Valldal IL ønskjer velkomen til Mefjellet opp 2022, søndag 26. juni.

Konkurranseklasse

Påmelding til konkurranseklasse er åpen på EQtiming; https://live.eqtiming.com/61767#dashboard
Løpet blir arrangert på «vanleg» måte med fellesstart kl 12.00 for konkurranseklassene. Undervegs vert det to drikkestasjonar, samt drikke ved mål. Det er krav om å bere sekk på minimum 2 kg som skal innehalde nødvendig utstyr og klede.

Trimklasse

Trimklasse frå kl. 10-11.30 på konkurransedagen, men turen kan også gjennomførast veka før slik det var i 2020 og 2021. Vi ønskjer alle velkommen til å gå, rusle, jogge eller springe til Mefjellet frå og med 19. juni og fram til konkurransedagen. Vipps 50 kr til Valldal IL #108454 og send dokumentasjon (bilde/gps-spor/stravaøkt etc) på at du har vore på toppen til Magne Eivind Glomnes, magne.glomnes@mimer.no / 404 41 528


For meir informasjon, sjå www.mefjelletopp.no