Nyheiter

Marknad 11. april

Laurdag 11. april er det duka for den tradisjonelle marknaden til Valldal IL. Marknaden finn stad på Martin Linge-huset i Valldal klokka 15.00. Det blir tombola, åresal og høve til å kjøpe kaffi og kaker. Vi trekkjer også gevinstane frå det store marknadslotteriet. Ta med familien og bli med på ei kjekk stund for store og små. Marknaden er eit viktig sosialt samlingspunkt, og overskotet frå arrangementet går til drift av aktivitetar i Valldal idrettslag. Velkomne skal de vere!

Les meir

Årsmøte i Valldal IL 2026

Årsmøtet i Valldal Idrettslag blir 25. mars kl. 19.30.Undergruppene sine årsmøter blir gjennomført slik: Mandag 9. mars klokka 19:30 – FotballTirsdag 10. mars klokka 19:30 – SkigruppaOnsdag 11. mars klokka 19:30 – Trim/friidrettTorsdag 12. mars klokka 19:30 – Disksport Vanlege årsmøtesaker.

Les meir

Fordeling av oppgåver 2026

Det blir laga ei samla oversikt over fordeling av oppgåver også i år, men no kan du sjølv velje kva du vil stille opp på. Sjå vedlagt link. https://docs.google.com/spreadsheets/d/1sGGu2BzzU04B3KQiI4EsT-KqcoSLoscEvJYy5ktGEgs/edit?gid=431335672#gid=431335672

Les meir

Klar for litt meir aktivitet i jula?

Valldal IL prøver noko nytt og inviterer til open hall for barn, ungdom og familiar i idrettshallen i Martin Linge-huset måndag 29. desember. Klokka 12-15 for barn opptil 12 år. Dei under 10 år må vere i følge med vaksne.Familiar er velkomne. Klokka 17-20 for ungdom 13-18 år NB! Fri aktivitet, ikkje organisert av idrettslaget.Det vil vere vakter til stades.NB! Vi ryddar oppatt i lag. Ope for alle. Velkomen innom!

Les meir
DEI SISTE INNLEGGA
26. februar 2026
22. februar 2026
26. januar 2026
14. januar 2026
VIL PÅ FACEBOOK