vi kan – vi VIL

Nordvesttouren 2016

Nordvesttouren 2016 i frisbeegolf er eit faktum!

Klubbane Kristiansund, Langevåg, Måløy, Valldal, Øverås og Volda går saman om ein tour der tre av seks turneringar vil telje i samandraget. Vi brukar poengsystemet kjent frå norgescupane i samanlagtberekninga. Det er som følgjande: 1.plass 50 poeng, 2.plass 46 poeng, 3.plass 43 poeng, deretter 40, 37, 34, 32, 30, 28, 26, 24, 22, 20, 18, 16 og til slutt 15, 14, 13… 3, 2 og 1 poeng.

Samanlagtvinnarane i klassene Åpen, master og dame vil bli premiert med pengar (2500 kroner i åpen klasse, 1250 kroner for master/dame) – samt diverse stæsj til junior/amatørklassene. I tillegg vil dei forskjellige turneringeane i touren sjølv bestemme sine premiesatsar utanom dette og organisere sine turneringar fritt. Fleire av turneringane vil vere ratingturneringar, PDGA C-tiere.

Dato for turneringane:

Aktuelle klasser er:

  • Open (for den som vil, eliten er her)
  • Dame
  • Master (må vere 40 år eller eldre)
  • Junior (opp til og med 19 år)
  • Amatør (litt lågare nivå)

Viss det er påmeldt færre enn tre i ei klasse, blir klassa slått saman med open klasse.

Vi håpar fleire frå Valldal melder seg på!

Aktivitet