vi kan – vi VIL

Fotballsesongen 2019

 

Fotballsesongen 2019 stiller Valldal IL med 8 lag, 4 gutelag og 4 jentelag. Eit av gutelaga er Seniorlaget. Det stiller i år som 11ar lag og kjem til å spele kampane oppe på stadion.

Mesteparten av aktivitetane føregår på kunstgrasbana, men grasbana (stadion) kan også brukast. Kampar som er terminfesta av Sunnmøre Fotballkrets, blir prioritert først. Treningar kan difor bli flytta opp til grasbana.

Last ned appen MinFotball frå Google Play eller App Store for å få oppdatert kampoppsett for dei laga du vil. Appen er gratis og du vel sjølv kva lag du vil følgje. Her kan du få kampoppstart, kampendringar, resultat, kart etc. Du kan også synkronisere kampane rett inn i kalenderen din.

Vi håpar elles at alle kan hjelpe til og:

  • møte opp og støtte aktivitetane våre
  • kaste søppel i søppelbøtter
  • rydde ballar, kjeglar, vestar etc på rett plass
  • er hyggjelege med kvarandre
  • snakkar positivt om/med trenarar, spelarar, dommarar…
  • hjelper til ved behov
  • er gode førebilete for våre barn og ungdom