No er postane til fjelltrimmen 2017 på veg ut. Registreringskort kan kjøpast på Spar Valldal. Sjå elles vedlagte informasjon  Trimpostar 2017

Ressursgruppa

Ressursgruppa med sine ivrige støttespelarar har starta opp att sesongen med arbeid på stadion og klubbhus ein gong i veka. Det vert gjort mange små og store oppgåver for idrettslaget og Valldal IL er svært takknemleg for det som vert utført. I tillegg å gjere ein god jobb, er dette også ein triveleg møteplass for ein god prat og ein- eller to –  koppar kaffi. Har du lyst å vere med, møt opp torsdagar kl 18.00 ved klubbhuset. Har du spørsmål, ta kontakt med Reidar Bjørstad

Her kan du sjå rapporten frå gruppa over kva som vart gjort i 2016   ressursgruppa-2016

 

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» frå 2016. Vi bed difor om at medlemmar og alle som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no