Fjordstafetten
Etter tre års pause frå Norddalstafetten har vi blitt einig om å opprette ein ny stafett for idrettslaga i Fjord kommune – Fjordstafetten. Planen er at idrettslaga arrangerer stafetten i april/mai kvart sitt år.
- Stafetten har fem etappar.
- Blanda lag i alle kategoriar med slik fordeling på kvart lag:
gut under 16 år, jente under 16 år, mann, kvinne, veteran. - Eigen barnestafett i tillegg: Fem etappar med gutar og jenter mellom 9 og 12 år.
- Invitasjon skal sendast til klubbane minst tre veker før stafetten.
- Løypelengde og fordeling av etappar blir avgjort av laget som arrangerer.
- Første stafetten blir i Valldal 22. april 2023. Vidare rekkefølge blir Eidsdal 2024, Norddal 2025 og Stordal 2026.
Dette blir noko å sjå fram til.