Valldal IL håper på mange medlemmar også i 2024. For 2024 gjeld følgande prisar og retningslinjer for medlemskap i Valldal Idrettslag.
Medlem under 18 år | kr 200 |
Medlem 18-24 år | kr 200 |
Medlem 25 år og eldre | kr 400 |
Pensjonist | kr 300 |
Familie | kr 600 |
Alle som deltek i idrettsaktivitet i regi av Valldal Idrettslag må vere medlem i idrettslaget. Når eit medlem under 18 år vert meldt inn i Valldal Idrettslag melder føresett(e) samtidig også inn seg sjølv.
Tidlegare medlemmar vil få tilsendt faktura automatisk. Nye medlemmar melder seg inn via Min Idrett.
Ta kontakt på kasserar@valldalil.no ved spørsmål om medlemskap, medlemskontingent og innmelding i idrettslaget.