vi kan – vi VIL

Medlemskap

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett». Vi bed difor om at medlemmar og alle som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no

Følgjande medlemskontingent gjeld for 2020:

  • Voksne 18 år og eldre:                   kr 400
  • Barn under 18 år:                           kr 200
  • Ungdom 18-24 år                           kr 200
  • Pensjonist:                                      kr  300
  • Famile (ektefeller/sambuarar  og evntuelle barn under 18 år):              kr 600

Alder vert rekna pr 1.1.2020

Pålogging til «Min idrett»

Alle som deltek i lag- eller individuelle idrettar for Valldal IL I 2020, skal vere medlem i laget. Andre som brukar laget sine anlegg, eller tilbod om aktivitet i Martin Linge huset, bør også vere medlem. Vi er også takksame for alle som vil vere medlem i Valldal Idrettslag

Retningslinjer betalingsordning – betalingsfritak

Valldal IL har vedteke retningslinjer for betalingsfritak av diverse avgifter og betalingar, sjå vedlagte Betalingsordning-betalingsfritak