Mefjellet opp blir arrangert 19. juli 2025, og det er samtidig NM-motbakkeløp.
Valldal IL arrangerte også NM sist i 2019 og har fått tildelt mesterskapet igjen.
Sjå http://www.mefjelletopp.no for detaljar om løpet.
Ei veke seinare, laurdag 26. juli er det olsok og minidilten/jordbærdilten.
Viser til oppdatert oversikt over fordeling av oppgåver i VIL for heile 2025 i eit tidlegare innlegg.
Det blir sendt ut påminning til dei som er satt opp. Håpar alle kan bidra.
Som ein del av oppladinga fram mot Mefjellet opp er det satt opp eit forslag til treningstilbod kvar torsdag. Still gjerne opp og bli med på ei uformell treningsøkt.
