Årsmøte i Valldal Idrettslag er 20. mars og dei ulike undergruppene sine årsmøter blir gjennomført slik:

Mandag 4. mars klokka 19:30 – Trim / friidrett
Tirsdag 5. mars klokka 19:30 – Skigruppa
Onsdag 6. mars klokka 19:30 – Fotballgruppa
Torsdag 7. mars klokken 19:30 – Disksport
Onsdag 20. mars klokka 19:30 – Hovedstyret

Vanlege årsmøtesaker.
Andre saker i hovudlaget som gjeld økonomi:

         * Vurdere kjøp av festetomt 10/1/4 Valldal stadion
Tilbodet frå Frank Sylte er gyldig til 1. mai. Pris på dei 15227,7 m2 er kr. 1.175.716.
Tomt 10.1.4 gjeld sjølve stadionområdet, jf. kommunekart
https://kommunekart.com/?urlid=72182459-6727-4e59-a9ce-e3c600ad8a01
 Finansiering ved å søke sponsorstøtte og lån i banken. Idrettsforbundet har ikkje nokon
innvendingar på tilbodet. Tar også med innspela frå skigruppa sitt årsmøte.
Meir info i saka blir lagt ut saman med årsmøtepapira seinast 17. mars.

        * Strategi for å auke sponsorinntekter
        * Bytte lysarmatur til LED i lysløypa, finansiering
        * Stillinga som dagleg leiar
Olav har sagt opp stillinga si. Det må vurderast om det er økonomi til å fortsetje med dagleg leiar.

Fullstendig saksliste og meir utfyllande informasjon blir lagt ut etter styremøte 14. mars.