vi kan – vi VIL

Jemtegård diskgolfbane

Jemtegård diskgolfbane er ein 18-hols bane med 16 korger, dvs. at nokre korgar har to utkast. Alle hola har par 3 unntatt hol 4, 5, 9 og 14 som har par 4. Altså er banens par 58. Banen varierar mellom opent område og skog, venstresvingar og høgresvingar, korte og lange. Det er lett å finne fram, sjølv utan kart, då retninga til neste korg er markert med raudt treskilt.

Banekart, holkart og skårkort finn du her:

NB! PÅ GRUNN AV JORDSKRED ER HOL 6 UTE AV DRIFT. IKKJE GÅ I JORDSKREDOMRÅDET!

Banen vart bygd som ein nybegjynnarbane, men har stadig fått endringar som har gjort den meir utfordrande. Siste endring vart gjort i forkant av Jemtegård Open 13. aug. 2016. Dei gamle utkasta er der enno, slik at ein kan bruke dei om ein vil. Desse utkasta er merka lilla og som alternative hol på banekartet.