vi kan – vi VIL

Olsok

Olsok 2017

Eit nytt olsokarrangement er gjennomført, sjølvsagt med godt ver (!) og stor oppslutning. Inntrykket var at dei som var på kaia laurdag 29. juli hadde det kjekt og kosa seg. Arrangøren er godt nødt både med oppslutning, gjennomføring og resultat.

Eit så stort arrangement kan ikkje gjennomførast utan god hjelp. Difor vil Valldal IL rette ei stor takk til alle som stillte opp og gjorde ein god og viktig jobb både på laurdag, og for ein del også i tida før med planlegging og førebuing. Tusen takk til kvar enkelt! Takk til speaker og  programleiarar for ein flott jobb, og til artistar som med ulike innslag gjorde dette til ein triveleg laurdag. Takk til alle som på ulike måtar støtta arrangementet, til dei som kjøpte annonser på flygeblad, til dei som kjøpte reklameplass i stemneområdet, til dei som gav gevinstar til olsoklotteriet, til dei som bidrog med gåvepremiar til Jordbærdilten og takk også til dei som på andre måtar bidrog til arramengement.

Det var stor oppslutning om Minidilten og Jordbærdilten I tillegg til 65 i  konkurranseklassane var det 130 i minidilten og 110 i trimklassen til jordbærdilten. Det er 305 deltakarar totalt og det er ei auke i i høve til dei siste åra.

Resultat jordbærdilten 2017 kl

Olsok 2017

Olsok 2016

Olsokhelga 2016 er over og nok ein gong kan ein kalle helga ein suksess. Det starta med ein flott og variert konsert i Sylte kyrkje  på fredag kveld. All inntekt går til inventar i Martin Linge huset og alle artistar og hjelparar stilte opp gratis. I tillegg bidrog jordbærdyrkarane i bygda med jordbær som var inkludert i billetten. Stor takk til Anders Jørgen Gjerde som primus motor for konserten.

På laurdag var det tradisjonelt arrangement i sentrum. Som vanleg var veret godt, trass dårlege vermeldingar. Mykje folk var samla og kunne få servert graut, grillmat, kaffi, vaflar og sjølvsagt jordbær i ulik form. Det var ulike underhaldingsinnslag frå scena. Kloven Knut var framme fleire gongar, Elias Indreeide og Torgeir Osvik og «Gromgutane åt ho besta» bidrog med flotte songinnslag. Det var morellsteinspytting og melkespannhalding. Valldal Trial imponerte med ei oppvisning som tok pusten frå mange. Denne foregjekk ved og oppover (!) Syltefjellet.  Olsoklotteriet vart trekt og her er vinnarane Vinnarar lotteri

Jordbærdilten og Minidilten samla i alt 284 deltakarar.  Heile 72 deltakarar i konkurranseklassen er rekord. Minidilten hadde 97 deltakarar som også er rekord. I mosjonsklassen var det 125 deltakarar. Resultat jordbærdilten 2016

Jordbærdilten                                       Klart for start i Jordbærdilten

Valldal Idrettslag vil takke alle som var med å hjelpte til i forkant og under arrangementet. Utan kvar enkelt sin store innsats ville det ikkje vere muleg å gjennomføre. Stor takk også til sporsorar, annonsørar,  firma som gav gåvepremiar og gevinstar og andre som støtta arrangementet.

Sjå Sunnmørsposten sin biletreportasje frå laurdag her

Søndagen starta med pilgrimsvandring frå Sylte mot Alstad. Undervegs var det fleire som hengde seg på. Ved Gudbrandsjuvet var det friluftsgudsteneste og deretter kyrkjekaffi.  Norddal Sokneråd hadde ansvar for arrangementet på søndag.

Mefjellet opp

Mefjellet opp vart arrangert søndag 24. juli, sjå heimesida for meir informasjon.
Her er resultatlista frå Mefjellet opp med 68 deltakarar i konkurranseklassane. Resultat Mefjellet opp 2016
I tillegg var det 102 i trimklassen.

image001(1)

 

Vellukka olsokfeiring 2015

Nok ein gong vart det fint vêr og ei vellukka olsokfeiring med Jordbærdilt, trylling, jo-jo-show og musikk frå scena, sal av grillmat og rømmegraut – og svært mange besøkande gjennom heile dagen. Grillskodda hang lavt over matteltet og dei mange jordbærraude servitørane stod på for at folk skulle bli mette. Musikken gav gjenlyd i Syltefjellet så ormen slo ein ekstra krøll på halen. Tryllekunstnaren imponerte med korte og lange taustumpar og ei uvanleg treig saks. Litt lokal snøkave blei det også der framme på scena. Jo-jo-en fauk opp og ned i imponerande triks. Morellsteinane flaug langt i rekordforsøka og frisbeegolfarane fekk prøve seg på asfaltbane – og sjølvsagt blei det is til alle barn også i år. Redningsskøyta hadde tatt turen inst i fjorden og inviterte til besøk om bord, og fleire boder selte både det eine og det andre. Mykje kjekt for små og store.
Olsok i Valldal har blitt ein fin møteplass for kjente og ukjente – takk for støtta til Valldal IL og velkomen tilbake til oss!

Resultata frå Jordbærdilten finn du her: Resultat-2015
I tillegg til 57 i konkurranseklassane deltok 73 på minidilten og 146 i trimklassen.

Resultat frå finale morellsteinspytting
Klasse opp til 15 år:
1. Amund Kårstad Sunde    6,48 m
2. Artur Martinov                 6,35 m
3. Sondre G. Aardal              5,74 m
 
Klasse over 15 år:
1. Tostein Ytterdal               11,08 m
2. Einar Aardal                     9,16 m
3. Ole Martin Bersås            7,88 m
 

Sjå også Sunnmørsposten

Olsok i Valldal 2014

So er nok ein Olsoklaurdag i Valldal historie. Mykje folk hadde funne vegen til sentrum og desse fekk underhaldning, mulegheit å kjøpe seg mat og delta på ulike aktivitetar. Arrangøren er godt nøgd med dagen og svært takknemlig til alle som stiller opp og hjelper til med ulik oppgåver.

Sjå Sunnmørsposten sin video og  biletreportasje frå Olsok i Valldal

Resultatliste frå jordbærdilten: Resultat-2014
I tillegg var det 133 i trimklassen og ca 70 i minidilten.

Reultatliste for VM morellsteinspytting  VM morell

Sjå Sunnmørsposten sin bildereportasje frå Jordbærdilten

Sjå Kondis sin reportasje frå Jordbærdilten

Olsok 2013

Olsok i Valldal 2013  er vel gjennomført. Valldal IL hadde ansvar for arrangement både fredag og laurdag. Ein flott konsert med søstrene Håker Vokaltrio hadde diverre dårleg oppmøte. Kanskje eit kraftig tordenver og straumbrot i forkant av konserten skremde ein del?

Laurdagens arrangement vart gjennomført på tradisjonell måte. Start med Jordbærdilten som vart vunne av Heidi Flo Bødal og Kristian Nedregård. Etter kvart rulleskikonkurranse der Martine Lorgen Øvrebust og skiskyttaren Syver Nygård vann  i dame- og herreklassa. I duellskyting mellom skikyttarar var Heidi Flo Bødal den stødigaste. På scena starta Valldal Spelemannslag med frisk musikk, før det gjekk vidare med Sverre Eide, kjent frå Idol 2013, Tobias Busæt som er ein av verdas beste freestyle fotballtriksarar, lokale Hanna Tadeleh Jørstad med flott sang og musikk og barnetime med Jorunn Bakke  Nydal og Erling Nydal. Det heile vart sikkert og flott bunde saman av programleiar og speaker Merete Løvoll Rønneberg. Vinnar av hovedpremien i reiselotteriet, eit reisegåvekort på kr 3.000, vart Åslaug Rem. Roar Døving gjekk av med sigeren i VM i morellsteinspytting. Barna kosa seg i hoppeslott og gladiatorkamp. Sjølvsagt gjekk det med mykje både grillmat, rømmegraut, vaflar, jordbærsylte og brus.  Sjå bilder frå arrangementet på Radio Storfjord sine nettsider og omtale på smp.no

Det er mange som er i sving både i forkant og under sjølve arrangementet for å få til Olsok i Valldal. Det er grunn til å takke alle desse som gjer ein stor og viktig innsats. Takk til sponsorar, givarar av premiar og gevinstar til Jordbærdilten, rulleskikonkurranse og lotteri. Sjå oversikt over støttespelarar Det er også grunn til å takke aktørar og deltakarar og ikkje minst Merete Løvoll Rønneberg. Og takk til publikum som nok ein gong møtte opp i stort antal.

 Rulleski-2013 Jordbærdilten-2013-resultat
Resultat VM morellsteinspytting
Vinnarar Reiselotteri 2013 
 

Olsok 2012

For 23. gong var det olsokarrangement i Valldal siste laurdag i juli. Veret var ikkje strålande men regnet held seg unna. Dagen starta med mosjonsløp over 3 km, Jordbærdilten. Raskaste herre var Kristian Nedregård, Tjalve, med tida 10.07, og 13 årige Rikke GjeitnesDahle, MOI, var raskaste dame. Totalt var  212 med på «dilten».  Resultat liste Jordbærdilten2012  Deretter gjekk det slag i slag utover dagen  med Olav Magnus Linge,  musikkinnslag, Taekwondo, Tomas Remvik Aasen med sykkeloppvisning, skyteduell mellom skiskyttarar, besøk frå Aafk og Trolla frå Trollstad var med på festen. Engasjert programleiar var som dei siste åra, Erik Østli

I rulleskikonkurransen vart Johannes Thingnes Bø den første i mål før Vegard Godø. Mellom jentene vart Mathea Gjeitnes nr 1 med Ingvild Øye på plassen bak.

På fjorden gjekk Elias-båten og det var mulegheiter for kamp i «gladiatorarenaen». . Det var god muligheit å få kjøpe seg både varm og kald mat – og sjølvsagt jordbær.

Opp mot 1500 personar var innom stemneområdet i løpet av dagen. Valldal IL er godt nøgd med oppslutninga og gjennomføringa av dagen.

Valldal IL vil rette ei stor takk til alle som gjorde det muleg å gjennomføre dagen. Først og fremst takk til alle som har stått på i førebuinga og alle som i løpet av dagen var med og hjelpte til med ulike oppgåver. Takk til alle som støtta arrangementet som sponsorar eller med gåvepremiar/gevinstar. Og – ikkje minst takk til publikum som kom – og som vi håper hadde det triveleg i Valldal denne laurdagen.

Sjå Sunnmørsposten sin reportasje