vi kan – vi VIL

PÅMELDING TIL TINE FOTBALLSKOLE I VALLDAL 11-13. AUGUST

Alder: 6 – 12 år
Tid: 11-13. august kl 10.00 – 16.00
Stad: Valldal stadion
Påmelding innan: 28. juli -17
Pris: kr 500,- (søskenmoderasjon kr 250,-)

Send påmeldinga til epost: todoevi@online.no og gi følgjande informasjon:
1. Namn på deltakar:
2. Adresse:
3. Fødselsdato:
4. Foresatt:
5. Foresatt epost:
6. Foresatt telefon/mobil:

Vi har eit «tak» på 60 deltakarar, så her er det først til mølla som gjeld.

Visste du at fotballskulen i Valldal er ein av over 450 fotballskular som vann ein ekstra stor utstyrspakke frå NIKE? Les om utstyrspakken her

Dette betyr at alle deltakarane får denne pakken i tillegg til sekk og drakt etc frå Tine.
Les meir om kva deltakarane får frå Tine her

Meld på snart som mulig (bindende påmelding) slik plassen er sikra!

 

Fotballturnering

Laurdag 10. juni vart det arrangert fotballcup for lag med spelarar 6-8 år på Omenås. Dette var ein kretscup og ialt 38 lag var til stades. Det var stor innsats og  spelt  kampar gjennom heile dagen på begge banene. Eit godt gjennomført arrangement med mange gode tilbakemeldingar trass litt småsurt ver. Mange stod på og gjorde ein stor innsats med alle arbeidsoppgåvene som må til for å gjennomføre ei så stort arrangement. Truleg var 500-600 store og små tilstades denne laurdagen.

Anett Helen Steinnes sitt bilete.Anett Helen Steinnes sitt bilete.Anett Helen Steinnes sitt bilete.

Programblad 2017

Kick-off samling fotball

Fotballsesongen starta for fullt med KickOff Fotballskule m/ Felix & Co måndag – onsdag i påska. Heile 43 deltkarar frå eige lag og gjestar. På grunn av litt dårleg ver var det treningar både på kunstgrasbana og i Martin Linge Huset.  Stor innsats både av trenarar og spelarar.

Torkjell Døving sitt bilete.

Kunstgrasbana  klar til sesongen

Bana er rydda og det siste snøfallet har smelta vekk

Torkjell Døving sitt bilete.

 Futsalserien G14 – J16

Laurdag 11. februar var det for første gong futsalturnering i Martin Linge hallen. Det vart turnering både for G14 og J16. I G14 hadde Valldal med 2 lag, medan i J16 var Valldal ikkje representert.  Sjå resultat her G14 og J16

Audun Skjervøy sitt bilete.

Påmelding til fotballsesongen 2017

Det er no tida for å melde på lag til sesongen 2017. Fristen er søndag 8. januar og påmeldinga skal sendast til styreleiar Torkjell Døving på todoevi@online.no.

Påmeldinga skal minimum innehalde følgjande informasjon.

1. Namn (Fornamn og etternamn)
2. Fødselsdato (dato+år)
3. Postadresse
4. E-postadresse
5. Telefonnr
6. Namn på føresette

Sjå også Påmeldingsskriv 2017

Kr 50.000 til Valldal IL-fotball

Canal Digital sitt samfunnsprosjekt «Gir tilbake» ,  har tildelt Valldal IL -fotball kr 50.000. Sjekken vart overlevert i pausen under fotballkampen mellom  Aafk – Molde på Color Line stadioen 14.august. Midlane skal brukast til utstyr i idrettsdelen i Martin Linge huset og på den nye kunstgrasbana. Dette gjev grunnlag for enno betre fotballspelarar både i Valldal og kommunen.

Gir tilbake                                                   Fornøgde valldalingar på Color Line

Som oppfølging av utdelinga på Color Line Stadion var det tysdag 16. august, besøk frå TV 2 saman med kaptein på Aafk, Bjørn Helge Riise, på Idavollen stadion. Omlag 50 fotballspelarar i ulike alderar var møtt fram og fekk ei treningsøkt saman med Bjørn Helge Riise. I tillegg var det autografskriving og spørrerunde. Sjå TV-innslaget her. Sjå også biletserie på Aafk sine nettsider her

IMG_0545IMG_0548IMG_0547

Påmelding til fotballsesongen 2016

Det er såvidt vi er ferdige med ei vellukka 2015-sesong, då vi må tenkje på neste sesong. For å vite kva lag vi skal melde på til kretsen, er vi avhengig av tilbakemelding på kven som vil vere med. Sjå korleis du melder på her påmeldingsskriv for 2016

Vi ønskjer alle velkommen til ein ny sesong.

Sesongen 2016

Valldal IL stiller i vårsesongen 2016 med 11 lag.

Desse laga spelar miniturneringar: J07, G08, J08 og G09.

Desse laga spelar serie: G11, J11, G13, J13, G14, J16 og Herrelag.

Du som lagleiar, trenar, dommar, foreldre eller supportar kan følgje med på oppdatert kampoppsett for ditt eller dine lag på gratisappen MinFotball. Den er knytt opp mot fiks.no (Fotballens Informasjons- og KommunikasjonsSystem) som NFF brukar. På appen kan du ha mange favorittlag, som til dømes J11, G14, AaFK og Molde.

MinFotball kan du få:

  • kampoppsett for eitt eller fleire favorittlag
  • resultatvarsel
  • reiserute til kamparenaer
  • synkronisering til kalender (ev. med varsel)

 

Påmelding til fotballsesongen 2016

Det er såvidt vi er ferdige med ei vellukka 2015-sesong, då vi må tenkje på neste sesong. For å vite kva lag vi skal melde på til kretsen, er vi avhengig av tilbakemelding på kven som vil vere med. Sjå korleis du melder på her:

Vi ønskjer alle velkommen til ein ny sesong.

Bingo søndag 22. november

Fotballgruppa invitere til bingo på Valldal skule søndag 22. nvoember kl 1700. 21″ frå kl 1630. Flotte gevinstar. Røvar kr 1500. Sal av kaffi og kaker. Støtt fotballgruppa! Velkomen!

Første kamp…

Då er første offisielle fotballkamp spelt på kunstgrasbana. Det var ein uhyre jamn kamp publikum fekk vere vitne til og det bølga fram og tilbake. Tina Holvik Kvalheim og Ørsta skåra etter 20 sek., men Valldal snudde det før pause. Synne Hovden utlikna etter samspel med Emilie Heggen og Kristiane Sandnes førte VIL opp i leiinga etter langt utspark frå Karoline Lingaas. 2-1 til pause. Ørsta utlikna, men Emilie skåra på pasning frå Ina Indreeide. Ørsta fekk utlikne på ny og mot slutten bølga det fram og tilbake. Ein kjempestor sjanse til kvart lag det siste minuttet kunne bikka resultatet den eine eller andre vegen. Det blei 3-3 på denne fine grønne kunstgrasbana på Idavollen. Kjempekjekk oppleving . Tusen takk til kioskvakta?, publikum ?, dommar ?og andre innvolverte ?.

Richard Moen's photo.
Richard Moen's photo.

Fotografering av fotballaga (ny: laurdag 25/4)

Det var fleire lag som ikkje kunne på oppsette tider pga kampar og anna arrangement. Vi har difor i samråd med fotografen laga nytt oppsett for fototider fordelt på to dagar. Sjå oppsett nedanfor.

Sunnmørsposten vil fotografere alle aldersbestemte lag i regionen og i det høve kjem Foto-Expressen inn til Valldal og klubbhuset på Omenås. Alle spelarane får med seg lappen FOTOGRAFERING og det er svært viktig at foreldre/føresette fyller ut denne viss spelaren skal fotograferast. Sidan lagbilde skal publiserast offentleg, blir det ikkje tatt bilde av barn utan underskrift!

HUGS DRAKT!

Her er tidene for oppmøte tysdag og onsdag:

Tysdag 28.april

Oppmøte

Fototid

Lag

Kl.16.20

kl.16.30

G08

Kl.16.50

kl.17.00

J08

Kl.17.20

kl.17.30

G12

Kl.17.50

kl.18.00

G13

Kl.18.20

kl.18.30

G16

Kl.18.50

kl.19.00

J16

 

Onsdag 29.april

Oppmøte

Fototid

Lag

Kl.16.20

kl.16.30

G10

Kl.16.50

kl.17.00

G09

Kl.17.20

kl.17.30

J11

Kl.17.50

kl.18.00

G06

Kl.18.20

kl.18.30

J13

Oppdatert laurdag 25.april kl.14.00.

Treningsdressar frå Rognve

Det er fleire som ønskjer seg nye klubbdressar og vi trommar difor saman ei bestilling til Rognve. Skriv kva storleik du vil ha og kor mange og send til Hege Bjørstad på mail hege.bjorstad@mimer.no eller sms/tlf. 48 18 54 37. Frist: fredag 22.mai. Klubbdress Valldal IL

Snart fotballsesong

Fotballsesongen nærmar seg og vi har i år 11 lag med. Eigentleg kan vi seie 12 lag, sidan 6-åringane stiller to lag. Supert.

Kampoppsettet for 11-åringane og eldre er no klart og du finn dei på laga sine sider under Sesongen 2015. Heimekampane våre er samla under Kampoppsett i Sesongen 2015. Du kan også bruke kalenderen til å finne ut kva som skjer i Valldal.

Fotballgruppa arrangerer bingo søndag 23. november

Møt opp på fotballgruppa sin årlege bingo søndag 23. nov. kl. 17.00 på samfunnshuset. Det blir sal av 21. frå kl. 16.30. Mange flotte premiar!!

«Motivasjons- og tipskveld» for trenarar og lagleiarar

Måndag 1. september kl. 1700-ca. 21.00 arrangerer fotballgruppa «Motivasjons- og tipskveld» for alle trenarar og lagleiarar på klubbhuset. Vi får besøk frå fotballkretsen som vil stå for både ei teoretisk økt inne og ei praktisk økt ute på bana. Det blir høve til å diskutere kva fotballgruppa t.d. skal satse på framover. Dette trur vi blir både nyttig og motiverande!

Norway Cup 2014

Valldal er representert med 2 lag i Norway Cup. Samarbeidslaget Valldal/Norddal/Eidsdal/ Geiranger i gutar 15/16 år gjorde det svært godt i grupppespelet. Som vinnar i gruppa med eit tap og to solide sigerar, gjekk dei vidare til A-sluttspelet. På onsdag ettermiddag spelte  dei 1/16 finale mot Dyre Vaa/Vinje og det vart ny siger, denne gong 2-0.og klar for 1/8 finale. Denne vart spelt på torsdag med Åndalsnes på motsett halvdel. Dette var ein hard motstandar og det enda med tap 1-7. Likevel ein flott innsats av gutane som dei skal vere stolte av.

7-ar jentelaget 15/16 år fekk eit tap, ein uavgjort og ein siger i gruppespelet. Tredjeplass førte vidare til 1/16 finale i B-sluttspelet . Kampen mot Paces enda med klar siger 4-0 for valldalsjentene. På onsdag formiddag vart det ny siger etter ein spennande kamp mot Gjekstad/Østerøya IF. Etter 2-2, vart kampen avgjort på straffar i Valldal sin fordel med 5-4. Kvartfinale på ettermiddagen mot Sandviken/Varegg2 vart like spennande,   3-3 ved ordinær tid og  etter ekstraomgangar. Diverre gjekk straffane i Valldal sin disfavør og Norway-Cup eventyret var slutt for denne gongen. Flott innsats av jentene også!!

NC2Nnc2014Nc12014

 

 

God stemning både på og utanfor bana.  NC3

.NC

 

 

 

 

Treningstider fotball på Valldal stadion vår-14

Måndag:

16.30-18.00: G08

16.45-18.00: G07

20.00-    Herretrening

Tysdag:

16.45-18.00: J08

17.30-19.00: J11

18.00-20.00: J16

19.00-20.30 G14

Onsdag:

18.00-19.45: G16

18.45-20.15: G11

Torsdag:

17.30-19.00: G14 og J10

19.00-20.30: J14

19.00-21.00: J16

Fredag:

17.15-18.45: G10

Årets fotballkommune

På kretstinget til Sunnmøre Fotallkrets vart Norddal kommune kåra til årets fotballkommune. Mange aktive barn og unge i forhold til folketal, og realisering av kunstgrasbane i Eidsdal vart nemd som grunngjeving. Gratulasjonar til aktive, trenarar og leiarar i Valldal IL og Norddal/Eidsdal/Geiranger FK.

Lyst på kurs for rekrutteringsdommarar?

Valldal IL, fotballgruppa, skulle så gjerne hatt fleire til å ta rekruteringsdommarkurs. Dette er det nest lavaste nivået på «dommarskalaen». Det lavaste nivået er klubbdommarkurs. Dette kan 14-åringar og eldre ta. Det går over ein kveld – 3 timar. Alle på aldersbestemt nivå fødd i 2000 og tidlegare får tilbod om dette. Vi samarbeider med NEG om eit slikt kurs. Det blir i Eidsdal 24. april. Når det gjeld kurs for rekruteringsdommarar, er vi svært interesserte i å kome i kontakt med dei som kan tenke seg dette. Ta kontakt med Anders Rem. Han er fotballgruppa sin dommaransvarlege.

Fotballgruppa sine sparekort er i sal

Du vil snart på besøk på døra med spørsmål om å kjøpe kortet. Det kostar kr 150,- Her er mange gode rabattar – mykje å spare! Les meir detaljert om sparekortet under «Fotball» her på nettsida. Nytt av året er gratisbillettar på Fjordtrim og Tafjord Friluftsbad 🙂

KM i futsal for G16

Valldal/NEG spelte søndag 19.02. B-sluttspel i Futsal-KM i Gomerhallen på Skodje. Her gjorde dei god figur, men det var heilt klart litt surt å ha scora eitt mål for lite til å gå vidare til sluttspelet. Gutane vann siste kampen 4-3 mot Langevåg. Futsal

Bingo søndag 17. november

Fotballgruppa sin «storbingo» blir i år igjen arrangert på Valldal samfunnshus søndag 17. nov. kl 18. Det blir sal av 21. frå kl. 17.30. Vi har svært flotte premiar med røvar på 1500,- Møt opp – dette blir bra 🙂

 

 Fotballgruppa tek ny runde med fiskesal

Dette gjer vi i samarbeid med Atlantic Seafood som har sjøfrosen fisk av svært høg kvalitet. Bestillinga må Ellisiv Jarvik (ellisiv_@hotmail.com) ha seinast torsdag 17. okt. kl. 18.00. Fisken må hentast og betalast kontant på kaia på Sylte torsdag 24. okt. kl. 18.00. Fotballgr. tener 25% av det vi sel for. Dette kan vi tilby:

Kveiteskiver 5 kg 600,-     Røykt torsk 3 kg 400,-    Lettsalta torsk 3 kg 400,-     Torskalions u/skinn, bein 5 kg 600,-    Klippfisk i serv.stk. 3 kg 350,-      Klippfisklions (ryggstykke) 3 kg 1000,-    Kvalkjøtt 2 kg 400,-    Panert hysefilet 5 kg 500,-      Laksefilet beinfri i serv.stk. 3 kg 400,-      Røykt laks heil side 150,-

bilde

Kjempekamp av J16!

Jentene var skikkeleg gira på siger i lokaloppgjeret mot NEG (Norddal/Eidsdal/Geiranger) 3. september på Valldal stadion. Til pause var stillinga 3-2. Jentene viste skikkeleg stå-på-vilje og spelte svært god fotball. Det heile enda til slutt med siger til Valldal 11-2. Gleda var enorm både blant spelarane og eit svært entusiastiske publikum!

Haustsesongen er i full gang!

Fotballgruppa starta haustsesongen med treningshelg for G/J13 og eldre på stadion 16. – 18. august. Ca. 30 spelarar deltok. Nokre overnatta også på klubbhuset. Dette var positivt og kjekt! Seriekampane er no i full gang. G16 har spelt to kampar som har gitt to sigrar – den eine med 1-27. Gutane tronar no øvst på tabellen. Også J16 har hatt ein knallstart med to sigrar og eitt tap. G14 har ein siger og eitt tap. G13, som no i haustsesongen spelar i 1. divisjon etter å ha vunne alle sine kampar i vår, har spelt berre ein kamp. Denne enda med tap mot Hareid. J13 har starta med eit tap og ein siger. Det blir mange spennande kampar  på stadion i tida framover! Følg med på kampoppsettet på kalenderen her på nettsida.

Grasbana STENGT!

Torsdag 20. juni kl. 20.00 er vårsesongen over for våre fotballgutar og -jenter. Då blir grasbana stengt for sommaren. Vi skal så mellom grastustene som er der, gjødsle og vatne. Dette håper vi er nok til at grasmatta blir fin til haustsesongen. Det er svært viktig at bana no får kvile. Det vil bli sett opp nokre fotballmål på grusbana. Desse kan nyttast av dei som har lyst til å spele fotball i sommar.

16 og G14 til Seljecup

Desse to laga deltek i helga 14. – 16. juni på stor fotballcup på Selje. Forventingane til mykje moro er store!

Flott start for G13!

Valldal sitt G13 lag har hatt ein super start på sesongen! I dag møtte dei Brattvåg og slo desse 3-10. Til pause var stillinga 1-1, men i andre omgang tok Valldal fullstendig kommandoen. Tidlegare har dei slått Harøy 7-4 og Stordal 6-5. Torsdag skal dei møte tabelltopp Ørskog på bortebane. Dette blir nok ein tøff kamp. Vi ønskjer dei lykke til!

Vi treng fotballtrenar

Gutar 13 treng trenar frå 1. april. Trenaren må vere rettferdig, engasjert, motiverande og interessert i fotball. Laget trenar ein gong i veka i tillegg til dei kampane dei spelar. Har du lyst tek du kontakt med lagleiar Yvonne Dale, tlf.: 93 4634 50 / yvonne.dale@mimer.no

Fotballgruppa sine «Sparekort»

Sparekorta er under trykking og vil bli seld «på dørene» i løpet av ikkje altfor lenge. Ha klar 150,- kroner – her kan du både spare mykje pengar og støtte fotballgruppa! Sparekorta er litt forandra frå i fjor. Nokre bedrifter har forandra på kva du får tilbod på, andre er heilt nye t.d. Berits gategrill. Les meir om dette under «fotball» og «sparekort»

Påsketurnering i fotball

1. påskedag arrangerte fotballgruppa inneturnering for J/G13 og eldre. 27 spelarar fordelte på 9 lag deltok, og vi fekk sjå mange spennande oppgjer. Spelararne syns dette var eit godt tiltak som vi håper på å gjenta. Her er dei glade vinnarane!

G13 på KM i futsal

26. januar var desse blide gutane frå G13 på KM i futsal på Åheim. Første kampen enda med tap 8-0 mot Van.kam. I andre kampen var gutane komne «i siget». Det blei seier 8-4 mot Åheim. Etter dette kom dei til kvartfinale. Dei spelte bra, men måtte gi tapt 7-4 mot Bergsøy. Gutane hadde ein kjekk og lærerik dag på Åheim.

Valldal/NEG G14 tok bronse i futsal KM

Laurdag 12.01.13. var gutane i Blindheimshallen og spelte KM i futsal. Dette gjekk svært bra. Etter innleiande kampar mot Sykkylven med 3-0- seier til Valldal, seier 4-2 mot Sunnylen og tap 5-0 mot Volda, gjekk dei vidare til 8-delfinale. Her vann dei 3-1. Kvartfinalen enda med seier 5-4 mot Ørskog. Til slutt var det bronsefinale mot Blindheim. Dette blei ulideleg spennande. Etter full tid sto det 1-1. Valldal vann etter «sudden death». 3. plass av 32 lag – supert!

Vinterserien Futsal J12

Søndag 13.januar spelte J12 si andre turnering i futsalserien. Jentene spelte godt og jamt med dei andre laga. Her er resultata:

Valldal – Spjelkavik 2 – 0

Valldal – Aksla 2 – 3

Valldal – Langevåg 1- 1

Neste turnering er søndag 3. februar.

Bingo på samfunnshuset

Søndag 25. noveber kl. 18 («21.» frå kl. 17.30) arrangerer fotballgruppa storbingo på samfunnshuset. Vi har fått tak i mange flotte premiar t.d. julestjerner, poteter, mør, heimelaga kransekake, fotballar (ein er til og med signert frå Aakf), ostefat… Røvaren er på heile 1500,- Sal av kaffi og kaker. Møt opp til ein spennande kveld og støtt fotballgruppa i same slengen!

Siste kampane på Valldal stadion for denne sesongen

Laurdag 20. oktober spelte Valldal sitt J14-lag sin siste kamp for sesongen. Jentene var svært fornøgde etter å ha slått Sunnylven 10-3. Super innsats av alle!!

G12 spelte samtidig. Denne gongen gjekk det ikkje like bra med dei. Dei tapte 4-8 mot Skodje. G12 har to bortekampar att før sesongen er ferdig. Lykke til!

Norway cup

Valldal IL har spelt sin førte kamp i Norway cup. J16 – laget møtte Horningdal på Ekebergsletta søndag ettermiddag og det enda med siger 4-3! Flott og innsatsfull kamp av jentene. Målscorarar var Lillian Swampillai 3 og Lisa Marie Hjelle 1.

På mandag vart mostanden hardare. Då møtte Valldal eit godt jentelag frå Sørreisa som vart litt for sterke. Valldal åpna svakt og låg under 0-3 etter første omgang. Det gjekk betre i siste halvdel, då «vann» Valldal 1-0, målscorar Lisa Marie Hjelle. Resultatet vart altså tap 1-3.

Klar til kamp mot Sørreisa

Tredje kamp vart spelt på tysdag mot Ranheim. Nok ein treg start der laget låg under 0-3 ved pause. Andre omgang gjekk betre der begge lag scora kvar sitt mål. Resultatet vart altså 1-4. Målscorar Lillian Swampillai.  Alle jentene gjorde ein god kamp og sto på heilt til slutt.  Valldal enda som nr 3 i pulja og går vidare til B-sluttspel.

I ein svært spennande kamp møtte laget Ringsaker/Nes i 16-delsfinale. Det sto 1-1 etter ordinær tid, der Lisa Marie Hjelle scora Valldal sitt mål. Ekstranomgangane vart mållause, så då måtte kampen avgjerast på straffar. Den store helten var Evelina Melchior som redda ein straffe, medan Valldal scora på alle sine.

Stor glede etter siger mot Ringsaker/Nes

8-delsfinalen  vart ei våt oppleving. I ein jamn kamp vann Ellingsøy 1-0. Jentene kjempa godt på ei våt og ujamn bane på Valle-Hovin men det var ikkje tilstrekkeleg. Dermed var Norway-cup eventyret for Valldal J16 over for denne gong.

Marie Lovise Hoel

Kombinasjonslaget Eidsdal/Valldal i G14 fekk eit ufortent tap i første kamp mot Heddal IL med 1-2. Målscorar Jens Martin Myklebust. På mandag gjekk det mykje betre, og gutane frå Valldal og Eidsdal vann til slutt 5-2 over Rødal IL. Eit godt gjennomført kamp der gutane viste stor innsats og sigersvilje. Målscorarar Felix Barthel 3, Edvar Birkeland 1 og Jobjørn Rønneberg 1.

Fornøgde gutar etter 5-2 sigeren over Røldal

Laget møte eit robust russisk lag, Fortuna-239 i siste puljespelkamp. Til tross for ein ny god kamp vart det tap 1-4. Målscorar var Jonas Hesthaug.

I 32-delsfinalen i B-sluttspel vart det ein klar siger mot Åndalsnes. 6-0 vart resultatet der Felix Barthel, Edvard Birkland og Jobjørn Rønneberg scora 2 mål kvar. På onsdag ettermiddag var det klart for 16-dels finale mot Lom. Ein spennande kamp som bølga fram og tilbake. Lom leia 2-1 til det sto att nokre få sekund. Då scora Felix Barthel slik at det vart ekstraomgangar. Etter nokre få minutt laga Jobjørn Rønneberg sitt andre mål for dagen og laget kunne juble for avansement til 8-dels finale

Tomålscorar mot Lom, Jobjørn Rønneberg

8-dels finalen vart nok ein jamn kamp, som enda med 2-1 siger over Dyre Vaa IL. I kvartfinalen møtte gutane Svelgen. Nok ein jamn kamp som enda med eit knepent tap 1-2. G14-laget til Eidsdal-Valldal har overraska i turneringa og har gjort ein flott innsats.

J14 laget til Eidsdal/Norddal/Geiranger tapte sin første kamp med 0-2 mot Nordre Land 99. På mandag møtte dei Kaupanger IL og det enda med tap 0-5. Tredje kamp gjekk betre og enda uavgjort 1-1 mot Snøgg. Jentene vart nr 3 i pulja og gjekk vidare til B-sluttspel. Der vart det siger både i 16-dels finale og 8-dels finale, med henholdsvis 2-1 mot Lesja/Lesjaskog og 3-2 eeo mot Sokndal. I kvartfinalen var det kamp mot Oslo-laget Koll. Sluttresultatet vart 1-0 til Eidsdal/Norddal/Geiranger. Dermed semifinale mot Aurdal/Leira. Når ein finale står på spel vert det tette og jamne kampar. Diverre hadde jentene marginane mot seg slik at dei tapte med minst mogeleg margin 0-1. Totalt sett eit flott resultat  med 3. plass i B-sluttspelet.

Alt i alt eit flott innsats i Norway cup av dei tre laga frå Norddal kommune. Det har vore sol og regn og mange spennande og jamne kampar. Det har også vore ei oppleving både for spelarar, trenarar/leiarar og foreldre som har vore med.

G13 på Seljecup

Valldal sitt G13-lag var 15. – 17. juni på Seljecup. Laget gjorde ein kjempeflott figur. Laurdag var det innleiande rundar, og dei tok ein flott 2. plass i si pulje som besto av fem lag. Dette betydde at dei gjekk vidare til sluttspelkampane. Dei tapte søndag semifinalen 5-0 mot eit knallsterkt lag frå Hareid. I bronsefinalen tapte dei knepent 2-1 mot sjølvaste Molde og enda dermed på ein solid 4. plass av ti lag. Den flotte pokalen dei fekk skal få ein fin plass på klubbhuset! Dei kjekke gutane hadde ei flott helg på Selje – rett og slett ei oppleving for livet!

Ny klippar til grasbana!

Då er den nye grasklipparen til fotballgruppa på plass. Den kan brukast både som bioklippar og med oppsamlar. Merket er Toro. Takk til Sparebanken Møre som støtta oss med 40 000,- til klipparen!

Takk for draktene til Sparebanken Møre!

Fotballgruppa i Valldal IL takkar Sparebanken Møre for to flotte draktsett som vi har fått! G12 var sjølvsagt kledd i sine nye drakter då dei møtte Blindheim. Valldal vann kampen 3-5. Hurra !!!

Takk for draktene til Tafjord!

Valldal IL fotball takkar Tafjord så mykje for dei to draktsetta vi har fått. Draktene var kjempefine! Biletet er teke etter kampen mellom VRF og Valldal J12. Valldal vann kampen 5-3 og er strålande fornøgde både med resultatet og draktene!

————————–

Dommarkurs

Fotballgruppa arrangerte søndag 22.04.12. klubbdommarkurs som er det mest grunnleggande av dommarkursa ein kan ta. Vi hadde besøk av Bo Grebstad som var hyra inn av Sunnmøre fotballkrets for å vere kurshaldar. Han har tidlegare vore i Valldalen å dømt mange kampar.

——————————-

Sparekort

Då er årets sparekort klart. Vi vil gå på dørene å selje dette i v. 10 og 11. Dersom du ikkje fekk kjøpt kortet, kan du kjøpe det på Mini Rimi, Valldal. Kortet kostar kr 150, sjå også meir informasjon under fana «Sparekort»

—————————————————-

Keepertrening i fotballgruppa

Fotballgruppa har eit nytt tilbod – keepertrening! Endeleg skal keeperane få litt spesialtrening. Tidlegare keeper og no elev på idrettslinja på Stranda vidaregåande skule, Per Gunnar Ødegård, gir gode råd og lærer keeperane på dei forskjellige laga vår kva som er viktig for ein keeper.