vi kan – vi VIL

Jemtegård Open 2015

Ein vel gjennomført konkurranse med 35 deltakarar frå Langevåg, Måløy, Volda og Vestnes i tillegg til Valldal. Etter to rundar var det likt mellom juniornorgesmeistar Øyvind Jarnes (Langevåg) og tidlegare toppranka Jostein Håland (Langevåg), med Sølve Andre Hatlen (Volda) berre to kast bak. I finalerunden kasta Jostein sikkert og leda med to kast på Øyvind og tre kast på Sølve. Jostein var heldig med innspelet då ein OB-pinne stoppa disken frå å gå ut. Øyvind hadde berre ein sjanse, det var å sette ein ace på OB-øya, men det gjekk ikkje. Sølve klarte dermed å snike seg forbi Øyvind og ta 2.plassen. Velfortent siger til Jostein Håland, som gjekk 35 hol utan bogie og avslutta med 5 birdie på dei 5 finalehola.

I juniorklassa var Knut Håland (Langevåg) suveren framføre Marius Urke (Langevåg) med heimehåpet Jan Tore Jemtegård på tredjeplass.

Dameklassa blei vunne av Linda Lødøen (Valldal) framføre Terese Jemtegård Moen (Valldal).

Resultatliste Jemtegård Open 2015

 

 

Jemtegård Open skal vere det største årlege arrangementet i frisbeegolf i Valldal og i år blir det laurdag 8.august. Her inviterar vi spelarar frå nær og fjern der vi ynskjer nokon med erfaring frå høgt nasjonalt nivå. I år kan det sjå ut som at vi til og med får spelarar med medalje frå NM, bl.a. regjerande juniormeistar.

Plakat 2015

Det blir klasser for Open, Dame og Junior (fødd 1996 eller seinare). Alle går 2 runder med 15 hol per runde. I tilleg har vi finale for Open. Premiering for dei tre beste i kvar klasse. Vi har sett eit maks tak på 40 spelarar for å klare å gjennomføre turneringa på ein tilfredstillande måte, der 5 plassar er reservert. Turneringsavgifta er 200 kr og inkluderar mat og drikke mellom runde 1 og runde 2.

Runde 1: 2, 3, 4, 5, 6, 7, 9, 10, 11, 12, 13, 16, 17, 18, 19.

Runde 2: 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 11, 12, 14, 15, 16, 18, 19.

Finale Open: 2, 3, 8, 9, 16, 19.

Klikk på lenkene nedanfor for å sjå banekart og anna info for turneringa.

Banekart Jemtegård Open 2015

Holkart Jemtegård Open 2015

Baneforklaring Jemtegård Open 2015

 

 

 

 

Aktivitet