Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Olsok 2020

Den amputerte olsokfeiringa vart gjennomført i form av Jordbærdilten og konsert i samarbeid med Fjellro

På Jordbærdilten deltok i alt 80 løparar i konkurranseklassene og 52 i mosjonsklassa. Her er resultatlista for konkurranseløparane Resultat jordbærdilten 2020

Konserten i Fjellrohagen med Ferdafolk forsterka med Anne Sofie Linge Valdal og Øystein Sandbukt var ei flott stund for dei som var til stades. Diverre var publikumsoppslutninga heller dårleg og godt under det som var forventa.

Medlemskontingent 2020

Sterkt forseinka – som så mykje anna i år – er det no sendt ut faktura for medlemskontingent 2020. Faktura vedlagt i e-post kan brukast eller det kan betalast direkte i «Min idrett». Kontingenten er sett ned i høve til 2019 og det er innført ei ny kontingentgruppe, «ungdom 18-24 år» med redusert kontingent.
Vi vonar mange framleis vil betale kontingent og vere medlem, det er viktig for idrettslaget på fleire måtar.
Var du medlem i fjor og ikkje har fått faktura eller ønskjer å verte medlem i Valldal IL, ta kontakt så ordna vi det.

Aktivitetar

Aktivitetar kjem sakte i gang att. Disksport har aktivitetar på bana på Jemtegård camping. Fjelltrimmen er i gang, kjøp trimkort på Spar eller registrer turar på GeoReg.

Fotballen kjem ikkje i gang med kampar før etter ferien, men treningar er i gang innanfor gjeldande smittevernreglement Friidrett har planlagd tre stemne i friidrettscupen etter skulestart. Ski og skiskyting vil starte med treningar på ettersommaren.

Mefjellet opp vert arrangert som planlagd søndag 28. juni, men på ein annan måte enn vanleg. Sjå www.mefjelletopp.no.

Det vert ikkje tradisjonelt olsokarrangement, men det vert prøvd å gjennomføre nokre aktivitetar, t.d. Jordbærdilten.

Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:

Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.