vi kan – vi VIL

Frisbeegolf (også kalla diskgolf) er ein sosial lågterskelsport for alle, som går ut på å kaste ein frisbee frå utkast til korg på færrast kast. Det same prinsippet som vanleg golf. På Jemtegård Feriesenter er det ein 18-hols bane med 16 korger. Det er gratis å spele på denne banen og du kan ta med din eigen disk (som vi kallar denne type frisbee) og spele når du vil. Du kan også leige eller kjøpe disk i kioskens opningstid.

Det er ulike arrangement som du kan vere med på i løpet av sesongen. Desse finn du under aktuell sesong. I tillegg går Vekas runde kvar fredag (oppmøte kl.17:45) frå starten av april til slutten av september.

Du finn meir info om oss ved å dra musepeikaren over fana Frisbeegolf oppe til høgre.

Her nokre aktuelle linkar:

Særforbundet

Frisbeegolf.no

Frisbeegolfbaner i Norge

 

Her kan du sjå kva som skjedde i 2015: Tilbakeblikk på 2015 (.docx), Tilbakeblikk på 2015 (.pdf)