vi kan – vi VIL

Sesongen 2020

Her er ei oversikt for det som skjer sesongen 2019:

På vinteren disponerer vi heile idrettshallen på Martin Linge-huset måndagar kl. 19-21 for puttetrening. Vi driv også med annan trening som kondisjonstrening, for eksempel ultimate. Du er hjarteleg velkommen til å trene med oss. Vi ynskjer at du er medlem i Valldal IL, noko som gjer at vi får trene gratis. PS! Påbode med innesko!

På sommaren har vi Vekas runde som går fast på fredagar kl.18.00 (april-september), med oppmøte 17.45 for inndeling av grupper . Ta gjerne oppvarminga før. I tillegg trenar vi fast mandagar (kl. 18) ute på Jemtegård og kallar det «Opa bane». Dette er tenkt spesielt for dei som ikkje har prøvd dette før og/eller ynskjer å lære teknikkar. Vi vil så langt det går ha ei «trenarliste» der vi har ein ansvarleg(erfaren kastar) som kan hjelpe nye med teknikktrening, val av type diskar, taktikk m.m.

Viktige datoar på Jemtegård Diskgolfbane sesongen 2019:

  • Fredag 3. april: Oppstart Vekas runde
  • Laurdag 2. mai: Vårslepp
  • Laurdag 8. august: Jemtegård Open
  • Fredag 25. september: Siste Vekas runde
  • Laurdag 26. september: Klubbmeisterskap

Andre aktuelle datoar:

  • Laurdag 25. – søndag 26. april: Norgescup  nr.1  (NC1)på Øverås (Vestnes)
  • Laurdag 9. – søndag 10. mai: NC2 Stovner (Oslo)
  • Laurdag 30. – søndag 31. mai: NC3 Selbu (Trøndelag)
  • Fredag 3. – søndag 5. juli: EuroTour #5 Sula Open (Langevåg)
  • Fredag 31. juli – søndag 2. aug.: NM Klæbu (Trøndelag) – meir info på Facebook
  • Laurdag 29. – søndag 30. aug.: NC4 ???
  • Laurdag 12. – søndag 13. sept.: NC5 Eydehavn (Arendal)
  • Torsdag 17. – laurdag 19. sept.: PCS Open (Øverås) – meir info på Facebook
  • Laurdag 26. – søndag 27. sept.: NM pargolf Gålå

Fleire aktuelle der dato kjem seinare:

  • Måløyraidet
  • Volda Open