vi kan – vi VIL

Sesongen 2015

Friidrettscup

Tysdag 8. september vart den siste friidrettscupen i 2015 arrangert på Valldal stadion med 37 deltakarar. Etter cupen var det samanlagtpremiering. Alle som har deltatt på minst tre cupar, der eitt er på bortebane fekk premie.
Det var heile 55 born som i år gjorde seg fortent til premie. 7 av desse har deltatt på alle cupane og fekk i tillegg eit gåvekort frå Sport1 Tomra. Her er resultata. Friidrettscup-080915

Friidrettscup 2015

Friidrettssesongen er i gang og datoane for friidrettscupen er bestemt. Det blir cup annankvar tysdag kl. 18 frå 19. mai: 19. mai i Liabygda 2. juni i Valldal 16. juni i Liabygda 30. juni i Valldal 18. august i Liabygda 30. august i Eidsdal kl. 14 (Storfjordstemnet) 8. september i Valldal m/premieutdeling. Samanlagt premie til alle som deltek i minst tre cupar (inkl. Storfjordstemnet). Minst eitt på bortebane. Det blir treningstilbod for dei over 9 år dei tysdagane det ikkje er cup fram til sommarferien. Plakat 2015 Resultat frå cupane på heimebane: Friidrettscup-020615  Friidrettscup-300615

Aktivitet