vi kan – vi VIL

Vårslepp 2018

Info før turneringa

Vi held på tradisjonen med å ha ei turnering tidleg i sesongen. Vårslepp har vore arrangert tre gongar tidlegare og vil også i år gå i starten av mai, altså laurdag 5. mai. I år blir det nokre forandringar. Klubbane i fylket ynskjer ein tour for området og i år kallar vi den for Sunnmørstour (sjå meir info på eiga side). Vårslepp blir den 2. turneringa i denne touren.

Klasser:

  • Open
  • Dame
  • Rekreasjon/nybegynnar (PDGA < 850)

Konkurranseform: 2 x 15 hol. Topp 4 i Open har i tillegg ein liten finale.

Pris: 100 kr per spelar.

Påmelding: DiscGolfMetrix

Vi køyrer to betalingsvariantar:

  • Vipps til 92 88 97 79
  • Konto: 3910.57.93565

Påmeldingsfrist: Betalt innan torsdag 3. mai kl.23:59.

Premiering: Premiar i alle klasser, ctp og diverse uttrekk.

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon. Eventuell booking må skje direkte med Jemtegård Feriesenter.

Tidsskjema:

  • 10.15-10.30: Registrering og evt. betaling
  • 10.30-10.45: Inndeling i grupper
  • 11.00-12.30: Runde 1
  • 12.30-13.30: Matpause
  • 13.30-15.00: Runde 2
  • 15.15-15.45: Finale
  • 16.00: Premieutdeling og avslutning

Alle tider er ca. tider og små endringar kan skje.

Banen: Vi spelar hol 1 – 2 – 3 – 4 – 5 – 7 – 8 – 9 – 12 – 13 – 14 – 15 – 16 – 17 – 18. Altså 18-holsbanen unntatt 6, 10 og 11. Kart finn du her.

Diverse:

  • Turneringa er ikkje pdga-sanksjonert.
  • Vi har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan få kjøpe dusjpolettar i kiosken.

Kontakt: TD Richard Moen på mobiltlf. 92 88 97 79 eller richard.moen@mibox.no.

HUGS! OPEN KIOSK MED SAL AV ENKEL MAT OG DRIKKE.