vi kan – vi VIL

Jemtegård Open 2017

Jemtegård Open (JO) blir arrangert laurdag 12.august og er ein konkurranse som trekker både topp- og breiddespelarar i Norge. Her kan altså kven som helst delta. Dette er tredje året vi arrangerar JO. I 2015 vann Jostein Håland frå Langevåg og i 2016 vann Ståle Stai Hakstad frå Kristiansund. Begge har vore norgesmeistarar!

Maks. 52 spelarar (inkl. 5 wildcards)

Klasser: Open og amatør.

Konkurranseform: 2 x 17 hol for alle (hol 6 er ute av drift). Topp 4 i Open har i tillegg ei finale på 5 hol (18-13-14-16-17). Eventuelt omspel om 1.plassen frå hol 1, 2, 3 osv.

Pris: 250 kr per spelar inkludert mat og drikke i pausa.

Påmelding: I år vil påmeldinga skje på discgolfmetrix.no. Her vel du også klasse. Vi har dessverre ikkje fått til betalingsløysinga inne på Metrix’n og køyrer difor to variantar de kan velje mellom:

  • Vipps til 92 88 97 79
  • Konto: 3910.57.93565

Påmeldingsfrist: Betalt innan torsdag 10. august kl.23:59.

Premiering: 3 beste i kvar klasse, ctp (hol 1), uttrekk, mm.

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon. Eventuell booking må skje direkte med Jemtegård Feriesenter.

Diverse:

  • Du treng ikkje lisens for å vere med på JO
  • Turneringa er heller ikkje pdga-sanksjonert.
  • Vi har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan også få kjøpe dusjpolettar i kiosken.

Tidsskjema:

  • 09:00 Spelarmøte og utdeling av skårkort. Oppvarming ute ved starthola.
  • 10:00 Start runde 1
  • 12:30 Matpause
  • 13:30 Start runde 2
  • 16:00 Finale i open
  • 17:00 Premieutdeling

Alle tider er ca. og små endringar kan skje.

Banen: Banen blir endeleg klar med OB-linjer, Hazard-linjer og annan merking seinast tysdag kveld 8. august. Her kan du sjå Banekart Jemtegård Open 2017 og Spelarbok Jemtegård Open 2017. Baneforklaring finn du her.

Kontakt: TD Richard Moen på mobiltlf. 92 88 97 79 eller richard.moen@mibox.no.