Disksport

Styret i 2024:

  • Richard Moen – leiar
  • Bjarte Grønningsæter
  • Henrik Engeseth Andersen
  • Linda Lødøen
  • Karoline Nerli

Styret sit fram til årsmøtet 2025

Kva er disksport?

Disksport inneheld mange ulike aktivitetar der ein brukar disk, eller frisbee som mange kallar det. Frisbeegolf (diskgolf) og ultimate er to av dei største i Norge. Det fins også fleire, som freestylepresisjonlengdediscathon osv. I Valldal spelar vi frisbeegolf. Det er ein sosial lågterskelsport for alle, som går ut på å kaste ein disk (frisbee) frå utkast til korg på færrast kast. Altså det same prinsippet som vanleg golf.

Kor kan du spele frisbeegolf og kva kostar det?

På Jemtegård Feriesenter (ca 2 km frå sentrum) er det ein frisbeegolfbane med 18 korgar (også kalla hol). Bana er variert med både korte og lange hol, venstre og høgresvingar, skog og opent terreng. Det er lett å finne fram, sjølv utan kart, då retninga til neste utkast er merka med raude treskilt.

Det er gratis å spele for alle opp til og med 16 år, overnattingsgjester hos Jemtegård Feriesenter og medlemmar i Valldal IL. For alle andre kostar det 50 kr/dag eller 400 kr/sesong.

Vi arrangerer to faste turneringar kvar veke. Vekas runde går kvar torsdag (oppmøte kl.17:45 ved kiosken eller hol 1). Så har vi Søndagsrunden som har fleksibel start mellom kl. 10.00 og 20.00.

Kontakt disksport:
Valldal IL – disksport
Postboks 74
6211 Valldal

e-post:  disksport@valldalil.no

DEI SISTE INNLEGGA
24. mars 2024
24. mars 2024
14. februar 2024
VIL PÅ FACEBOOK