Grasrotandelen

Vil du støtte Valldal idrettslag gjennom Grasrotandelen i Norsk Tipping?

I 2019 fekk Valldal idrettslag i om lag kr 90.900 frå 113 personar i Grasrotandelen. Dette var ein stor auke frå 2018. Klarer vi å auke dette i 2020?

Dersom du vel Valldal idrettslag som grasrotmottakar vil laget få tildelt midlar kvar gong du spelar. Ver merksam på følgjande:

  1. Lotto, Viking Lotto, Joker, Oddsen, Tipping og Keno:
    Valldal idrettslag vil motta 5 prosent av alt du spelar for.
  2. For Multix-spel går halvparten av overskotet til Grasrotandelen. Dette betyr at Grasrotandelen vert  dagleg berekna ut ifra skilnaden mellom innsats og gevinst, og vert fordelt til spillarane sine  grasrotmottakarar.
  3. Grasrotandelen går ikkje ut over din innsats eller eventuelle premie.
  4. Din tilknytning gjeld fram til du endrar mottakar eller slettar denne. Du kan byte din grasrotmottaker når som helst og så ofte du måtte ønskje.
  5. For enkelt å knyte deg til  Valldal idrettslag som grasrotmottaker må du bruke organisasjonsnummer 975 421 937 eller søkje fram Valldal idrettslag.

Internett

Du må logge deg inn med spelekortet  ditt . Så søkjer du opp Valldal idrettslag og knyter dette til deg til.

Hos kommisjonær

• Oppgje Valldal idrettslag sitt organisasjonsnummer 975 421 937 og kommisjonæren tastar inn dette
• Alternativt kan kommisjonæren søkje  fram Valldal idrettslag på terminalen

Mobiltelefon

SMS: send GRASROTANDELEN   975 421 937  til 2020 (tjenesten er gratis)

Norsk Tipping Mobilspill

Du kan knyte deg til via mobilapplikasjon på  mobiltelefon din. Denne kan lastes ned ved å skrive kodeord SPILL til 1960. Du må ha versjon 1.7 eller nyare for å få denne til å fungere. Har du ein eldre versjon, må du oppdatere denne ved å sende Spill til 1960 på nytt.

Norsk tipping Spillterminal

Du kan også knyte deg til ved Norsk Tipping Spillterminal. Set inn ditt spelarkort, oppgi PIN-kode og følg instruksjonane på skjermen.

Her kan du sjå kor mange som støttar Valldal idrettslag og kor mykje dette utgjer:

DEI SISTE INNLEGGA
24. mars 2024
24. mars 2024
14. februar 2024
19. juli 2023
VIL PÅ FACEBOOK