Sesongen 2024

I hovudsak går sesongen frå starten av mai til slutten av september. Vi kastar likevel året rundt, viss veret tillet det.

Vi har fleire arrangement:

  • Vekas runde går kvar fredag kl. 18.00 med oppmøte seinast 17.45 for inndeling i grupper og eventuell oppvarming. Under samlinga delar vi inn i grupper og spelar 12 hol, der vi brukar dei seks første (1-6) og dei seks siste (13-18) hola.
  • Søndagsrunden går som flexstart kvar søndag kl. 10.00-20.00. Flexstart vil seie at ein melder seg på det tidspunktet ein sjølv vil saman med andre. Vi vil likevel oppmode om å melde på rundt kl. 12, slik at det blir meir sosialt. Så kan vi heller regruppere oss, når vi ser kor mange vi blir. Vi går full bane, altså 18 hol.
  • Vårslepp går som vanleg første laurdagen i mai, men i år er det ei endring. Turneringa er flytta til laurdag 11. mai. Sidan den er ein del av SunnmørsTour 2024 endrar vi namn til SunnmørsTour Valldal 2024.
  • Jemtegård Open blir laurdag 3. august.
  • Klubbmeisterskap søndag 29. september.
DEI SISTE INNLEGGA
24. mars 2024
24. mars 2024
14. februar 2024
VIL PÅ FACEBOOK