vi kan – vi VIL

Opning av Martin Linge huset

Laurdag 1. oktober kl 13.30 var det klart for opning av Martin Linge huset. Opninga vart gjort av Joakim Rønneberg og Martine Linge ved at dei avduka eit relieff av Martin Linge, plassert på heissjakta på huset. Deretter var det innmarsj i hallen, der ialt 13 ulike lag deltok. Etter dans, talar og helsingar var det klart for ulike aktivitetar i hallen; volleyball, innebandy, TaeKwon do, drilltropp, «full fres» seniordans mm. I kultursalen var det innslag frå kulturskulen og foredrag om Martin Linge.  Dagen vart avslutta med  futsalkamp mellom G14 laga til Valldal og Norddal-Eidsdal-Geiranger fotball. Ein jamn kamp enda med siger til Valldalslaget 2-1.  I løpet av dagen var det sjølvsagt høve til å kjøpe mat og kaffi, og det var servering av marsinpankake.

Laurdag 8. oktober var det «Storstovefest» i idrettshallen. Dette var eit stort dugnadsprosjekt der mange lag og foreningar var i sving. Kvelden starta med sang av ungdomskulen, det var samansett  korps og kor og drilltroppa var med.  Det held fram med ulike revyinnslag, med sang, musikk, nyheiter,  film om «Der ein skulle tru at alle ville bu» og andre verbale innslag. Deretter var det servering av betasupe, ostekake og kaffe, før det heile vart avslutta med dans der heile tre ulike orkester var i sving.

Marknad 16. april

Valldal IL arrangerte sin årvisse marknad laurdag 11. april. I påvente av at Martin Linge huset skal verte ferdig var marknaden denne gongen lagt til Valldal skule. Tradisjonen tru var det tombola, åresal, trekking av lister, pilkast og sal av kaffi og kaffimat, i tillegg premieutdeling for Valldal Liabygda Cup på ski og vintertrimmen.  Det var fullt i kantina/musikkrommet og vi takkar alle som møtte opp og støtta idrettslaget. Vi sender også takk til alle som gav gevinstar, baka kaker og var med og hjelpte til.  Netto inntekt omlag kr 40000. So ser vi fram til neste marknad i nytt bygg…..  Følgjande var heldige og vann på listene som har gått rundt i bygda Lotteri 2016

Årets eldsjel

Søndag 20. desember vart leiar i Valldal IL, Einar Hoel, tildelt eldsjelprisen for Norddal kommune. Prisen vart delt ut for andre gong, og vert gjeven til «ein person eller organisasjon som fylt med iver og begeistring gjer ein innsats til beste for lokalsamfunnet. Personen står fram som eit godt føredøme, viser pågangsmot og såleis stimulerer andre til frivillig innsats og skaper eit positivt omdømme for kommunen vår». Ordføraren delte ut prisen på julekonserten i Sylte kyrkje. Einar fekk prisen for mangeårig frivillig innsats i ulike lag i bygda.

«Vi gratulerer med prisen, han er fullt fortent. Vi er takksam for det store arbeidet du legg ned for Valldal IL. Helsing frå fotballgruppa, friidrettsgruppa, trimgruppa og skigruppa i Valldal IL.»

Marknad laurdag 11. april

Valldal IL arrangerte sin årvisse marknad på  Valldal Samfunnshus laurdag 11. april. Det var tombola, åresal, pilkast og sal av kaffi og kaffimat, i tillegg premieutdeling for Valldal Liabygda Cup på ski og gruppa «Unnamed» bidrog med flott musikk. Oppmøte var bra, sjølv om det var mindre folk enn i fjor då marknaden var lagt til påska. Vi sender takk til alle som gav gevinstar, baka kaker og var med og hjelpte til, og ikkje minst takk til alle som møtte opp og brukte pengar. Brutto inntekt omlag kr 45000. Det kan også nemnast at dette varidrettslaget sitt siste arrangementet på samfunnshuset slik vi har kjent det i over 40 år.

Viser stort engasjement for kulturbygg/idrettshall

Kommunestyret vedtok 11. desember bygging av kulturhus/idrettshall i tilknytning til Valldal skule. Dette har ført til eit stort engasjement i kommunen spesielt på sørsida av fjorden. Det er bl.a.  ei spørjeundersøking for å finne ut kva «folkemeininga» seier. Det vert gått frå dør til dør og den er lagt ut på butikkar, også på butikkane i Valldal  i tillegg til på facebook.

På kort varsel og med enkle midlar var det invitert til ei samling på Valldal Samfunnshus tysdag 16. desember kl 18.00. Folk vart oppfordra til å møte opp for å vise engasjement og støtte det vedtak som kommunestyret har gjort to gonger. Det var ei enkel markering med kort informasjon frå idrettslaget, skulekorpset, næringslivet og representant frå det frivillige i arbeidsgruppa for kulturhus/idrettshall. Det viktigaste var ikkje at det vart sagt så mykje, men å sjå kor mange som strøymde til samfunnshuset, Faktisk så mykje som opp mot 200 personar, unge og eldre!! Det viser at mange er opptekne av prosjektet og vil bidra slik at det vert realisert. Dette lovar godt for det arbeidet som det frivillige kan utføre.

 

Mefjellet Opp 2014

Mefjellet Opp vart arrangert søndag 20. juli i strålande sommarver. 49 deltakarar i konkuranseklassa og 85 i mosjon tok seg til toppen av Mefjellet. Suverene vinnarar i år som i fjor vart Liv-Janne Øvrebust og Johan Bugge.  For meir info og fullstendige resultatlister,  sjå heimesida til løpet www.mefjelletopp.no

 

Idrettskulen

Idrettskulen for 1. – 4. klasse startar opp onsdag 15. oktober. Instruktørar er m.a.  elevar frå Stranda VGS. Tilbodet er gratis for medlemmar i Valldal IL. For andre kostar det kr 400 for heile sesongen. Kontakt for idrettskulen er Karianne Vestre Døving.

Marknad 12. april 2014

Årets marknad i Valldal IL vart arrangert i tradisjonell form på Samfunnshuset laurdag 12. april. Det var tombola, åresal, lynlotteri, trekking av lister, pilkast og sal av kaffi, brus og kaker. I tillegg var det premieutdeling frå Valldal Liabygda Cup langrenn og vintertrim og Iver Matias Linge Glomnes fekk overrekt blomster etter ein sterk sesong i skisporet.  Oppmøtet var svært godt og det vart jamt fullt i salen i dei vel to timane arrangementet varte.

Idrettslaget sender ei stor takk til alle som var med og gjorde marknaden vellykka.
Takk til alle bedrifter, familier og enkeltpersonar som gav gevinstar, takk til alle som baka kaker, takk til alle som hjelpte til før og under marknaden og takk til alle som støtta idrettslaget ved å møte på marknaden.

Bruttoresultat vart kr 53.000 og det er idrettslaget veldig fornøgd med.

 

Marknad

Idrettslaget sin tradisjonelle marknad var på Samfunnshuset laurdag 6. april. Veret var passeleg dårleg for inneaktivitet og det var godt frammøte; i overkant av 200 personar, store og små, var innom i løpet av ettermiddagen. Laget sit att med eit overskot på godt over kr 40.000. Det er mange som bidreg ved eit slikt arrangement og Valldal Idrettslag vil takke bedrifter og privatpersonar som gav gevinstar til lotteri, tombola og åresal. Takk også til alle som gav kaker og var med og hjelpte til under arrangementet.

 Kurs – hjerte-/lungeredning

ABC Livredning v/Bente Larsen Håvoll har kurs i hjarte-/lungeredning for medlemmar i Valldal IL. Kurset er på klubbhuset tysdag 14. mai med oppstart kl 18.00 og varer omlag 3 timar. Det vert gjennomgang og repitisjon av hjarte-/lungeredning og i tilllegg diskutert bruk av hjartestartar. Påmelding til Ellisiv Valdal Jarvik tlf 47 05 31 19 innan søndag kveld. Kurset er gratis!!

Grasbana er ikkje heilt klar

Sjølv om det har vore mildvèr og god tøyr er dessverre ikkje grasbana klar til første heimekamp som skulle ha vore torsdag 26. april. Denne blir spelt i Stordal laurdag. Vi reknar med at alle kampar som skulle ha vore spelt t.o.m. 3. mai blir flytta enten til anna dato eller til kunstgrasbana i Stordal.

Idrettskulen

Idrettsskulen for barn i 1.-4. klasse startar opp att onsdag 9. januar. Det er idrettsskule på Valldal samfunnshus kvar onsdag framover (kl 1615-1700). For påmelding eller annan informasjon, kontakt Karianne på tlf 95856650.

Kosthaldsforedrag  – «Spis smart»

Fredag 7. september var Kirsti Kverndokk Bjerkan frå «Sunn Jenteidrett» på besøk og hadde foredrag om kosthold for barn og unge. Hovudbodskapet var kosthaldet si betydning i idretten. Sjølv om foredragshaldaren representere «Sunn jenteidrett» var tema særs aktuelt både for jenter og gutar. Omlag 25 personar var tilstades, m.a. kretslaget  langrenn i Møre og Romsdal. For å få vite meir om sunne kostvanar,  sjå heimesida til Sunn Jenteidrett

Hjartestartar

Valldal IL har fått ei flott gåve i form av ein hjartestartar. Denne vart overlevert på kllubbhuset 18. juni. Inkludert i i gåva er også opplæring i bruk av startaren. Opplæring vart gjennomført i samband med overlevering og vel 10 personar til stades. Hjartestartaren vert plassert på klubbhuset. Tusen takk til Sparebanken Møre for eit flott gåve.

 

Mobiltelefon

Innsamlinga er no avslutta og mobiltelefonar er sendt til felles nasjonalt mottak. Valldal idrettslag samla inn i alt 310 brukte mobiltelefonar. Med kr 35 pr stk gjev det eit fint bidrag i klubbkassa. 310 telefonar var forøvrig 2 mindre enn Stranda IL samla inn.

Takk til alle som på denne måten støtta idrettslaget.

Idrettskule

Kvar tysdag er det idrettskule på Samfunnshuset. Då samlast opp mot 20 born i alderen 1. – 4. klasse til ulike aktivitetar som vert gjennomført med liv og lyst. Leiarar og instruktørar er Inger Line Berdal og Simon Andrè Hjelle. Begge går 3. året på idrettslinja ved Stranda Vidaregåande skule.  Idrettskulen held fram heilt til påske.

Inger Line Berdal og Simon Andrè Hjelle saman med nokre av deltakarane på idrettskulen.

Full  fart !