vi kan – vi VIL

Sunnmørstouren 2018

Etter at det ikkje ble noko Nordvesttour i fjor, vil det i 2018 igjen bli arrangert ein lokal tour i fylket. Denna blir enno meir lokal enn i 2016, og strekk seg fra Volda i sør til Vestnes i nord. Vi har difor valt å kalle den for Sunnmørstour. Den vil bestå av fem turneringar, der dei 3 beste plasseringane tel i samandraget.

Klasseinndelinga er Åpen, Dame og Rekreasjon/Nybegynner (max PDGA-rating 850). Detta er meint å vere lågterskelturneringar som skal passe for spelarar på alle nivå. Det blir premiering til alle klassevinnarane samanlagt. Kvar arrangør står fritt til å bestemme premiering og turneringsopplegg for kvar enkelt turnering, men det vil berre vere aktuelt med eindagsturneringar.

Foreløpig terminliste:

2.april: Øverås – Påsketurnering
5.mai: Valldal – Vårslepp
17.juni: Langevåg – Barsby Open
6.oktober: Volda – Volda Open

Det er usikkert om det blir ei femte turnering…