vi kan – vi VIL

Ski i veke 12

Tysdag, cup nr 8 i Valldal – Liabygda – Stordal cup klassisk på Stavsengfjellet  Påmelding frå 1745. Det ryktes om gode forhold på Stavsengfjellet. Håper mange vil ta turen og benytte seg av snøen som fortsatt er her.

Resultat cuprenn Stavsengfjellet 8 21.03.2017

Torsdag, Skikafe, nå har vi fått snø (mindre vann) i løypene og håper på en knall fin skikafe denne uka, velkommen til alle.

Lørdag, SBM cup Eidsdal Påmeldingsfrist torsdag kl 2000     Eidsdal SBM-cup 25.3.17
Søndag, SBM cup Bjorli  Påmeldingsfrist torsdag kl 23.59

Sparebanken Møre Cup

Helga 25. og 26. februar var det SBM cup i Stordal og i Valldal.
Her er resultata frå SBM-cupen i Valldal: Resultat SBM-cup 260217

Her er startlista for rennet søndag:
Startliste SBM-cup 260217       Barnerenn Valldal 260217

Lysløypa

Lysløypa på Valldal stadion på Omenås er trakka to gongar fredag 24. februar. Det blir oppkøyrt løype att laurdag formiddag 25. februar, og til skirennet som skal vere søndag 26. februar kl 1200. I samband med skirennet er det kafe med sal av suppe, pølse, påsmurt, kaffi og kaker – velkomen innom. God skitur!

Skikafe

Det er skikafe på klubbhuset kvar torsdag kl 1800-2030. Her får du kjøpt vafler, kakao, kaffi og kveldsmat. Ta deg ein tur i lysløypa og ein tur på kafeen etterpå. Velkomen!

NB! Det er også kafe i samband med skirennet søndag 26. februar.

Sonerenn og sonestafett

Laurdag 18. februar arrangerte Liabygda IL sonerenn. Rennet var flytta til Valldal stadion grunna snøforholda på Stavsengfjellet. Sjå resultat Sonerenn resultat 180217

Søndag 19. februar var det den årlege sonestafetten i Eidsdal. Stafetten var flytta til Korsmyra og gjekk som skikross. Det vart mange tette duellar og stor innsats.

Skiløype

Skarpt og godt føre i lysløypa, pass på i unnabakkane! Litt avkorta løype, omlag 4 km.  Takk til trakkemaskinsjåførane som lagar fine forhold både for klassisk og skøyting.

Valldal-Liabygda-Stordal cup 14.2.17

6. renn (av totalt 9) i årets Valldal – Liabygda – Stordalcup (Telenor-karusellen) arrangert på Valldal stadion tysdag 14. Februar. Fristil-gode forhold. 47 deltakarar denne gongen.
Klasse 8 år og yngre 14.2.17       Resultat 14.2.17

Valldal-Liabygda-Stordal cup 24.1.17

Fjerde renn i Valldal-Liabygda-Stordal cup vart arrangert på Omenås tirsdag 24 januar. 69 løparar på startstreken. Flotte forhold for cuprenn i klassisk stil. Her er resultat Resultat 24.1.17

Neste renn:
Stavsengfjellet torsdag 2. februar, klassisk stil  Resultat Resultat 5. cuprenn 2.2.17
Omenås tysdag 14. februar, fristil

Vintertrim

Då er fire «vintertrimpostar»på plass. I år som i fjor er det no bok på Høghaugen, i lysløypa, på Valldalssætra og på Klovset. ? Det vil bli trekt ein premie på kvar bok til våren. God tur!

Skitilbod i januar

Her er ei påminning om aktivitet i regi av skigruppa.

Onsdag 11.01 skitrening omenås kl 1800, alle grupper
Torsdag 12.01 Skikafe Omenås frå kl 1800
Torsdag 12.01 Skiskyttetrening kl 1800 Myklebust.
Søndag 15.01 Sonerenn Norddal kl 1300 Innbyding sonerenn 2017 -NIL
Tirsdag 17.01 Valldal – Liabygda – Stordal cup Stavsengfjellet fristil   Resultat Resultat Stavsengfjellet 17.01.2017
Onsdag 18.01 Skitrening Omenås kl 1800, alle grupper
Onsdag 18.01 Smørekurs klubbhuset kl 1800 ved Harald og Geir.
Torsdag 19.01. Skikafe
Tirsdag 24.01. Valldal – Liabygda – Stordal cup Omenås klassisk stil
Torsdag 26.01. Skikafe
Tirsdag 31.01. Skitrening

Cuprenn 10.1.17

Første rennet i Valldal gjekk under fine forhold og med heile 72 deltakarar tysdag 10. januar.    Resultat telenorkarusellen 100117

Sonerenn – Valldal stadion

Søndag 8. januar kl 13.00 langrennscross på Valldal Stadion. Kort løype med ulike utfordringar
som svingar, kular, labyrint og hopp. Klasser for alle aldrar  Full premiering. Kiosk.

Påmelding til Magne Eivind Glomnes,  magne.glomnes@mimer.no , tlf 40441528 innan fredag 6.1. kl 22.00

Sjå også Innbyding langrennscross 2016
Resultatliste 11 år og oppover og deltakarliste. Sonerenn januar 2017  Sonerenn skicross 08.01.17

Valldal-Liabygda-Stordal Cup

Stordal il inviterer til første renn i Valldal – Liabygda – Stordal cup.

Velkommen til alle til  cuprenn, klassisk stil torsdag 5. januar kl 18.30. Påmelding frå kl 17.45. NB! RENNET GÅR

Skiskytterskule

Valldal il ski vil kjøre skiskytterskule for dei som har lyst til å prøve skiskyting. Alle som skal delta på lagets treninger og konkurranser må gjennom ei generell opplæring. Vi kjører dette på to kvelder, og foresatte må delta. Organisert skiskyttertrening er for alle frå 10 år og eldre (født 2007 og tidligere). Påmeldingsfrist er onsdag 24 august. Skulen vil foregå torsdag 25 august på klubbhuset og torsdag 1 september på Grønningsæterskiftet, begge dager kl 1800.
Påmelding og spørsmål her eller til Jan Ole Fuglem tlf 41431663.

Håper mange nye utøvere har lyst til å prøve. Velkomen!!

Skiløype

2.4.: Valldal IL ski held løypene frå Langdal opne denne helga og dei to neste helgene. Det er køyrt Langdal – Nestestølen og Langdal – Meiadalen (Trollstigvegen). Det er framleis supre forhold for dei som ønskjer å utnytte skiføret i april. God tur!

VM 2016 gjennomført med stor deltaking

141 løparar deltok på Valldalsmeisterskapen på ski på Omenås skjærtorsdag 24. mars. Sola glimra med sitt fråvær, men snøen var på plass, det var fyr i bålpanna og alle deltakarar fekk premie!
Som vanleg var det klassane under 8 år og herrar senior som var dei største klassane. Her er resultata:

Deltakarar VM 8-år og yngre   Resultat VM2016

Takk til deltakarar, publikum og funksjonærar for stor stemning og spennande duellar!

VM-plakat 2016
Vervarsel for Omnos i Valldal
Startliste VM 8-år og yngre
Startliste VM2016

Skiløype i påska

Langfredag kveld: Oppkøyrt løype på Høghjellsmyrane, Langdal – Nestestøl og Langdal – Meiadalen (Trollstigvegen). Desse løypene blir friska opp ved behov i påskehelga.
VIL ønskjer alle skivenner ei god påskehelg og fine skiturar!

Skjærtorsdag kveld: Oppkøyrt løype Omenås og til Valldalsetra. Fint føre.
Måndag – onsdag blir det køyrt opp i løypene på Omenås på ettermiddag. Skjærtorsdag er det Valldalsmesterskap i lysløypa. Etter det tek vi sikte på å få til løyper lenger fram i dalen. Mer info kjem.

Siste skikafe

Klubbhuset torsdag 10. mars. Det blir mykje godt å bite i og bålpanne med grilling. Vel møtt til ein aktiv og sosial kveld!

Telenorkarusellen Valldal/Liabygda-cup

Renn 1   søndag 10. januar kl 1300   Langdal – Nedstestølen   klassisk
Telenorkarusell 100116  V-LCup2016_renn1
Renn 2   tysdag 19. januar kl 1830   Stavsengfjellet   klassisk
Resultat Telenorkarusell Stordalscup V-Lcup renn 2 19 1 2016
Renn 3   tysdag 2. februar kl 1830   Omenås   fristil enkel skicross
Resultat: Telenorkarusell 2016-02-02
Renn 4   tysdag 1. mars kl 1830   Stavsengfjellet   fristil
Resultat:  Resultat Stordalscup-Fellescup 5 01 03 2016
Renn 5   tysdag 8. mars kl 1830   Omenås   klassisk
Resultat: Resultat V-L cup 8.mars 2016
Renn 6   torsdag 17. mars kl 1830   Stavsengfjellet   klassisk
Resultatliste felles skicup Stavsengfjellet 17.03.16

Klasser for alle aldrar. Alle er velkomne til å delta, også frå andre klubbar. Påmelding frå kl 1745. Startkontingent kr 30. Premie til alle barn etter to fullførte renn. Premie til alle som fullfører fire renn.

Sonerenn sesongen 2015/2016

Søndag 03.01.    Stordal IL/Liabygda IL       Klassisk, normal
Resultat sonerenn LIL og SIL 030116 (1)
Søndag 07.02     Valldal IL                                Fristil, skicross
Resultat Sonerenn-skikross-VIL-07.02.2016
Søndag 14.02    Norddal IL                               Klassisk, normal
Innbyding sonerenn 2016 -NIL
Søndag 21.02     Liabygda IL/Stordal IL        Fristil, sprint. Kombinasjon med landsrenn
Resultat SBM Stordal – Sprint fristil 21.2.2016_v2
Søndag 13.03     Eidsdal IL                               Sonestafett, skicross
Innbyding til sonestafett 2016

Sparebanken Møre cup  8 duatlon og barneskirenn på Omenås søndag 28. mars

Rennet blir arrangert som duatlon, med skibytte frå 13 år.
Klasser frå 9 år.
SBM-cup-2016-Valldal-innbyding
Startlister:    Startliste 28.2.16       Barnerenn 28.2.16
Resultatlister:    Resultat SBM-cup8 Valldal 28.2.16       Barnerenn i mål 28.2.16
NB!!!! Ved rennet 28. februar vert det også barnerenn for klasse år og yngre! Fristil 1 km – start kl 12.00. Startkontingent kr 60,-. Påmelding innan torsdag kveld til post@valldalil.no eller Einar Hoel, tlf 970 77 165

Laurdag 20. februar Eidsdal   SBM-cup 6   klassisk langdistanse   + barneskirenn
Resultat  SBM-cup Eidsdal 20.2.16   Barnerenn Eidsdal 20.2.16
Søndag 21. februar Stavsengfjellet   SBM-cup 7   sprint fristil   + sonerenn
Resultat SBM Stordal – Sprint fristil 21.2.2016_v2

Trening og smørekurs tysdag 9. februar

Tysdag blir det fristil-trening for gruppe 1 (dei yngste) og klassisk trening for dei andre.
Kl 18-19 blir det grunnleggande smørekurs på klubbhuset. Kl 1930-2030 blir det smørekurs for vidarekomne. Kurs er ved Harald og Geir. Nytt høvet til å lære noko nytt! Vel møtt!

Sonerenn Norddal søndag 14. februar

Bli med på skirenn på Lilleås. Arr Norddal IL. Klassisk stil. Klasser for alle aldrar. VIL ski dekkjer startkontingenten. Innbyding sonerenn 2016 -NIL

Sonerenn skicross Omenås søndag 7. februar

Invitasjon til sonerenn VIL 07.02.16  Resultatliste Resultat Sonerenn-skikross-VIL-07.02.2016

Smørekurs 8. februar

hos samarbeidspartnaren vår Sport1 Tomra på Vestnes

Smørekurs 8.2.16

Skiløype – oppdatert informasjon

3.2.: Det er no gode snøforhold i lysløypa på Omenås, og det blir køyrt opp skispor kvardagar til kl 1800 og laurdag/søndag til kl 1200. God skitur!
1.2.: Oppkøyrt spor på Omenås. Fine forhold.
30.1.: Oppkøyrt spor frå Langdal.
26.1.: Det blir etter planen køyrt spor med skjeldalfres frå Langdal i dag. Det er dessverre dårleg skiføre i lysløypa.
19.1.: Endeleg nytrakka spor i lysløypa på Omenås!

Klubbdressane

Klubbdressane er no komne til Valldal, og blir delt ut på klubbhuset tysdag 2. og torsdag 4. feb kl 18-19, eller ta kontakt på tlf 45225738 for anna avtale.

Skikafeen startar opp 7. januar

Sjølv om det ikkje er snø, blir det likevel skikafe. Vi oppfordrar store og små til å gå seg ein tur i lysløypa, spele fotball på den nye kunstgrasbana eller vere aktiv på andre måtar torsdagskveldane. Så møtest vi til skikafe på klubbhuset kl 1800-2030. Vel møtt til eit aktivt år!

Skitrening

På grunn av snømangel blir den organiserte skitreninga for barn som brukar å vere på tysdagar inntil vidare flytta til torsdagar kl 1800. Då blir det barmarkstrening med oppmøte ved klubbhuset.
Tysdagar kl 1800 blir det uorganisert trening frå Langdal. Hugs hovudlykt!

Skiløype – oppdatert informasjon

14.1.: Det er framleis skiløype frå Langdal til Nestestølen og Øvstestølen/Byksebrua. Trakkemaskina køyrer kvar dag eller etter behov. Hugs hovudlykt om du går på kveldstid.
21.12: Plan for skispor framover:
Vêret er ikkje på vår side, men vi planlegg skispor gjennom heile jula. Med ustabilt vêr får vi dessverre ikkje lagt ein langsiktig plan. Det vil bli oppdateringar her på sida og i facebookgruppa Valldal IL ski.

Nyttårsaftan 31.12. er det også nykøyrt skispor frå Langdal. Det blir køyrt oppatt nye spor laurdag 2. januar.
Frå 2. juledag 26. desember og vidare framover i romjula blir det køyrt skiløype frå Langdal til Nestestølen og Byksebrua (Trollstigvegen). Om alt går etter planen skal sporet vere klart til kl 10 kvar dag. Det ser ut til å bli fine forhold med nysnø. God skitur!
Julaftan 24. desember kl 1030 er det nykøyrt spor frå Langdal til Byksebrua. Flotte forhold frå Øvstestølen og framover. God ski-jul!

Godt nytt ski-år!

Valldal IL ski takkar alle medhjelparar for all hjelp og støtte i 2015. Vi set stor pris på innsatsen – utan dokke hadde det ikkje vorte verken skikafe, skirenn eller skiløype i Valldal! Vi ønskjer dokke alle eit godt nytt og snørikt ski-år 2016! Helsing styret

NB! Første Valldal/Liabygda-cup/Telenorkarusellen, som var planlagt til 5. januar, blir utsett inntil vidare på grunn av dårleg skiføre på Omenås.

Sonerenn søndag 3. januar

Bli med på årets første skirenn søndag 3. januar kl 1300. Klassisk stil. Klasser for alle aldrar. Full premiering. Arrangør er Stordal IL/Liabygda IL. Påmelding innan 1. januar kl 20. Sonerenn LIL og SIL 030116 (1)
NB! På grunn av snømangel blir rennet flytta til Langsætrane på Overøye. Parkering ved bommen på Puskebrua, ca. 300m å gå til startområdet. Det er P-automat på Overøye ved alpinbakken (berre funksjonærar får køyre heilt fram). Til orientering er det ikkje toalett i rennområdet. PÅ GRUNN AV SNØFORHOLDA BLIR DET ENDRA STILART TIL FRISTIL!

Skisamling for barn og unge

Laurdag 2. januar blir det skisamling i Valldal for barn og unge frå første klasse og oppover. Dette er ei sonesamling, for dei som høyrer til i klubbane på indre Sunnmøre. Det er 36 som er påmeldt, og det blir to økter med lunsj i mellom. For spørsmål, kontakt jan.ole.fuglem@gmail.com

Skiløype – oppdatert informasjon

Tysdag 22. og onsdag 23. desember blir det oppkøyrt spor frå Langdal og framover Meiadalen. Begge dagar klart til kl 1200.
Søndag 20. desember er det skiløype frå Langdal til Øvstestølen/Byksebrua og til Nedstestølen.
Laurdag 19. desember blir det køyrt opp løype frå Langdal.
Tysdag 15. desember er det også nypreparert løype i lysløypa på Omenås.
Måndag 14. desember er det oppkøyrt løype i lysløypa på Omenås.
Laurdag 12. og søndag 13. desember er det nykøyrt løype på Grønningsæter. Null grader og lett snø. Vis omsyn til gardsdrifta ved parkering.
Søndag 6. desember er det oppkøyrt skiløype i Grønningsæterdalen, frå siste tunet på Grønningsæter og fram til seterbrua. Det er muleg å parkere ved start. God skitur!

Salgs- og byttekveld for brukt sportsutstyr

Skigruppa inviterer til salgs- og byttekveld på klubbhuset tysdag 27. oktober kl 18-20. Ta med deg det du vil bli kvitt – kanskje nokon andre er interessert i det! Gjeld utstyr til både barn og vaksne. Det blir samstundes høve til å prøve og bestille overtrekksdressar for Valldal IL. Vafler og kaffi. Vel møtt til både kjøparar og seljarar!

Skisesongen i gang

Stor aktivitet i løype helga 11-12 desember. M.a. avslutning av aktivitetsleiarkurset i langrenn

grønningsæter

Siste nytt frå skigruppa

Det er skitrening i lysløypa tysdagar kl 18-19. For barn frå 1. klasse og oppover. Det er inndeling i tre aldersgrupper. Det er ikkje skitrening når det er Valldal/Liabygda-cup/Telenorkarusell. Oppmøtestad kan bli endra om det er for lite snø på Omenås.

Siste trening før jul blir i lysløypa på Omenås tysdag 15. desember. Etter treninga fyrer vi opp bålpanna og grillar pølser.

Laurdag 19. desember startar skisesongen i Møre og Romsdal med opningsrenn på Bjorli. Klassisk fellesstart. Klasser frå 10 år.
Søndag 27. desember blir det tradisjonsrike romjulsrennet arrangert på Skaret skisenter på Molde. Fristil for dei yngste, duatlon frå 11 år. Dette er andre renn i SBM-cup. (For meir informasjon om desse renna, gå til Møre og Romsdal Skikrets sin nettside, sjå link i margen til høgre.)

Laurdag 2. januar blir det treningssamling for barn og unge i klubbane på indre Sunnmøre. Oppmøte på klubbhuset. Det blir to økter, og det blir servert lunsj mellom øktene.

Søndag 3. januar er det sonerenn klassisk stil på Stavsengfjellet. Arrangør SIL/LIL.

Tysdag 5. januar er det første renn i Valldal/Liabygda cup/Telenorkarusellen på Omenås. Fristil.

Programbladet til skigruppa kjem i postkassene rett over nyttår.

 

Fagkveld og racingmesse på Vestnes 11. november

Møre og Romsdal Skikrets og Sport1 Tomra inviterer til fagkveld for alle skiinteresserte på Vestnes Fjordhotell onsdag 11. november kl 1700 – 21.00 Det blir racingmesse og gode tilbod hos Sport1 Tomra, mellom anna 20% på alle varer.

Høstmøte og Skikveld i Vestnes 2015bilde 1

Skiskyting

Oppstart med første økt søndag 6. september kl 1700 på Grønningsæterskiftet (pga beitedyr på skiskyttarstadion på Myklebust). Ta med rulleski og våpen dei som har.
Søndag 6. september kl 12 blir det skytetrenarkurs med Hans Martin. Dette er eit tilbod til foreldre med barn som driv med skiskyting! Oppmøte på Grønningsæterskiftet.

Om det er nokon frå 4. klasse og oppover som har lyst til å starte med skiskyting, planlegg vi skiskyttarskule for dei som er interessert. Påmelding til Jan Ole på tlf 41431663 innan 13. september.

Rulleskitrening

Onsdag 2. september. onsdag 9. september. Tysdagar frå 15. september. Oppmøte ved Valldal Grønt kl 17.30.
Alle frå 1. klasse og oppover er velkomen til å delta. Gruppeinndeling 1.-3. kl, 4.-6. kl og 7. kl og eldre.  Vi held til på lukka område. Hugs hjelm, hanskar, refleksvest, skisko og rulleski (og stavar). For dei som ikkje har rulleski blir det ei alternativ økt med joggesko på beina.

Treningssamling på Markane

Fredag 25. – søndag 27. sept inviterer skigruppa til den tradisjonelle haustsamlinga på Ullsheim skiarena på Markane i Stryn. Samlinga er open for alle frå 1. klasse og oppover. Mer info kjem.

Storfjordstemnet i friidrett

Storfjordstemnet  i friidrett vart avvikla i Eidsdal søndag 30. august  med 50 deltakarar i eit skiftande vær med både regn og sol.
Her er resultata: Resultat-Storfjordstemne-300815

VM 2015

Valldalsmesterskapet 2015 vart arrangert på Omenås skjærtorsdag 2. april Rennet gjekk i fristil. Ialt 130 løparar i alle alderar stillte til start i årets siste skirenn. Forholda var bra, men ei real snøbyge eit time før start gjorde føret sugande.

Her er resultata frå rennet: VM 2015 – 8 år og yngre  Resultat_VM

 

Sparebanken Møre Cup

Sparebanken Møre-cup i Stordal og Valldal 28.-29. mars. Avslutningshelga for SBM-cup  var lagt til Stavsengfjellet med klassisk stil laurdag 28. mars. Dette er også sesongens siste sonerenn, med klassar for alle aldrar. Søndag 29. mars var det SBM-cup finale med duatlon på Valldal stadion på Omenås.
Resultatliste for SBM-cup Stordal 28.3.15: Resultat SBM-cup 280315
Resultatliste for SBM-cup Valldal 29.3.15: Resultat SBM-cup 290315
Sjå bildeserie frå rennet på Sunnmørsposten si nettside www.smp.no

Birkebeinaren 2015

Birkebeinarrennet 2015 gjekk laurdag 21. mars under glimrande forhold. Ei stor gruppe frå Valldal IL stillte på startstreken med litt ulike ambisjonar. Her er tider for for våre løparar (først står klasse og plassering i klassa)

M16 172 Jemtegård, Jan Tore Valldal IL 04:48:13
M16 60 Glomnes, Kornelius Linge Valldal IL 03:14:11
M18 7 Glomnes, Iver Matias Linge Valldal IL 02:42:32
M30 452 Moe, Marius Andrè Valldal IL 04:22:51
M40 189 Indreeide, Aksel Valldal IL 03:14:57
M45 893 Nerli, Per Jomar Valldal IL 04:28:56
M50 826 Jemtegård, Svein Magne Valldal IL 04:33:17
M55 151 Hoel, Einar Valldal IL 03:29:59
M55 48 Starheim, Harald Valldal IL 03:11:30
M55 687 Heggen, Ivar Normann Valldal IL 04:56:34
M55 179 Nerhus, Terje Valldal IL 03:33:34
M60 232 Grønningsæter, Lars Valldal IL 04:07:13
M60 331 Hoel, Alf Valldal IL 04:36:46
M65 162 Hoel, Magne Valldal IL 04:29:02

Skirenn på Lilleås søndag 22. mars

Norddal IL inviterer til sonerenn i klassisk stil. Vi oppfordrar spesielt deltakarar i Valldal/Liabygda-cup Telenorkarusellen,  både barn, unge og vaksne, til å bli med. VIL dekkjer startkontingent for medlemmar som deltek. Sonerenn er skirenn spesielt for klubbane i sone indre Sunnmøre. Påmelding til jan.ole.fuglem@gmail.com seinast fredag 20. mars. Innbyding sonerenn 2015 -NIL  Resultatliste: sonerenn NIL 22 mars 2015

Telenorkarusellen Valldal/Liabygda-cup 2015

Resultatlister:
Tysdag 6. jan, Omenås, fristil.  Telenorkarusellen Valldal 2015- renn 1
Tysdag 20. jan, Stavsengfjellet, klassisk Telenorkarusellen VL-cup 2015 LIL renn 2
Tysdag 3. feb, Omenås, fristil Telenorkarusellen VL-cup 2015 VIl renn 3
Tysdag 24. feb, Stavsengfjellet, fristil Telenorkarusellen VL-cup Stordalscup 2015 renn 4
Tysdag 10. mars, Omenås, klassisk, fellesstart. Telenorkarusell 10.03.2015
Torsdag 19. mars, Stavsengfjellet, fristil Telenorkarusellen VL-cup Stordalscup 2015 renn 6

VIL-hue til sals

Blå BJ-hue med Valldal IL  og sponsormerke frå HL Muri til sals kr 250. Til sals i kiosken på klubbhuset, eller ta kontakt på ski@valldalil.no.

Bingo søndag 15. mars

Skigruppa inviterer til bingo på klubbhuset (NB!) søndag 15. mars kl 1700. Sal av 21″, mat og kaffi frå kl 1630. Mange fine gevinstar. Røvar kr 1500.  Vi håper at du kjem! Velkomen!

Skikveld for damer

Skigruppa inviterer damer i alle aldrar til nybegynnarkurs i skøyting fredag 6. mars kl 18-19. Oppmøte ved klubbhuset på Omenås. Instruktørar er Marian og Tina. For dei som har muligheit til å stille med skøyteski/sko/staver anbefalar vi dette. Dei som ikkje har det kan fjerne smørninga på klassiskskia. Staver som når omtrent til haka egnar seg best.

Det blir også ei økt i klassisk stil måndag 16. mars kl 1830-1930. Vel møtt!

VM i skiskyting laurdag 7. mars kl 1300

Det blir Valldalsmesterskap i skiskyting på Myklebust. Det blir pølsegrilling og enkel servering. Premieutdeling rett etter rennet. Etter rennet, ca kl 1400, får utøvarar frå 7 år (1. klasse) og eldre som ikkje har gjennomført skiskyttarskulen høve til å prøve å  skyte ein serie under veiledning. NB! Ber om at de som kjem parkerer på klubbhuset og følger lysløypa ned til standplass. Velkomen! Resultatliste VM skiskyting 2015

Smørekurs 3. mars

Tysdag 3. mars kl 18.00 blir det smørekurs på klubbhuset på Omenås. Kurset er ved Geir Myklebust og Harald Gjedrem. Dette er ei oppfølging av det første smørekurset vi hadde tidlegare i vinter. Det blir gått litt grundigere inn på festesmøring og behandling av glidsona på klassisk og skøyteski. Kurset passar for alle som har lyst til å lære mer om skismøring. Møt opp å få med deg ny kunnskap – eller frisk opp gammal kunnskap.
Unngå dei store smøretabbene – møt opp på smørekurs!

Løypekøyring i påska

På grunn av misforståingar blei det ikkje køyrt løype alle dagar slik som planlagt i påska. Vi beklager dette sterkt.

I påska blir det blir køyrt opp skiløype slik:
Palmesøndag 29. mars: Lysløypa og Valldalssætra
Måndag 30. mars: Høghjelle, ettermiddag.
Tysdag 31. mars: Langdal – Slettvikane, Nedstestølen, før kl 1200.
Onsdag 1. april: Langdal – Slettvikane
Skjærtorsdag 2. april: Lysløypa, klart til kl 1200. Muligens også til Valldassætra.
Langfredag 3. april: Høghjelle
Påskeaftan 4. april: Langdal – Slettvikane, Nedstestølen.
1. påskedag 5. april: Langdal – Slettvikane

Skirenn 21.-22. februar

Eidsdal IL inviterer til KM klassisk langdistanse og Sparebanken Møre cup laurdag 21.2. Det er også barneskirenn for barn 8-10 år. Sparebanken Møre cup KM Eidsdal 21.2.15

Liabygda IL/Stordal IL inviterer til KM fristil og Sparebanken Møre cup søndag 22.2. Det er også sonerenn. Sparebanken Møre cup Stavseng 22.2.2015  Sonerenn Stavseng 22.2.15

Sonestafett 1. februar

Eidsdal IL inviterer til sonestafett på Løvoll søndag 1. februar kl 1300. Det er tre på kvart lag. Det er også barneklasse for dei yngste.  Dei som vil vere med kan ta kontakt med Jan Ole seinast torsdag 29. januar. Innbyding til sonestafett 2015   Resultat: sonestafetten2015_resultatliste  Deltakarliste sonestafett 8 år og y. Eidsdal IL 010215

Smørekurs

Skigruppa inviterer til smørekurs på klubbhuset tysdag 27. januar kl 1800.

Skicross søndag 18. januar – på verdas snødag!

Valldal IL inviterer til sonerenn skicross på Omenås søndag 18. januar kl 1300. Det er klasser for alle, store og små. Kort løype med ulike utfordringar som svingar, kular, labyrint og hopp. Alle løparar går løypa to gongar med pause mellom. Full premiering. Kafe på klubbhuset. Velkomen!
Plakaten med informasjon om påmelding finn du her: Skicross-VIL-18.1.15 Resultatlista finn du her: Sonerenn – skikross VIL 18 01 2015

Kick off for skisesongen 2015

Torsdag 8. januar startar skikafeen opp for sesongen. Det blir skikafe på klubbhuset kl 1800-2030, kvar torsdag fram til påske.

Same kveld kl 1900 blir det markering og visning av ny trakkemaskin og besøk av nokon av dei store sponsorane som har hjelpt oss med finansieringa. Skigruppa ønskjer små og store velkomen til lysløypa, klubbhuset og akebakken denne kvelden. Om veret er greit tenner vi opp bålpanna og skikafeen sel pølser til grilling. (Ta gjerne med grillpinne.)

Vi minner om at leik i akebakken er på eige ansvar, og ber alle om å ta omsyn til kvarandre slik at dette blir ein kjekk stad å vere for alle aldersgrupper.

Kronerulling for trakkemaskin

Trivst du i oppkøyrte skiløyper, enten det er i lysløypa i mørke vinterkveldar, eller på Trollstigvegen i påskesol? Bli med på spleiselag for ny trakkemaskin!

For å skape aktivitet på ski er det viktig med gode løypeforhold. Dette får vi med godt trakkeutstyr. Maskina vi har no har hatt store og uførutsette reparasjonar dei siste åra, og det er tid for å skifte henne ut.

Skigruppa arbeider med finansiering av ny trakkemaskin, og har fått tilsegn om spelemidlar til prepareringsutstyr og støtte frå ulike lokale aktørar.

For private er det sett ein minstepris på kr 500. Gi gjerne meir om du har høve og synest opptrakka løyper er verdt det.
Oppdatering på framdrift av kronerullinga kjem i Storfjordnytt. Utfordre gjerne andre til å betale, skriv då namna inn i meldingsfeltet når du betalar.

Til bedrifter tilbyr vi tre ulike nivå på støtte: kr 2500, kr 5000, kr 10 000. Les meir her: Gåveandelsalg bedrifter

Innbetaling til kontonummer 3910 19 06055

På førehand takk for støtta!

Desse har gitt: Aksel Indreeide, Margareth Lossius Bjerke, Geir Håkon Myklebust, Jan Ole Fuglem, Geir Arne Myren, Ellisiv V. Jarvik, Barbro Marie Sunde, Arne Øyvind Sandnes, Monika H. Lingaas, Anne Nygård, Einar Hoel, Harald Gjedrem, Myrna AS, Harald Starheim, Kristi Linge Stakkestad, Terje Nerhus, Valldal Hytteservice, Per Jomar Nerli, Valldal Bilsenter, Odd Terje Waldal, Kjell Vad, Viktor Valdal, Arne Hoel, Marian Myklebust Sunde, Jemtegård Feriesenter, Sissel Anita Longva, Tore Berdal, Reidar Bjørstad, Nord-Vest Revisjon, Magne Hoel, Bente Klakken Osvik, Lingåsen Hyttefelt, Rempro, Harald Vestre, Anett Steinnes, Per Magnus Berdal, Magnhild Grønningsæter, Lars Grønningsæter, Terje Hoel, Anne Lene Hjelle, Stig Rune Grønning, Liv Marit Bjørstad, Olav Bersås, Solveig Linge Stakkestad, Gjerde Camping, Tore Hoel, Kåre Erstad, Anna Elisabet Bersås, familien Jemtegård Moen, Jens Lingaas, Kristin G. Sandnes og Håkon Myklebust, Muritunet, Bjørg S. Kleppe, Iver Matias Linge Glomnes, Else Karin Æsøy, Torkjell Døving, Alf Hoel, Knut-Johan Skogstrøm Jørgensen, Lars Valdal, Magne Eivind Glomnes, Aud Lindis Ødegaard, Leif Valdal, Oddbjørn Hoel, Knut Hjelme, Norddal Rekneskapskontor, Andreas Håvoll, Anne Marit Rørtveit, Juvet Landskapshotell, Randi Flø, Mariel Longva, Jarle Hauge, Trine Hauge, Karl Ole Longva, Ove Indreeide, Erlend Sandnes, Lidvard Gjerde, Kristin K. Håseth, Sissel Tiril Rem, Gudmund Hoel, Sølvi Døving, Magne Alstadsæter, Tor Grønningsæter, Gunnar Valdal, Jogeir Gjerde, Lene Heggen Johansen, Omenås Hyttegrend, Randi Heggen, Lars Kristian Feste, Dag Snorre Grønningsæter, Arnhild Bersås, Aksel Døving, Øyvind Grønning, Leif Indreeide, Erna Nerli, Jens Myklebust, System-Electro Norddal AS, Glenn Rognsø, Tore Høghjelle, Odd Martin Hoel, Linda Myren, Fridjon Døving, Språksmia AS, Anne Marit Ringseth, Nils Petter Ringset, Marit Valdal, Kari Gjerde, Evert Conny Dahlberg, Erla Hoel, Solveig Ranheim, Liv Hanne Svensvik, Anna Marie Sunde, Stig Johnny Hoel, Kjell Hoel, Terje Linge, Stein Kristian Valdal, Kjersti Sæther Magnussen, Lars Ingleif Omenås, Alf Erling Dahlen, Bechtold Jorg og Juliette, Nina Beate Grøndahl, Reidun Lovise Lied Dahlberg, Reidun Vestre Moe, Ole Martin Hauge, Jostein Gjerde, Turid Engeset Løvoll, Olav Løvoll, Judith Krogh, Dagrunn Rem, Marit Øvrevoll, Signe Brenna, Lars Petter Hauge, Leif Heggen

Desse er utfordra: Alle campingplassar i Valldal, Fjørå og Tafjord,  alle ivrige birkebeinarar, Torgeir Sunde, Jonny Gjerde,Dagrun Arctander, Bjørn Inge Ruset, Vebjørn Bjørstad,  Håvard Heggen, Knut Ove Myklebust, Turid Vad, Mette Hovden, Silje Sandøy Grønning, Mariann G. Døving, Tone Swampillai, Nils Bendik Rem, Tone Grønningsæter, Hans Martin Gjedrem,  Cathrine Berli, Børge Heggen Johannesen, Stig Rune Grønmo Johannsen, Lars Tomas Bersås, Wenke Silden, Rolf Solnørdal, Ingrid Granøen, Pål Morten Krågebakk, John Hallgeir Uri,  Andre Berli, Roar Berli, Rune Waldal, Erlend Hjelme, Rune Omenås, Tor Egil Strømme, Bente og Trond Håvoll, Finn Audun Valdal, Håvard Sunde, Liv Eldrid Båtnes, Halvard Hurlen, Bjarne Ødegård, Kenneth Hovden, Frode Myren Døving, Sissel Skudal, Dagrunn Vikesland,

Oppdatering: 20.1. har det kome inn kr 161 000
Tusen takk til alle som har bidratt så langt, vi håper at fleire ser nytten av å gi!

19.12.: Ny trakkemaskin er no på plass – og kronerullinga for finansiering held fram. Dess meir midlar vi får inn, dess meir av inntektene til skigruppa kan brukast på aktivitet istadenfor nedbetaling av lån!

Treningssamling for barn og unge

Laurdag 20. desember kl 1030 blir det treningssamling i langrenn for barn og unge i sone indre Sunnmøre. Aldersgruppa er 1. klasse og eldre. Det blir ei økt klassisk først, så lunsj og ei økt fristil etterpå. Samlinga er på Omenås med base på klubbhuset. Påmelding med namn og alder på sms til tlf 41431663. Vel møtt!

Nytrakka skiløype

Fredag 19. desember kl 2100: Nytrakka skiløype  – med den nye trakkemaskina!
Tysdag 16. desember kl 1500: Nytrakka skiløype i lysløypa.
Laurdag 12. desember kl 1200: Den gamle trakkemaskina har sagt takk for seg med nytrakka skiløype i lysløypa på Omenås. Den gamle maskina reiser til Trøndelag, medan vi gler oss til ny som kjem neste veke.

Ny trakkemaskin – vedtak om kjøp på ekstraordinært årsmøte

Årsmøtet 4.12.14 hadde god oppslutning og det vart vedteke å kjøpe ny trakkemaskin til kr 1.5 mill inkl mva. Den gamle maskina vert seld til Stod IL ved Steinkjer. Sjå protokoll frå ekstraordinært årsmøte Referat ekstraordinært årsmøte VIL 4 12 14.

Skikveld på klubbhuset 25. november

Sport1 Tomra kjem til klubbhuset på Omenås tysdag 25. november kl 18-20. Dei har med seg ein del varer og tek opp bestilling på ski og anna, slik som tidlegare år. Dei har også med prøvedressar på klubbdressar frå Craft. Levering til jul ved bestilling no. Om det er noko spesielt du ønskjer at dei tek med så ta kontakt med Eva på tlf 90682002.

Racingkveld hos Sport1 på Vestnes

Racingkveld høst2014 (2)

Klubben i mitt hjerte

Ver med å stem «På klubben i mitt hjerte» – vi reknar sjølvsagt med at det er Valldal IL!! Her er det mulegheit for idrettslaget å få premiar dersom mange stemmer. Sjå reglar på idrettsforbundet  . Stemmegjeving på  Dagbladet  i perioden 8.-21.11.2014

Klubben-i-mitt-hjerte_Logo-med-arrang+©rer_RGB

Fagdag langrenn 8. november

Langrennskomiteen i Møre og Romsdal skikrets inviterer til fagdag på Molde laurdag 8. november. Invitasjonen går til alle skiklubbane; løparar over 15 år, trenarar, leiarar, føresette – og andre langrenns-interesserte. Fagdagen er kombinert med haustmøtet, og blir på Romsdal videregående skole. Påmelding innan 3. november. Les meir her:
Fagdag langrenn

Barmarkstrening

Skigruppa ønskjer barn og vaksne vel møtt til treningar slik:
Tysdag kl 18-19: Trening på stadion og i lysløypa for barn frå 1. klasse og oppover. To grupper. Oppstart 28. oktober.
Tysdag kl 19: Felles uorganisert trening i lysløypa for vaksne. Oppstart 21. oktober.
Torsdag kl 18-19: Skiskyting i anlegget på Myklebust. For barn som har gjennomført skiskyttarskulen.
Oppstart av styrketrening på samfunnshuset vert kunngjort seinare.

Overtrekksdressar VIL ski

Medlemmar i Valldal IL kan bestille Bjørn Dæhlie overtrekksdress. Prøving foregår på kort varsel:
– i samband med rulleskitrening ved samfunnshuset tysdag 30. sept kl 18-19
– på Kraftsenteret onsdag 1.okt kl 11-16 og kl 1730-19
– Hos Sport1 på Vestnes torsdag 2.okt kl 17-20. Der er det også merkevaresalg.
Beklager kort varsel, men dette vart ikkje klart før.
Levering i november. Ta kontakt om de har spørsmål, tlf 45225738

Skiskyttarskule

Valldal IL startar skiskyttarskule for barn og unge som har lyst å begynne med skiskyting. Dette er for dei som ikkje har gjennomført opplæring tidlegare og går i 4 klasse eller er eldre. Dette er eit obligatorisk kurs som gir nødvendige informasjon og opplæring for å få glede og utbytte av å drive med skiskyting. Minst ein føresett må delta på kurset saman med barnet. Kurset er gratis. Instruktørar er Hans Martin Gjedrem og Jan Ole Fuglem. Oppstart torsdag 18.september kl 18.00 på klubbhuset på Omenås. Påmelding til Jan Ole innan 17.09. (tlf 41431663 / jan.ole.fuglem@gmail.com). Håper mange har lyst å delta!

Trollstigen OPP søndag 14. september

Trollstigen OPP er eit rulleskirenn i klassisk stil. Rennet var ein del av Midt Norsk Rulleskicup og også første renn i Sparebanken Møre Cup 2015. Klasser frå 11 år og oppover. Dei yngste klassane starta i botn av Trollstigen  (5 km). Junior og senior starta ved Trollstigen gjestegård0 (9 km). Sjå resultatliste Trollstigen Opp 2014 resultater

Kretslaget til Valldal

11.-14. september skal kretslaget til Møre og Romsdal Skikrets ha treningssamling i Valldal. Dei 22 løparane startar samlinga med å springe frå Overøye til klubbhuset på Omenås. Det blir fleire rulleskiøkter, tur til Mefjellet og besøk i klatreparken på Hjelme. Samlinga blir avslutta med rulleskirennet Trollstigen Opp.

Haustsamling 26.-28. september

Årets haustsamling i skigruppa blir i år som i fjor arrangert på Ullsheim skistadion i Markane siste helga i september. Det blir barmarkstrening, rulleski, skytetrening og mykje moro. Samlinga er for både små og store skiløparar, både nybegynnarar og vidarekomne er velkomne! Påmelding til Jan Ole innan 19.9. Samling Markane 2014

Rulleskileik for barn/unge 8-13 år

Tysdag 9. september kl 1700 -1830 blir det rulleskileik for barn 8-13 år på parkeringsplassen ved FDV-bygget i Djupøyna i Valldal. Det er ope for alle, både nybegynnarar og vidarekomne. Aldersgrensa er fleksibel. Treninga er i samarbeid med Møre og Romsdal skikrets og kurset er ved Geir Tony Tomren. Det blir utlån av rulleski. Ta med skisko, hjelm og hanskar. Fint om dei som har eigne rulleski eller utlånski frå VIL tek dei med. Etterpå blir det informasjon om sikkerheit og trening på klubbhuset. Bli med! Rulleskileik 9.9.14

Valldalsmesterskapet i langrenn 2014

Då er vel skisesongen over for i år. VM vart arrangert på Grønningsæter i mange varmegrader, minimalt med snø og realt klisterføre. I alt  68 løparar stillte til  start i klasser frå svært unge til fram mot 70 år. Stor innsats frå alle deltakarar. Ei fin avslutning på ein amputert skisesong. Her er Resultat VM 6.4.14. På lista er alle deltakarar med, også dei som stillte i gjesteklassa.

Skiløype

Langfredag –  køyrd løype frå Øvstestøl til Slettvikane. Om lag 25 cm nysnø på Slettvikane. Fine forhold med knall sol.  Varmen tærer på snøen første 2 kilometerane så her må skiene av og på. Også ok forhold utanom køyrd løype.

Skjærtorsdag – det er køyrd skiløype frå Øvstestølen til Slettvikane. Det er lite snø til Byksbrua og med mange varmegarder vil ikkje forholda halde så lenge.

Stafett i Eidsdal søndag 30. mars

Sonestafett i Eidsdal søndag 30. mars kl 1300. 8 år og yngre går 1 km fellesstart. Frå 9 år og oppover stafett, tre på kvart lag, klassisk-fri-fri. Guteklasse, jenteklasse, dameklasse, herreklasse. Gode forhold på reservearenaen på Korsmyra i eit fantastisk flott ver. Her er resultat frå Fjordastafetten Eidsdal 30.3.14

Telenorkarusellen Valldal/Liabygda-cup tysdag 25. mars

Stavsengfjellet. Fristil. Klassar for alle aldrar. Arrangørklubb  Liabygda IL Resevearena. Her er Resultat VL-cup 25.3.14

Sparebanken Møre-cup i Valldal 23. mars

Finalen i Sparebanken Møre Cup 2013/14 vart arrangert under gode forhold på Grønningsæter. Grunna flytting til reservearena og begrensa snørforhold vart rennet arrangert som fristilrenn og med individuell start. Knappe 100 fullførande viste stor innsats i dei krevjande løypene i øvre Valldal. Gråver og lette snøbyger på morgonen endra seg til sol og påskestemning når starten gjekk. Eit godt gjennomført arrangement på tampen av ein «rar» skisesong.  Her er resultat for SBM-cup Valldal 230314
NB! Det vart attgløymt eit par øyredobbar i damegarderoba. Saknar du desse så ta kontakt på tlf 45225738.

Oppdatert informasjon 20.3.: Rennet blir arrangert på Grønningsæter, ca 20 km oppover dalen frå Valldal sentrum. Rennkontor på start. Her er   Startliste SBMCup230314. Første start kl 12.30.

Oppdatert informasjon 18.3.: Rennet blir arrangert i fristil med individuell start. Vi beklager at snøforholda ikkje gir oss anledning til å lage duatlon-renn. Rennarena blir Omenås, med Grønningsæter som reservearena viss den snøen vi har fått no regnar vekk i mildveret som er meldt. Endeleg avgjerd blir tatt torsdag 20.3. Påmeldingsfrist er torsdag 20.3.  Endring i rennopplegg SBMøre Cup – Valldal

Søndag 23. mars er det planlagt kretsrenn/Sparebanken Møre Cup i duatlon i Valldal. Rennet blir truleg arrangert på reservearena på grunn av snømangelen. Endeleg avgjerd om plassering blir tatt måndag 17. mars. Sjå invitasjonen her SBM-cup 2014 – Valldal – innbyding

Sparebanken Møre-cup i Stordal 22. mars

Det blir renn i Stordal (Langsætrane/Overøye) laurdag 22. mars. Sprint fristil. Klasser frå 8 år. Påmeldingsfrist er 20. mars. Informasjon her: http://www.skiforbundet.no/more-og-romsdal/langrenn/terminliste/arrangement/?eid=289657

Skikafe 20. mars

Årets første skikafe blir på klubbhuset torsdag 20. mars kl 18-2030. Velkomen!

Bingo søndag 9. mars

Valldal IL skigruppa inviterer til bingo på Valldal samfunnshus søndag 9. mars kl 1800. 21`frå kl 1730. Flotte gevinstar. Røvar kr 1500. Sal av mat. Velkomne! Bingo-plakat-9.3.14

Skiløyper

1.3.14: Snøen på Nedstestølen og Øvstestølen er i stor grad borte. Det vert difor ikkje køyrd løyper der før det evt kjem meir snø. Det er ein kort trase på Høghjelle. Fine løyper i Gråsteindalen mellom Eidsdal og Geiranger. Ta kontakt med Eidsdal IL for å sjekke når løypene er køyrd.

Sonerenn skicross 2. mars

Det var fine forhold under sonerennet 2. mars. Det vart arrangert som skicross på Høghjelle og vel 70 deltakarar stillte til start. Det var ikkje like mange «utfordringar» som elles, men det var både portar, «krype under» og baklengs.  Det var deltakarar frå Eidsdal, Norddal, Valldal, Liabygda, Stranda, Stordal og Emblem.  Her kan ein sjå korleis det gjekk Resultat sonerenn VIL 2.3.14

Skirenn i Eidsdal laurdag 22. februar

Sparebanken Møre Cup. Klassisk stil. Klasser frå 8 år. Rennet vart gjennomført under gode forhold på Korsmyra/Gråsteindalen mellom Eidsdal og Geiranger. Iver Matias Linge Glomnes fekk best tid av alle som gjekk 10 km og sikra seg også KM-tittel i M18 år. Også Trond Marius Vad sikra seg også eit nytt KM i M19-20 år. Resultat er her  Resultatliste KM 2014 Eidsdal

Telenorkarusellen Valldal/Liabygda-cup laurdag 15. februar

Rennet som opprinneleg var oppsett tysdag 11. februar blir flytta til laurdag 15. februar kl 1400. Rennet går Langdal – Nestestølen i klassisk stil. Parkering på Langdal. Påmelding kl 1315-45. Klasser for alle aldrar. Startkontingent kr 30. Telenorpremie til alle barn som deltek i minst to renn, og premie til alle som deltek i minst fire renn. Telenorkarusell 15.02.14 Resultat Telenorkarusellen 15.02.14

Sonerenn Stordal søndag 9. februar

Stordal IL inviterte til sonerenn sprint fristil på Langsætrane/Overøye søndag 9. februar. 75 deltakarar. Resultat-sonerenn SIL 9.2.2014

Telenorkarusellen Valldal/Liabygda-cup søndag 2. februar

Andre renn i cupen blir arrangert på Langsætrane/Overøye søndag 2. februar kl 1200. Påmelding kl 1115-1145. Parkering ved Puskebrua, 300 m frå start. Klasser for alle aldrar. Startkontingent kr 30. Telenorpremie til alle barn som deltek i minst to renn, og premie til alle som deltek i minst fire renn. Rennet var opprinneleg oppsett på Stavsengfjellet 28. januar Innbyding Stordalscup2014 søndag 2.2 på Overøye-Langsætrane 90 deltakarar gjennomførte rennet i kraftig vind og 6 varmegrader. Resultat fellescup-Stordalscup nr 3 2.2.2014

Sparebanken Møre Cup på Skaret laurdag 1. februar

Vistdal IL inviterer til kretsrenn klassisk normaldistanse. Rennet er flytta til Skaret ved Molde pga snømangel hos arrangøren. Klasser frå 8 år. Påmelding via minidrett.no seinast onsdag 29.1. SBM-cup Vistdal IL 2.2.14 Meir informasjon på skikretsen sine sider, sjå link i høgre marg.

Programbladet langrenn 2014

Vi takkar annonsørane våre for at de støttar bladet og arbeidet vårt. Programbladet langrenn 2014

 Skiløype

8. februar: Det blir framleis køyrt skiløype frå Langdal mot Øvstestølen og Nestestølen etter behov. 24. januar: Det er oppkøyrt skiløype frå Langdal mot Øvstestølen og Nestestølen etter behov.

Stordalscup

Stordal IL inviterer til årets første Stordalscup  i langrenn, på Langsætrane søndag 19. januar. Fristil intervallstart. Start kl 1200, påmelding kl 1115-1145. Løparar frå naboklubbane er velkomne til å delta. Stordal IL melder om per dato gode forhold i ca 4 km løype (litt kvist, ikkje stein, grus). Parkerinsplass ved bom på Puskebrua, 300 m frå løypa. Innbyding Stordalscup2014

Skisesongen i gang

Snøen har glimra med sitt fråver i lavlandet hittil i vinter. I Øvstestøl-Nedstestøl området har det imidlertid vore gode forhold den siste tida. Søndag 12. januar vart årets første Telenorkarusell/Valldal Liabygda cup arrangert under flotte om enn noko kalde forhold langs Nedstestølvegen. Vel 40 unge og eldre stillte på startstreken med følgjande Resultat VL cup 12.1.14 På Bjorli var det same dag, Sparebanken Møre cup. Det var Molde som flytta sitt «Romjulsrenn» både når det gjeld tid og stad. Denne gongen var det nok snø men tempraturen var i grenseland for å arrangere. Rennet gjekk i fristil, fellesstart. Iver Matias Linge Glomnes held fram som forrige sesong og sikra seg sigeren i M18, om enn med minst mogeleg margin. Resultatliste

Telenorkarusell – Valldal/Liabygda-cup søndag 12. januar

Årets første cup blir arrangert på Nedstestølsvegen frå Langdal søndag 12. januar kl 1300. Klassisk stil. Klassar for alle aldrar. Startkontingent kr 30. Påmelding til jan.ole.fuglem@gmail.com innan fredag kl 2300. Det er også muleg å melde seg på ved start. Uttrekkspremiar. Opprinneleg var cupen planlagt til tysdag 14. januar, men snømangelen gir endringar. Neste cup er planlagt til tysdag 28. januar på Stavsengfjellet.

Skiløype på nyåret

9. januar:       Løype frå Langdal til Øvstestøl – Nedstestøl 7. januar:       Løype frå Langdal. Hovudlykt nødvendig 4. – 5. januar: Det er køyrd skiløype i området Øvstestølen/Nedstestølen. Klassisk og fristil.

20131229_001

Stordalsrennet

MOI måtte avlyse Romjulsrennet. Stordal IL arrangerte på kort varsel treningsrenn i fristil på Langsætrane. 57 løparar stillte til start under bra forhold. Her er Resultat Stordal 28.12.13

Skiløype

Laurdag 28. desember: Løype køyrd på Grønningsæter/Høghjelle. Også løype Langdal -Byksebrua. Ok forhold, men mildt ver og vind gjer at snø og løyper vert glasert. Fredag 27. desember: Løype på Grønningsæter/Høghjelle er fresa opp og det er køyrd spor. Nokre vanskelege parti. Vert køyrd på nytt på laurdag 28. Måndag 23. desember: Nykøyrd løype omlag 3 km, fristil og klassisk. Gode forhold, med unntak av nokre parti med overflatevatn Laurdag 21. desember: Det vert køyrd løype på Grønningsæter/Høghjelle fram til snøen legg seg på Omenås. I jule-/nyttårshelga vert løypa køyrd dagleg dersom det er behov det Tysdag 17. desember blir det oppkøyrt løype på Grønningsæter. Skitrening kl 18-19. Hugs hovudlykt! Laurdag 14. desember blir det køyrt opp løype på Grønningsæter. 9.12.: Det er no trakka skøytetrase i lysløypa. 7.12.: Det har dessverre ikkje lukkast å få køyrt opp skiløype på Omenås. Trakkemaskina er ikkje i orden, og vi har venta ei stund på nye delar. Delane er undervegs, så dersom alt går etter planen blir det køyrt løype tysdag eller onsdag i veke 50. Det er oppkøyrt løype på Stavsengfjellet.

Treningssamling

Laurdag 14. desember blir det treningssamling for barn frå 6 år og oppover på Omenås. Dette er eit samarbeid innan sone indre Sunnmøre, og invitasjonen går også til naboklubbane våre i Norddal, Stordal og Stranda. Det blir delt inn i to eller tre aldersgrupper, avhengig av kor stor påmelding det blir. Det blir to økter med matpause mellom. Påmelding til Jan Ole innan torsdag 12. desember jan.ole.fuglem@gmail.com

Barmarkstrening

Det er snøfritt att på Omenås, så det blir barmarkstrening tysdag 3. desember.

Skikveld på klubbhuset måndag 11. november kl 1800

Sport1 Tomra på Vestnes inviterer til skikveld på klubbhuset på Omenås måndag 11. november frå kl 1800. Dei har fersk informasjon om nytt frå leverandørar som Fisher, Swix, Alpina, Rode, Bj-kolleksjon, Madshus og Rottefella og vareprøver på racingski og og -sko. Dei tek imot bestillingar. Ta kontakt med Sport1 på førehand dersom det er varer som de ønskjer at dei skal ta med seg. Det er 25 % avslag på varer som blir kjøpt og bestilt denne kvelden.
Kontakt eva@tomrakonfeksjon.no / tlf 90 68 20 02.

Det blir også informasjon og registrering av deltakarar på Birken-tur.

 Langrennshua 2014

Valldal IL  har langrennshuer for sal til kr 250. Årets hue er raud. Her kan du sjå bilete.  For bestilling, kontakt Kristi, tlf 45225738.

Barmarkstrening

Kvar tysdag kl 18-19. Oppmøte Valldal stadion. Ope for alle barn frå 1. klasse og oppover. To grupper. Bli med på utetrening. Dette er kjekt. Velkomen!

Innetreninga er i godt gang

Vi minner om styrketrening på Valldal samfunnshus kvar torsdag kl 18-1930. For store og små, frå 10 år og oppover. Alle er velkomne!

Klubbutviklingskveld skiskyting

Måndag 21 oktober kl 1730 vert det invitert til  klubbutviklingskveld på klubbhuset på Omenås.

Då kjem Åshild Høva Sporsheim fra Skiskytterforbundet  for å informere om skiskyting og aktivitetar knytt til dette.
Dette er en kveld for foreldre, ledere, styre, trenere, medlemmer med verv, aktive utøvere mm.
Håpar så mange som muleg har mulighet til å komme og delta.

Trening

Barmarkstrening på Valldal stadion kvar tysdag kl 18-19. For barn frå 1. klasse og oppover. To grupper.
Innetrening i gymsalen kvar torsdag kl 18-1930. Styrketrening for vaksne og barn frå 10 år. Ope for alle.

Stordalsamlinga 4.-6. okt

Stordal IL Langrenn inviterer også i år alle løparar i aldersgruppa 11-16 år (årgang 2003-1998) til langrennshelg. Det blir variert trening med og utan rulleski, både ute og inne i hallen. Meir informasjon om helga finn du her: Stordalssamlinga 2013 

Treningssamling 27.-29. september

Årets haustsamling blir arrangert på Ullsheim skistadion i Markane siste helga i september. Samlinga er tilrettelagt for born frå 1. klasse og oppover. Deltakarar i alle aldrar er velkomne! Vel møtt til ei hyggeleg fellessamling og sesongstart for små og store ski- og treningsinteresserte i Valldal IL. Meir informasjon finn du her: Treningssamling Markane 2013

Kretslaget og Team Trøndelag på besøk

12.-15. september hadde Møre og Romsdal sitt juniorkretslag i langrenn samling i Valldal, med base på klubbhuset. Vi fekk også besøk av Team Trøndelag, som er samansett av 1., 2. og 3. års seniorar på høgt nivå. Tilsaman var det om lag 40 personar som var samla til felles trening og felles måltid. Det var rulleskiøkt både i Tafjord og til Trollstigen. Fredag gjekk turen på rulleski frå klubbhuset til Hauge, derifrå sprang dei til Mefjellet. Elles var det styrketrening i gymsalen, sosialt samvere og pizza og bowling på Kulå. Samlinga vart avslutta med rulleskiløpet Trollstigen Opp. Her kan du lese og sjå video om Team Trøndelag som var godt fornøgde med samlinga: Team Trøndelag.

Sommarskiskule

Det blir arrangert sommarskiskule fleire stadar i landet. Medlemmar frå Valldal IL har tidlegare år delteke på sommarskiskulen i regi av Toppidrettsveka på Aure på Nordmøre. Nokre skal delta i år også. Sommarskiskulen 2013 blir arrangert frå laurdag 3. august til tysdag 6. august og er for barn født frå 1997 til 2003. Kjente langrennsløparar er instruktørar. Bli med!  Meir informasjon her.

VM i skiskyting

Laurdag 14. april var ein historisk dag i Valldal IL. Då vart det første klubbmesterskapet i skiskyting arrangert på Høghjelle. I vinter har det vore gjennomført skiskyttarskule under kyndig leiing av Hans Martin Gjedrem og Jan Ole Fuglem. På laurdag var det avslutning med innlagt klubbmesterskap det heile 14 deltakarar var på startstreken. Løypelengda var ca 1,5 km med innlagt 2 skytingar og alle i ei klasse. Det er å merke seg at treffprosenten er høgare hos jentene enn hos gutane. Er det ein Tora-effekt?Resultat VM skiskyting 130413

Skiløype

Laurdag 14. april er det oppkøyrt løype på Grønningsæter/Høghjelle, og frå Langdal mot Nestestølen og Byksebrua. God skitur!

Iver Matias nærmar seg toppen

Skisesongen er ikkje heilt slutt enno. 4.-7. april var det avslutning i Norgescupen for juniorar på Hedemarken. Iver Matias Linge Glomnes har stadig meir fart på skiene og på 10 km fristil gjekk han inn til ein flott 13. plass i M17 år. Avstanden til 3. plass var berre 27 sekund. I finalen på 5km + 5 km fellestart med skibytte vart det 18. plass. Imponerande!!

VM 2013

Skjærtorsdag 28. mars kl 1300 var det Valldalsmesterskap/VM på Omenås. I år gjekk rennet i fristil. Heile 148 deltakarar stilte til start i fint påskevêr. Dei største klassane var i år, som tidlegare år, barn 8 år og yngre med 68 deltakarar, og herrer 17 år og eldre med 31 deltakarar. Kjekt at så mange ville vere med, både av eigne medlemmar og i gjesteklassane. Vaffelpressa gjekk for fullt på kjøkkenet og køa var til tider lang. Vi håper alle hadde ein fin dag. Langrennsgruppa takkar publikum, deltakarar og alle medhjelparar for eit godt gjennomført renn, og ønskjer alle ei god påske vidare! Resultatliste VM 2013

I eldste herreklasse fekk ikkje alle plass på «pallen»

Sparebanken Møre Cup 23.3.13

Valldal IL arrangerte siste renn i Sparebanken Møre Cup 2013 laurdag 23. mars. Omlag 130 deltakarar stillte til start og rennet vart gjennomført under svært gode forhold. Klasser t.o.m. 12 år gjekk fellesstart, medan klassene over gjekk duathlon med skibytte halvvegs. REsultatliste for SBM-cup Valldal 23.3.13 Dette var altså siste renn i Sparebanken Møre Cup 2013 og samanlagtliste vil verte lagt ut på skikretsen si nettside.

Skiløype (gjeld påska 2013)

Det er no oppkøyrt løype følgjande stadar:
– lysløypa med ekstra sløyfe på Myklebust
– Myklebust – Valdalssetra
– Rem – Alstad
– Høghjelle/Grønningsæter
– Langdal – Nedstestølen
– frå Øvstestølen mot Slettvikane

 Sonestafett 16.3. og sonerenn 17.3.

Eidsdal IL inviterer til sonestafett på Løvoll laurdag 16. mars. Eige renn for 8 år og yngre. Stafett for klasse 9-12 år og 13 år og eldre. Klasssisk – fri – fri. Innbyding til sonestafett 2013 Bli med på stafett! Påmelding til Jan Ole Fuglem. Liabygda IL inviterer til sonerenn kombinert med Valldal/Liabygda-cup på Stavsengfjellet søndag 17. mars kl 1300. Fristil. Sonerenn og V/L-cup LIL 170313

Skihelg på indre Sunnmøre

Laurdag 9. mars var det SBM-cup på Strandafjellet i fristil med Sykkylven IL som arrangør, og søndag 10. mars var det Eidsdal IL som stod for det 8. og nest siste rennet i sesongens SBM-cup. Begge dagar var det fantastiske vinterforhold og deltakinga var også brukbar. Resultat SMB cup Sykkylven 9.3.13 og SMB cup Eidsdal 10.3.13 Finale i SBM-cup er i Valldal laurdag 23. mars

Sonerenn søndag 17. mars

Liabygda IL inviterer til sonerenn kombinert med Valldal/Liabygda-cup på Stavsengfjellet søndag 17. mars kl 1300. Fristil. Sonerenn og V/L-cup LIL 170313

Kretsrenn og sonestafett i Eidsdal

Kretsrenn/Sparebanken Møre cup 8 søndag 10. mars. Sjå invitasjonen her. Sonestafett laurdag 16. mars. Eige renn for 8 år og yngre. Stafett for klasse 9-12 år og 13 år og eldre. Klasssisk – fri – fri. Innbyding til sonestafett 2013.

V/L-cup / Telenorkarusell på Omenås tysdag 5. mars

Rennet vart arrangert i fristil med kortare distansar enn normalt, på grunn av situasjonen med mykje vatn i løypa enkelte stadar. Fellesstart for klasser 9 år og eldre. 51 løparar til start. Resultat – Valldal Liabygda cup 5.3.13

Telenorkarusellen/cuprenn 28.2. – vart flytta til Overøye

Cuprennet på Stavsengfjellet torsdag 28. februar vart flytta til Øverøye p.g.a. snø- og førehold Vanskeleg føre men likevel opp mot 50 til start. Resultat Valldal Liabygda Stordal cup 28.2.2013

Oppstart – skiskyting

Tysdag 26. februar kl 1730 blir det oppstart skiskyting for alle interesserte som er 10 år og eldre. Oppmøte på klubbhuset, aktive inkludert føresette. NB! Føresette må vere med. Første steg på vegen er informasjon om tilbod og avklaring av kva forventningar og krav som blir stilt. Det er lagt opp til ein times økt inne på klubbhuset før den ordinære langrennstreninga startar kl 1830. Det er langrennsgruppa som står bak tilbodet. Velkomen!

Jnr NM på ski

Lillehammer var staden for jnr NM på ski i dagane 22.-24.februar. Mellom dei mange startande var det to gode representantar frå Valldal, Iver Matias Linge Glomnes i M17 og Trond-Marius Vad i M19-20. Iver Matias gjorde det aller skarpast med ein 23. plass av 150 løparar i 10 km klassisk. I same stilart vart Trond-Marius nr 52 av knapt 200 deltakarar. I fristil kom dei litt lenger ned på listene. Begge gutane gjekk på Møre og Romsdal sitt 1. lag i stafett. Laget enda som nr 34. Spesielt Trond-Marius gjekk ein strålande 1. etappe og veksla som nr 9 av 115 lag. Resultat fristil Resultat klassisk

Møre og Romsdal sitt guttelag som vart nr 34 på stafetten under jnr NM 2013, F.v. Trond-Marius Vad, Valldal, Arne B. Nygård, MOI, Iver Matias Linge Glomnes, Valldal og Anders Bugge, Eidsvåg.

Tomrefjord

Tomrefjord IL arrangerte søndag 17. februar 6. rennet i Sparebanken Møre Cup. Under våtsame og kalde forhold vart det gått langdistanse i fristil med fellesstart. Iver Matias Linge Glomnes i M17 og Trond Marius Vad i M19/20 har stort sett vunne alle renn tidlegare i vinter, denne gongen vart det «berre» andreplassar. I yngre klasser stillte Laurits og Eskil Linge Glomnes. I senoir damer gjorde Kjersti Hoel eit come-back med første plass. Kanskje vi får sjå henne med startnr vidare utover vinteren? Resultat SMB cup Tomrefjord 17.2.13

Sonerenn klassisk

Norddal IL inviterer til sonerenn i klassisk stil søndag 24. februar kl 1300. På grunn av snøforholda blir rennet avvikla på Løvoll i Eidsdal. Klassar for alle aldrar. Full premiering. Bli med på skirenn! Innbyding sonerenn 24.02.13. Valldal IL dekkjer startkontingenten for sine medlemmar. Påmelding til Alf Hoel ap-hoel@online.no

Valldal/Liabygda-cup / Telenorkarusellen

På grunn av snøsituasjonen i januar har fleire renn blitt utsett. Valldal IL har gjennomført to renn på Omenås; 2.2. (utsett frå 15.1.) og 5.2. (som planlagt). Framover er følgjende renn teljande for cupen:
torsdag 14.2. (Stavsengfjellet, utsett frå 22.1.)
torsdag 28.2. (Stavsengfjellet)
tysdag 5.3. (Omenås)
torsdag 14.3. (Stavsengfjellet)
søndag 17.3. (Stavsengfjellet, sonerenn LIL)
Alle som deltek i minst to renn får Telenorpremie; matboks og hals. Alle som deltek i minst fire renn får premie på marknaden til Valldal IL som skal vere 6. april. Cupen har klassar for alle aldrar. Påmelding frå kl 1745. Start frå kl 1830. Bli med!

Lysløypa

Laurdag 2. mars kl 1100: Det er no oppkøyrt løype på Omenåssida.
Søndag 3. mars: Lysløypa er oppkøyrt. Det er mykje vatn i løypa enkelte stadar.

Attgløymte skistavar

Eit par skistavar har stått att utanfor klubbhuset siste veka. Merke Birkebeiner, lengd 160cm. Kontakt Aksel Indreeide.

Lysløypa

Lysløypa blir preparert kvardagar til kl 1800 og laurdag og søndag til kl 1200.
NB! I veke 7, frå 11. februar, vil delar av løypa på Omenåssida vere stengt på grunn av tømmertransport.

Skikafè

Skikafèen er er endeleg i gang! Det er open kafè med sal av kakao, kaffi, vaflar og kveldsmat kvar torsdag kl 1800-2030. Ta deg ein tur dit!

Skicross 10. februar

Dette rennet skulle vore arrangert tidleg i januar men då snøen glimra med sitt fråver har rennet vore utsett fleire gongar. På søndag vart det gjennomført. Rennet kolliderte med andre renn i sona og dette gjorde nok at deltakingar ikkje var så stor som tidlegare. Knappe 50 deltakarar fullførte to rundar i korte løyper med portar, svingar, labyrint m.m. Innsatsen var stor mellom deltakarane og forholda i løypene var gode. Resultatliste Sonerenn Valldal 10.2.13

Sonerenn skicross søndag 10. februar

Rennet vert arrangert som skicross – fristil. Kort løype med ulike utfordringar som svingar, kular, labyrint og hopp. Alle løparar går løypa to gongar med pause mellom. Klasser for alle aldrar. Full premiering. Kiosk. Velkomen til ein artig dag i lysløypa på Omenås! Sonerenn VIL 10.2.13

Valldal Liabygda-cup/Telenorkarusell tysdag 5. februar

VIL inviterer til cuprenn på Omenås 5. februar. Klassisk stil. Klassar for alle aldrar. Påmelding frå kl 1745. Start frå kl 1830.
Startkontingent kr 30. Uttrekkspremiar. Telenorkarusellpremie til barn etter to gjennomførte renn. Premie i Valldal-Liabygda-cup for fire gjennomførte renn. Telenorkarusell 05.02.13 Resultatliste 050213

Sesongen i gong

Etter fleire utsettingar vart første rennet i Valldal Liabygda Cup arrangert i lysløypa laurdag 3. februar. Dette skjedde på kort varsel og gjorde at deltakinga ikkje var så stor. Ialt 35 løparar stillte til start. Resultatliste Valldal Liabygda Cup 2.2.13

Neste cup er allereie i lysløypa førstkomande tysdag 5. februar med første start kl 18.30. Klassisk stil.

KM Sprintstafett og langdistanse

Valldal tok ein suveren siger i menn, junior ved KM Sprintstafett i Surnadal laurdag 2.februar. På laget gjekk Iver Matias Linge Glomnes og Trond Marius Vad. Nr 2 MOI var nesten eit minutt bak. Gratulasjonar også til naboane Liabygda IL som vann G15-16 år og Stordal IL som tok sigeren i G13-14 år. Resultat ligg her KM sprintstafett Surnadal 3.2.13

Valldal sine gutar på toppen av sigerspallen etter sprintstafetten (bilde frå arrangør)

På søndag var det KM langdistanse også det i Surnadal. Og Iver Mathias og Trond Marius viste seg som dei sterkaste også då og tok KM-titlar i sine respektive klasse. Gutane har gjort reint bord så langt i år i KM. Resultat ligg her KM langdistanse Surnadal 3.2.13

Cuprenn laurdag 2. februar

Oppdatert: Rennet blir flytta til lysløypa på Omenås.
Påmelding frå kl 1230. Deltakarar under 8 år startar kl 1300. NB! Klubbhuset er for tida utan vatn.

Årets første Telenorkarusell/Valldal-Liabygda-cup blir arrangert på Høghjelle/Grønningsæter laurdag 2. februar frå kl 1300. Rennet var opprinneleg fastsett til 15. januar, men blei utsett på grunn av snømangel. Rennet går i fristil som planlagt, og vi har lagt opp til tilnærma vanlege løypelengder (tilpassa løypa der framme). Klassar for alle aldrar. Påmelding ved start. Uttrekkspremiar. Telenorpremiar til alle barn og unge som deltek i minst to renn.
Det vert litt forenkla arrangement når det gjeld kiosk og anna, men vi tek sikte på at dei sportslege forholda skal verte bra.
NB! Vi har fått ein god del snø i lysløypa ved stadion no. Dersom det kjem meir snø kan det bli aktuelt å flytte rennet tilbake til lysløypa. Oppdatert informasjon vil bli lagt ut her. Vi beklagar at dette så langt er uavklart – snøsituasjonen får ta skulda for det .
Velkomen til cuprenn!

Smørekurs

Det blir kurs i smøring av ski på klubbhuset søndag 3. februar kl 20. Dette blir eit grunnleggande kurs som passar for alle, vi inviterer spesielt dei som synest at dei ikkje kan smøre! » Valldalspakken» blir introdusert, ein enkel og grunnleggande smørepakke for dei som startar utan forkunnskapar.

Skitrening

Det blir skitrening fristil med oppmøte Grønningsæter tysdag 29. januar. To grupper: 1.-4.klasse og 5. klasse og eldre. Torsdag 31. januar blir det klassisktrening for 10 år og eldre. Hugs hovudlykt!

Skihelg 26.-27.1.13

Snøen glimrar stadig med sitt fråver og det gjev ulike utfordringar når det gjeld avvikling av skirenn. Hovdebygda sitt Km i Sprint var flytta til Ulsheim i Markane, Stryn på laurdag og det same var Volda sin SBM cup på søndag. Breidda med løparar frå Valldal er lita men resultat er gode. Det vart dobbelsigerar til både Iver Matias Linge Glomnes, G17 og Trond Marius Vad i G19/20. Trond Marius Vad slått av ein løpar frå Førde, men var beste løpar frå Møre og Romsdal. I G15 vart Kornelius Linge Glomnes nr 8. Resultat KM Sprint Hovdebygda 26.1.13 Resultat SBM Cup Volda 27.1.13

Skiløype

(oppdatert 26.1.13) Det er oppkøyrt løype på Grønningsæter, og meldt om gode spor og fin temperatur i dag.

KM Surnadal 20.1.13

Etter flytting og utsetting av KM klassisk vart rennet arrangert under gode forhold i Surnadal 20. januar. Valldal stillte med ei lita men sterk tropp der både Iver Matias Linge Glomnes i G17 og Trond Marius Vad i G19/20 kunne ta med seg KM titlar. Trond Marius hadde beste tid av alle som gjekk 10 km. Fullstendig resultatsliste KM Surnadal 20.1.2013

Skitrening

Det blir ikkje organisert skitrening i dag, tysdag 22. januar, på grunn av kulde. Det er 17 minusgrader på Grønningsæter i ettermiddag.

Det blir skitrening på Grønningsæter/Høghjelle tysdag 22. og torsdag 24. januar. Tysdag kl 1830 er det fristiltrening for begge aldersgruppene; 1.-4. klasse og 5. klasse og eldre. Torsdag kl 1800 er det fristiltrening for 5. klasse og eldre. Hugs hovudlykt!

World Snow Day

Søndag 20. januar er det «verdas snødag». Valldal IL hadde planlagt å markere dette på sonerennet som skulle vere laurdag 19. januar, men som no er utsett. Meir informasjon om World Snow Day finn du her.

Skicross

Sonerenn skicross er flytta til laurdag 19. januar på Grønningsæter/Høghjelle. Invitasjonen finn du her: sonerenn skicross VIL 19.01.13

SONERENNET ER UTSETT PÅ GRUNN AV KULDE!

Skiløype

(oppdatert 14.01.13) Det er i dag køyrt opp løype på Grønningsæter/Høghjelle, ca 3 km.

(oppdatert 10.01.13) Det blir oppkøyrt løype frå Langdal og framover mot Byksebrua ved behov dei neste dagane. Stranda skigymnas har trent i løypa både onsdag og torsdag, og melder om fine forhold.

(oppdatert 08.01.13) Første skitrening er gjennomført med oppmøte Langdal. Det er meldt om greie løyper for fristil. Løypa blir oppkøyrt att onsdag ettermiddag (9. januar).

Skikafè

Det blir ikkje skikafè 3., 10. og 17. januar på grunn av dårlege ski- og snøforhold i lysløypa, i tillegg til oppussing av kjøkkenet på klubbhuset. Det blir oppstart så snart dette arbeidet er ferdig, og ski- og snøforholda betrar seg.

Skiløype

(oppdatert 07.01.13) Det er no oppkøyrt skiløype på vegen frå Langdal til Byksebrua, ei strekning på 4-5 km. Søndag var det fine forhold der, spesielt for fristil. Det vil bli oppkøyrt løype igjen tysdag ettermiddag (8. januar).

(oppdatert 05.01.13) Det er ikkje råd å gå på ski i lysløypa på grunn av regn og overvatn. Det vil bli køyrt skiløype frå Langdal og framover søndag føremiddag (6. januar).

(oppdatert 31.12.12) Det er framleis mogeleg å bruke lysløypa. Det er mest aktuelt med skøyting og ein bør spare dei beste skiene.

(oppdatert 28.12.12) Det er no oppkøyrt skiløype i lysløypa på Omenås. Det blir køyrt med trakkemaskina kvar dag så lenge snøførholda tilseier det.

Skirenn

Etter planen skal Valldal IL arrangere to renn i veke 3, både cuprenn/Telenorkarusell (15.1) og sonerenn skicross (20.1.). Det er enno usikkert om, og eventuelt kvar, det blir renn. Vi vurderer snøforholda fortløpande, og har håp om å arrangere skicrossrenet på alternativ arena fremst i dalen. Cuprennet blir utsett.

Skitrening

Det blir skitrening med oppmøte Langdal tysdag 8. og torsdag 10. januar. Tysdag kl 1830 er det fristiltrening for begge aldersgruppene; 1.-4. klasse og 5. klasse og eldre. Torsdag kl 1800 er det fristiltrening for 5. klasse og eldre. Hugs hovudlykt! Korleis det blir med trening vidare framover er usikkert. Vi legg ut informasjon her så snart det er avklart.

Sparebanken Møre Cup/ Sonerenn Stordal – KM Eidsdal

Stordalsrennet/KM er flytta til Surnadal, informasjon her.

RENNET PÅ BJORLI SØNDAG 13.1.2013 ER UTSETT P.G.A. KALDE VERMELDINGAR

Laurdag 12. januar er det terminfesta 2. renn i Sparebanken Møre Cup med innlagt sonerenn på Stavsengfjellet med Stordal som arrangør. Søndag er det terminfesta KM i klassisk stil i Eidsdal. Grunna snøforholda vert det endringar. Stordal sitt renn vert flytta til Bjorli og går på søndag 13. januar kl 12:00. Dette vert både Sparebanken Møre Cup og KM normaldistansar klassisk og sonerenn. Eidsdal sitt renn vert utsett til mars. Sjå også informasjon på skikretsen sine heimesider. Invitasjon til Stordalsrennet finn du her: Stordalsrennet 2012

Julenek

VIL langrenn sel også i år julenek. Juleneka skaper julestemning og gir mat til småfuglane. Eit julenek kostar kr 60 og blir selt på dørene. Dersom du vil kjøpe og ikkje har fått besøk så ta kontakt på tlf 45225738.

Barmarkstrening

På grunn av dårlege snøforhold i lysløypa blir det barmarkstrening frå og med tysdag 20. november.

Lysløypa

Dårlege snøforhold. Skiløypene blir ikkje oppkøyrt att før det kjem meir snø.

Skikveld

Det blir skikveld på klubbhuset på Omenås tysdag 13. november kl 18-20. Det er Sport1 Tomra frå Vestnes som kjem og sel ski og skiutstyr. Det blir også prøving og bestilling av klubbdressar/overtrekksdressar. Alle medlemmar i VIL kan kjøpe dressar til medlemspris. Har du spesielle ønskje om utstyr så kan du ta kontakt med Sport1 på førehand. Meir om butikken finn du her.

Skitrening

Tysdag 30. oktober kl 1830-1930 er det sesongens første skitrening i lysløypa.
1.-4. klasse: skileik
5. klasse og oppover: fristil
Det blir trening kvar tysdag framover. Bli med! Ope for alle. Velkomen!

Oppkøyrte skiløyper

Laurdag 27. oktober er det rekordtidleg start på skisesongen med oppkøyrt løype i lysløypa på Omenås. Det blir køyrt løype kvar dag så lenge verforholda tillet det.

Trening i Tafjord

28.-29. september var 16 unge skirekruttar samla i Tafjord til aktivitet, leik og trening. På laurdag var det 2 offisielle økter og sikkert fleire uoffisielle. Fleire fekk også prøve seg på rulleski for første gong. På søndag var det tur på Reindalsætra i flott haustver. Ansvarlege var Jan Ole Fuglem og Hans Martin Gjedrem. I tillegg var mange foreldre med å hjelpte til med ulike oppgåver.Lagbilete frå ReindalsæterMat er viktig!!

 Trening til skisesongen

Langrennsgruppa har starta opp med treningar.Laurdagar er det trening/fjelltur med start kl 11.00. Frammøte på ulike stader. Dette er eit tilbod for alle alderar. Det er trening f.o.m. 2. oktober på tysdagar i lysløypa kl 18.30. Aldersgruppe fødd 2006 og tidlegare. Kl 1930 er det mosjonsgruppe same plass. Frå 4. oktober vert det trening på Samfunnshuset, torsdagar kl 19.30. Sjå fullstendig plan Trening langrenn haust 2012

No startar treninga til ny skisesong

Treningshelg Tafjord

VIL langrennsgruppa inviterer til miljøsamling på Tafjord skule 29-30 september. For alle frå og med 1 klasse. Her vil vere fokus på fysisk aktivitet og sosialt samvære. Vi overnatter på Tafjord skule. Her blir det organisert felles måltider.

Program

Oppmøte Tafjord skule lørdag 29 september kl 1000. Her skal vi trene /være i aktivitet både utendørs og i gymsalen. Søndag blir det avreise frå skulen kl 1000 for fjelltur til Reindalssæter.

Ta med:

– Uteklær til trening
– Inneklær til trening
– Til fjelltur, ullundertøy, lue, votter, godt fottøy, liten sekk og drikkeflaske
– Sovepose
– Liggeunderlag
– Godt humør

For de som er 11 år og eldre vil det være høve til å prøve rulleski. Da må dei ta med skisko, hjelm og staver.

Egenandel kroner 100 pr deltaker.

Frist for påmelding Tirsdag 25.09.2012

Påmelding og evt spørsmål rettes til Jan Ole Fuglem.

tlf 41431663 / mail jan.ole.fuglem@gmail.com

Sommartrening

Sjølv om det er sommar og sol, har skiløparane teke til med førebuingar til vintersesongen. Både kretslaget i Møre og Romsdal og Storfjordlangrenn har gjennomført sine første samlingar. På kretslaget finn vi i år Trond Marius Vad og Iver Mathias Linge Glomnes. Begge er også elevar på Stranda vgs, langrennslinja, frå hausten. Kretslaget tel i år 20 løparar med Pål Bjørn Øvrebust som hovedtrenar. Her er samlingsplan til kretslaget for sesongen 2012/13.

Storfjordlangrenn har også omlag 20 løparar i alderen 14-16 år. Løparane kjem frå lag sør om Romsdalsfjorden. For første gong i Storfjordlangrenn si over 20 årige historie er det i år ikkje løparar frå Valldal. Ei lita trøst frå det vere at laget er representert på trenarsida. Lars Anders Hoel har trenaransvar saman med Vegard Godø frå Emblem.

VM på ski – Valldalsmeisterskap 1. april

VM på ski i 2012 vart ingen spøk! Som så ofte før var det eit ganske utfordrande føre med tette snøbyger og omlag o grader under rennet. Dette gjer det ganske krevjande for dei som skal smørje ski når det lir mot vår. Knappe 10o deltakarar stillte til start, som vanleg var yngste og eldste klasse dei største. Deltakinga var noko mindre enn dei siste åra, men det får kanskje veret ta noko av skulda for. Men vaffelsalet inne på klubbhuset vart upåklageleg.  Her er resultatsliste for årets VM.

 ———————————-

Siste renn i  Sparebanken Møre Cup

Siste renn i Sparebanken Møre cup 2012 vart arrangert av Vallldal IL 25. mars. Omlag 120 deltakarar stillte på startstreken . Klassene 9-12 år gjekk fristil, medan klassene 13 år og eldre starta i klassisk, bytte ski halvvegs og avslutta i fristil. Forholda var ganske vårlege og sola gjorde det etter kvart  behageleg både for løparar, tilskodarar og funksjonærar. Løypene held likevel  godt til siste løpar var  i mål. Resultat SBMCup 25.3.12

Samanlagtresultat frå Sparebanken Møre Cup er lagt ut på skikretsen sine heimesider. Trond Marius Vad vart samanlagtvinnar av SBM-cup i M18, Anne Kristin Hoel vart nr 3 i klasse K19-20 og Iver Mathias Linge Glomnes vart nr 5 i G16. Desse var dei som plasserte seg mellom dei 6 beste i sine respektive klasser denne sesongen.

————————–

Avslutning Sparebanken Møre Cup

Valldal IL arrangerar 6. og siste renn i Sparebanken Møre cup søndag 24. mars på Valldal stadion. Første start kl 12.00. For klassene 13 år og oppover er det duatlon med skibytte halvvegs. For klassene 9 – 12 år går rennet i fristil. Sjå også   Innbyding SBM-cup 25.3.2012    Rennkontor og kiosk på klubbhuset ved stadion. Premieutdeling både for rennet og samanlagt i cupen vert på Valldal samfunnshus.

Det er i alt 125 påmeldte sjå Startliste SBMCup Første start kl 12.00                                                 NB! HUGS SOMMARTID!!

Til tross for mykje mildver og regn er det framleis gode forhold i lysløypa ved Valldal stadion, 7 km opp i Valldalen.  Følg veret for området her yr.no

 

VELKOMNE TIL SKIRENN I VALLDAL!

Trond Marius Vad er klar for finale i SBM cup på heimebane

————————————————-

Lysløypa 28.2.12

Sesongens siste Telenorkarusell VL cup i Valldal vart arrangert tysdag 28.2. Føret var godt og løypene var korte og stilen var fri. Difor gjekk dette radig unna for dei omlag 60 deltakarane som stillte til start. Resultat Telenorkarusell VL cup 28.2.12

Det aller siste rennet i årets cup er i Liabygda – Stavsengfjellet torsdag 8. mars. Dette vert siste sjanse for dei samanlagtpremie for dei som enno ikkje har 2 eller 4 teljande renn.

——————————————–

Ein turrennentusiast

Terje Nerhus er ein ivrig deltakar på turrenn i distriktet.  I mars går turen til Sveits og Engadin Skimaraton saman med m.a. Kåre Erstad. 16. mars er det Birkebeinerrenn og der står Terje på startstreken.

 

 

 

 

 

 

 

Terje Nerhus undervegs  i Isfjorden Rundt 2012

—————————————————

Telenorkarusell V/L cup 7.2.12

3. rennet i Telenorkarusell V/L cup vart gjennomført i klassisk stil under gode forhold i lysløypa på Omenås. Omlag 70 stillte til start i alle alderar.

Rennet var «historisk» i Valldal då det for første gong vart nytta elektronisk tidtaking. Dette fungerte slik det skulle og resultata var klare når siste løpar var i mål. Resultat Telenorkarusell V/L Cup 7.2.12

——————————————-

Sonerenn 29.1.12

Sonerennet vart avvikla på Valldal stadion under gode, men kalde forhold søndag. Heile 98 deltakarar fullførte rennet som var skicross i fristil med innlagte utfordringar i løypa.  Rennet vart avvikla ved parstart. Frå 11 år og oppover gjekk nr. 1-2, 3-4 osv mot kvarandre i finalen.

Resultatliste sonerenn VIL 29.01.12

 

____________________________________________________

Telenorkarusell 10.1.12

Første renn i Telenorkarusell Valldal/Liabygda cup vart arrangert i lysløypa i Valldal 10.1.12. I alt 55 løparar stillte til start og gjennomførte dei ulike distansane i fin stil.  Resultatliste Telenorkarusell V/L cup 10.1.12

Neste renn er på Stavsengfjellet tysdag 24.1.12

____________________________________________________

Skisesongen er godt i gang

Vinteren har etter kvart festa grepet og skisesongen er godt i gang. Lysløypa på Omenås har vore i bruk i mange veker og forholda der er flotte kvar dag anten ein vil gå klassisk eller skøyte.  På tysdag 10. januar startar Telenorkarusellen – Valldal/Liabygda Cup opp med første renn i Valldal, sjå innbyding  telenorkarusell 10 01 12 .

Interesserte skismørjarar når Harald og Geir deler av sine erfaringarMåndag 9. januar var det smørjekurs på klubbhuset der våre smørjeekspertar Harald Gjedrem og Geir Myklebust delte av sine erfaringar både for nybyrjarar og dei litt meir erfarne.