vi kan – vi VIL

Fjelltrimmen 2012

Trimpostar er sett ut på 12 ulike turmål frå Muldalen via Vardefjell til Osten i Veslelangdalen. Turkort for registrering av turar kan kjøpast på Spar – H.L. Muri eller MiniRimi i Valldal.

Turmål –

1. Vardefjell  
2. Fremstevatnet i Valldalsbotn
3. Muldalen
4. Heggesætra
5. Berilldalskoppen
6. Osten i Veslelangdalen
7. Heisetra
8. Olavsvegen mellom Gudsbrandsjuvet og Grønning
9. Mefjellet
 Flott utsikt på veg til Mefjellet
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
10. Heggurdalstølen
11. Brekka
12. Trollkyrkjebotn

Trimpost i Trollkyrkjebotn

———————————

 Vekas tur

Vekas tur vert gjennomført i perioden juni – august til ulike turmål i Norddal kommune. Dette er eit flott tiltak som gjev høve til å gjere seg kjent i vår eiga kommune.  Det er med kjentfolk på turen som orienterar om området. Oversikt over alle turane gjennom sommaren ser du her Vekas tur 2012

For detaljert informasjon om turane, følg med på Norddal kommune sine nettsider.

——————————–

 Øvre Valldal Grendelag

Øvre Valldal Grendelag arrangerar følgjande fellesturar sommaren 2012:

2. juli               Steindalen             Frammøte:  Grønningsæter kl 18.00

9. juli              Kulehytta                Frammøte: Slettvikane kl 18.00

16. juli            Osten                       Frammøte: Øvstestølen kl 18.00

23. juli           Berilldalskoppen   Frammøte: Nedstestølen kl 18.00

30. juli           Skarfjellenden       Frammøte:  Alnesreset kl 18.00

6. august       Bispevatnet            Frammøte:  Trollstigen kl 18.00

———————————

Jordmormarsjen

Jordmormasjen vert i år gjennomført laurdag 11. august. Start frå Eidsdal, Prestegarden i Dalsbygda, Herdalsosen eller Sødalsvika og innkomst i Muldal. Valldal IL er saman med fleire andre lag og organisasjonar medarranggør.  Sjå også www.jordmormarsjen.no

 

Aktivitet