vi kan – vi VIL

Jemtegård Open 2016

Det blei Ståle Hakstad frå Kristiansund frisbeegolfklubb som vann Jemtegård Open i år. Øyvind Jarnes frå Langevåg IL diskgolf tok andreplassen med Andreas Havnegjerde frå Øverås Frisbeegolfklubb på tredjeplass. Vi har ein god tradisjon (viss ein gong er ein tradisjon) med at den som vinn Jemtegård Open også blir Norgesmeister. Heia Ståle 😉

Resultat Jemtegård Open

skoorin.com

 

Jemtegård Open (JO) er det største arrangementet i frisbeegolf i Valldal. Datoen er sett til laurdag 13.august og vi håpar det kjem spelarar frå nær og fjern dette året også. I fjor blei vinnaren av JO, Jostein Håland frå Langevåg,  norgesmeister ein månad seinare. Dette vil vi gjerne skal bli ein tradisjon 😉  Det blir klasser for Open, Dame, Master, Amatør og Junior (fødd 1997 eller seinare). Vi kjem til å ha 4 nye hol til Jemtegård Open.

I år vil Jemtegård Open også vere ein del av Nordvesttouren 2016. Sjå eiga side.

Maks. 56 spelarar (inkl. 4 wildcards)

Klasser: Open, dame, master, amatør og junior. Ved færre enn tre personar blir klasser slått saman med open.

Konkurranseform: 2 x 18 hol for alle. Open har i tillegg ei finale på 5 hol.

Pris: 250 kr per spelar inkludert mat og drikke i pausa.

Påmelding: Du sender først ein mail til post@jemtegaard.no med namn, adressemob.nr. og klasse. Så vil du få ein faktura på mail frå Jemtegård Feriesenter. Når du har betalt denne fakturaen, ja då er du påmeldt.

Påmeldingsfrist: Betalt innan 8. august kl.23:59.

Overnatting: Deltakarar får 10 % på overnatting ved Jemtegård Feriesenter. Sjekk www.jemtegaard.no for meir informasjon.

Diverse:

  • Du treng ikkje lisens for å vere med på JO
  • Turneringa er heller ikkje pdga-sanksjonert.
  • Vi har kiosk med drikke, sjokolade, is m.m.
  • Du kan få kjøpe dusjpolettar.

Tidsskjema:

  • 09:00 Spelarmøte og utdeling av skårkort.
  • 10:00 Start runde 1
  • 12:30 Matpause
  • 13:30 Start runde 2
  • 16:15 Finale i open
  • 17:00 Premieutdeling

Banen:

Banen blir endeleg klar med OB-linjer, Hazard-linjer og annan merking seinast tysdag kveld 9. august. Her kan du sjå Banekart Jemtegård Open 2016 og Spelarbok Jemtegård Open 2016.

Foreløpig gruppeinndeling:

Hol 1 Hol 2 Hol 4 Hol 6
Sturla Stadsnes Jonas Tangen Hoff Øyvind Jarnes Trond Knutsen
Per Erik Tennebø Frode Lid Tom Tennebø Stian Tennebø
Sigbjørn Halle Richard Moen Aksel Nustad Dan Kråkenes
William Breivik Sander Lødøen Kristian Myrestrand
Hol 8 Hol 10 Hol 12 Hol 13
Ståle Hakstad Helge Hopmark Jostein Håland Sivert Øveraas
Eirik Lødøen Jøran Lufall Ole Sander Ytterli Astrid Øygarden
Ole Martin Korsnes Torgeir Halle Trond Myrestrand Svein Magne Jemtegård
Jan Tore Jemtegård Jonathan Lie Andreas Grønningsæter Marius Urke
Hol 15 Hol 17
Andreas Havnegjerde Knut Håland
Anders Devik Lid Ingve Ellingsen
Terje Hamre Robin Kristoffersen
Hogne Grønningsæter Christian Swampillai

 

 

Spelaroversikt oppdatert 10.august (39 spelarar):

Det kan gå litt tid før betalinga di blir registrert.

Open (20 stk.)

  1. Frode Lid (bet)
  2. Sturla Stadsnes (bet)
  3. Jostein Håland (bet)
  4. Knut Valen Håland (bet)
  5. Jøran Gjelsten Lufall (bet)
  6. Sivert Øveraas (bet)
  7. Stian Tennebø (bet)
  8. Tom Tennebø (bet)
  9. Andreas Havnegjerde
  10. Ingve J. Ellingsen (bet)
  11. Per Erik Tennebø (bet)
  12. Øyvind Jarnes (bet)
  13. Astrid Øygarden (bet)
  14. Helge Hopmark (bet)
  15. Ståle Hakstad (bet)
  16. Eirik Lødøen (bet)
  17. Ole Sander Ytterli (bet)
  18. Anders D. Lid (bet)
  19. Jonas Tangen Hoff (bet)
  20. Trond V. Knutsen (bet)

Master (6 stk.)

  1. Richard Moen (bet)
  2. Trond Myrestrand (bet)
  3. Terje Hamre (bet)
  4. Aksel Nustad (bet)
  5. Svein Magne Jemtegård (bet)
  6. Dan Kråkenes

Junior (9 stk.)

  1. Marius Urke (bet)
  2. Kristian Myrestrand (bet)
  3. Jan Tore Jemtegård
  4. Sander Lødøen (bet)
  5. Jonathan Lie
  6. Hogne Grønningsæter (bet)
  7. Christian Swampillai (bet)
  8. William Breivik (bet)
  9. Andreas Grønningsæter (bet)

Amatør (4 stk.)

  1. Torgeir Halle (bet)
  2. Sigbjørn Halle (bet)
  3. Robin Stavne Kristoffersen (bet)
  4. Ole Martin Korsnes (bet)

 

 

 

Aktivitet