vi kan – vi VIL

Sparekort

Fotballgruppa sitt sparekort

Då er det ikkje lenge før du får besøk på døra med tilbod om å kjøpe årets sparekort. Du kan gå inn på «fotball» og «sparekort» her på nettsida for å sjå rabattane for 2015. Støtt fotballgruppa OG spar pengar – det blir ikkje betre!

Då er årets sparekort klart. Vi vil gå på dørene å selje dette frå v. 9. Dersom du ikkje fekk kjøpt kortet, kan du kontakte Andres Rem.

«Med Sparekort 2015 gir forretningsdrivande tilbod til deg som støttar fotballgruppa. Kortet må visast fram i kassa i når du betaler. Forretninga vil då krysse ut tilbodet sitt på kortet. Kortet gjeld eitt kontantkjøp på kvart av tilboda. Kortet kan ikkje brukast på varer som er på sal.»

Vi takkar dei forretingsdrivande som støttar oss ved å gi desse rabattane. Kortet kostar 150,- Desse pengane tener du raskt innatt dersom du brukar kortet aktivt. I tillegg kan du tene mange hundrelappar!!!

Fotballgruppa tener gode pengar og kjøparen har moglegheit til å tene gode pengar – det blir ikkje betre!!

Rabattane i 2015 er slik:

* Berits Gategrill: «kjøp 4 softis, betal for 3»
* Valldal Høvleri: «15% rabatt på måling og 10% på handverktøy» (gjeld ordinære prisar og kontantsal)
* G-sport Stranda: «15 % på alle varar»
* Valldal Bilsenter: «halv pris på bilvask x 2»
* Fjellro: «15% avslag på alle konsertar»
* Jordbærstova: «25% avslag på søndagsbuffet (max 2 personar)»
* Hårstua: «15% rabatt på varekjøp»
* Kulå: «kjøp stor pizza betal for liten, 10 % rabatt ved kjøp av 6- og 12-klipps klippekort»
* HL Muri: «20 % rabatt på gåveartiklar og leiker»
* Valldal Auto-Maskin: «10% på verneklede frå Stihl, 10 % avslag på motorolje»
* Muritunet: «gratis drop-in på Fjordtrim (1 pers.), 25 % avslag på søndagsbuffet pr. betalande (max 4 pers.)»
* Valldal Naturopplevingar: «15 % avslag på alle typar arrangement (turar)»
* Tafjord Friluftsbad: «1 gratis badebillett x2»

I dag