Ny klippar til grasbana!
Då er den nye grasklipparen til fotballgruppa på plass. Den kan brukast både som bioklippar og med oppsamlar. Merket er Toro. Takk til Sparebanken Møre som støtta oss med 40 000,- til klipparen!
Takk for draktene til Sparebanken Møre!
Fotballgruppa i Valldal IL takkar Sparebanken Møre for to flotte draktsett som vi har fått! G12 var sjølvsagt kledd i sine nye drakter då dei møtte Blindheim. Valldal vann kampen 3-5. Hurra !!!
Takk for draktene til Tafjord!
Valldal IL fotball takkar Tafjord så mykje for dei to
draktsetta vi har fått. Draktene var kjempefine! Biletet er
teke etter kampen mellom VRF og Valldal J12. Valldal vann
kampen 5-3 og er strålande fornøgde både med resultatet og draktene!
——————————————–
Dugnad
Valldal idrettslag, på lik linje med dei fleste andre lag, bygg mykje av arbeidet sitt på dugnadsinnsats. Våren er gjerne tida for mykje slikt arbeid. Det har no vore nedvask på klubbhuset og garasjen for trakkemaskina er måla utvending. I løpet av forsommaren skal alle bygga ved stadion verte måla. I tillegg er det ein del anna vedlikehaldsarbeid på og ved stadion som står føre. Det er grunn til å takke alle som stiller opp og hjelper til på denne måten.
————————————————–
Sykkeltrim
Trimgruppa stod som ansvarleg for årets sykkeltrim på 1. mai. Dette vart ein suksess! Flott vårver og stor oppslutning. I alt 210 startande vart registrert fordelt på startplassane Sylte og Gudsbrandsjuvet. Alle hadde «målgang» på Klubbhuset og der var det mogeleg å få kjøpt vaflar, kaffi, brus, pølser og is. Oppslutninga var nok større enn arrangørane i trimgruppa hadde rekna med, for det vart tomt for både det eine og det andre etter kvart! Den heldige vinnaren av ein flott DBS terrengsykkel vart Karl Hoel.
Mange syklar og syklistar på Sykkeltrimmen 2012
————————————————-
Mobiltelefon
Innsamlinga er no avslutta og mobiltelefonar er sendt til felles nasjonalt mottak. Kor mange telefonar som er samla inn er det ikkje nøyaktiv oversikt på. Det vil vi få vite i løpet av juni månad.
Takk til alle som på denne måten støtta idrettslaget.




