Vi kan – vi VIL
Valldal Idrettslag har solide tradisjonar for idrettsglade valldalingar. Laget fylte 100 år i 2019 og har stor aktivitet innanfor fleire idrettsgreiner. Trykk på ei av lenkjene til høgre for å lese meir om dei ulike aktivitetane i Valldal Idrettslag.

Fotball

Vi invi­terer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst til å spele fot­ball til å melde seg på. Vall­dal IL har eit aktivt fot­ball­miljø.

Friidrett

Sommar­se­songen byr på mange fri­idretts­arrange­ment, med Me­fjellet opp som det store arrange­men­tet kvart år.

Ski

Det er eit aktivt ski­miljø i Vall­dal IL, og laget er i gang med å byggje ski­skytings­løype og tre­nings­felt i Vall­dal.

Trim

Frå Nytt­års­marsjen til Sykkel­trimmen. Vall­dal IL driv ikkje berre med kon­kur­ranse­idrett, men har også mage flotte trim­aktivi­tetar for alle aldrar.

Disksport

Disk­golf (frisbee­golf) er ein låg­terskel­sport som går ut på å kaste ein fris­bee i ei korg på færrast kast. Vall­dal IL har eit ak­tivt miljø.

Klubbhuset

Du kan leige klubb­huset. Det pas­sar for frå små til mel­lom­store sel­skap og arrange­ment med opp til 80 per­sonar.

Trimpostar 2024

Valldal IL har 30 trimpostar. Kjøp trimkort på butikkane og registrer turane der eller på Georeg.Trimbøker ligg fortsatt ute på nokre av postane, men desse har ikkje vore i bruk som registrering etter Covid 19.

Les meir

Fortsetjande årsmøte 29. april

Innkalling til fortsetjande årsmøte på klubbhuset 29. april kl. 19.30 Saker:* Godkjenning av styret i fotballgruppa. Det er pr. no ikkje nokon leiar i gruppa. Det må veljast ein til å sitje i hovedstyret. * Orientering om status i saka om eventuelt kjøp av festetomt Valldal stadion. Tilbodet er no justert til 1.200.000 for heile arealet (Festetomt 10/1/4 og 10/1/5) Årleg festeavgift er nedjustert til kr. 38.500 totalt. Det er innhenta uavhengig takst. Det er sendt søknad til Fjord kommune…

Les meir
DEI SISTE INNLEGGA
VIL PÅ FACEBOOK