Sesongen 2026

I hovudsak går sesongen frå starten av april til slutten av september. Vi kastar likevel året rundt, viss veret tillet det.

Vi har fleire arrangement:

  • Vekas runde går kvar fredag kl. 18.00 med oppmøte seinast 17.45 for inndeling i grupper og eventuell oppvarming. Under samlinga delar vi inn i grupper og spelar 12 hol, der vi brukar dei seks første (1-6) og dei seks siste (13-18) hola.
  • Søndagsrunden går som flexstart kvar søndag kl. 10.00-20.00. Flexstart vil seie at ein melder seg på det tidspunktet ein sjølv vil saman med andre. Vi vil likevel oppmode om å melde på rundt kl. 12, slik at det blir meir sosialt. Så kan vi heller regruppere oss, når vi ser kor mange vi blir. Vi går full bane, altså 18 hol.
  • Vårslepp går av stabelen laurdag 9. mai.
  • SummersTour arrangerer vi laurdag 27. juni.
  • Jemtegård Open blir laurdag 1. august. Dette er storturneringa vår og inkluderer mat og drikke.
  • Klubbmeisterskapet er søndag 27. september.
DEI SISTE INNLEGGA
29. april 2026
26. februar 2026
22. februar 2026
26. januar 2026
14. januar 2026
VIL PÅ FACEBOOK