Fortsetjande årsmøte
På ordinært årsmøte 23.03.2023 lukkast det ikkje å få på plass ny leiar for Valldal idrettslag. Det blir derfor halde fortsetjande årsmøte 12.04.2023 kl 19.00
Vi inviterer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst til å spele fotball til å melde seg på. Valldal IL har eit aktivt fotballmiljø.
Sommarsesongen byr på mange friidrettsarrangement, med Mefjellet opp som det store arrangementet kvart år.
Det er eit aktivt skimiljø i Valldal IL, og laget er i gang med å byggje skiskytingsløype og treningsfelt i Valldal.
Frå Nyttårsmarsjen til Sykkeltrimmen. Valldal IL driv ikkje berre med konkurranseidrett, men har også mage flotte trimaktivitetar for alle aldrar.
Diskgolf (frisbeegolf) er ein lågterskelsport som går ut på å kaste ein frisbee i ei korg på færrast kast. Valldal IL har eit aktivt miljø.
Du kan leige klubbhuset. Det passar for frå små til mellomstore selskap og arrangement med opp til 80 personar.
På ordinært årsmøte 23.03.2023 lukkast det ikkje å få på plass ny leiar for Valldal idrettslag. Det blir derfor halde fortsetjande årsmøte 12.04.2023 kl 19.00
Her kjem resultata frå Fjordstafetten. Det vart eit vellukka arrangement i flott vær. Når det fortsatt var snø på deler av stadion og i lysløypa brukte vi kunstgrasbana og området rundt klubbhuset, og litt oppover vegen på lengste etappane. 5 lag i barnestafetten der Valldal IL tok første napp i vandrepokalen, og 7 lag i hovudstafetten der Norddal IL tok første napp i vandrepokalen. Gratulerer til alle med god innsats!
Fjordstafetten på Valldal stadion laurdag 22. april kl. 16.00. Klubbane i Fjord kommune er invitert til å delta i Fjordstafetten.Kl. 16.00 Eigen barnestafett 9-12 år. 4 etappar x 200 meter. Minst 1 gut/jente på kvart lag, maks alder 45 år. Kl. 17.00 Stafett: 5 etappar med slik fordeling på kvart lag:1. etappe: Gut 16 år eller yngre: ca 300 meter2. etappe: Jente 16 år eller yngre: ca 250-300 meter3. etappe: Dame ca. 900-1000 meter4. etappe: Mann: ca. 1300-1400 meter5. etappe:…
Valldal Idrettslag vil rette ei stor takk til alle som ga gevinstar, kjøpte lodd, baka kaker, underholdt eller hjalp til for at vi fekk arrangert ein fin marknad. Takk også til alle som kom på markanden og gjorde ettermiddag til ein inntektsbringande dag for laget.