Påmelding fotballsesongen 2021
Vi inviterer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst å spele fotball sesongen 2021 til å melde seg på.
Påmeldingsfrist: 15. desember.
Du melder deg/dine på ved å sende
- namn
- fødselsdato
- mailadresse/mobilnummer (til føresette)
til fotball@valldalil.no eller ta kontakt på 403 32 462 (Solfrid Fjeldstad).
Klubben i mitt hjerte
No kan du vere med å stemme på Valldal IL som «Klubben i mitt hjerte» Dersom mange nok stemmer på ein dag kan idrettslaget vinne flotte premiar. Stem kvar dag i perioden 12. november – 26. november. I tillegg er det muleg å støtte Skiskyttarstadion og turløype/skiløype på Grønningsæter-Høghjelle med ein Spleis. Gå inn HER og Stem og Spleis
Ekstraordinært årsmøte
Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte tysdag 13. oktober kl 20.00 på klubbhuset.
Saker til behandling:
- Skiskyttarstadion og turløype med lys på Grønningsæter/Høghjelle Utgreiing om Sak til ekstraordinært årsmøte 13.10.20 vedlagt kart overArena Hauane og Driftsplan arena Hauane
- Suppleringsval til kontrollutvalet
Dagleg leiar – Valldal idrettslag
Olav Løvoll er tilsett i 30 % stilling som dagleg leiar i Valldal idrettslag. Dette er ei historisk tilsetting i laget si 101 årige historie, den første faste tilsette i laget.
Olav har alsidig bakgrunn m.a. som leiar i Valldal idrettslag i 8 år og har brei erfraring frå ulike leiarstillingar både i det offentlege og private. Han er ein aktiv pensjonist med m.a. mange verv og engasjement i lokalpolitikken. Han startar gradvis opp i arbeidet frå 1. oktober.
Vi ønskjer Olav velkomen til spennande arbeid i Valldal idrettslag!
Kontrollutval
Valldal idrettslag har oppretta og vald kontrollutval i samsvar med laget si reviderte lov. Kontrollutvalet erstattar revisorane oghar ein utvida funksjon. Det skal følgje opp laget gjennom heile året og m.a. kontrollere at vedtak i årsmøte og styret vert følgd opp. Utvalet skal også sjå til at laget har ei forsvarleg økonomistyring. Reidar Bjørstad og Olav Løvoll er medlemmer i kontrollutvalet med Hegelin Waldal som varamedlem.
Aktivitetar
Aktiviteten i Valldal idrettslag kjem gradvis i gong att i løpet av august. All aktivetet skjer innarfor gjeldande retningslinjer for smittevern
Fotballen starta opp med spel i aldersbestemte klasser tysdag 17. august. Gutar 10 år innleia sesongen med kamp mot Sykkylven. No går det slag i slag utover hausten. Diverre får ikkje seniorlaget starte opp med ordinære treningar og kampar.
Friidrett startar opp med friidrettscup torsdag 20. august på Valldal stadion. Deretter vert det cupar tysdag 1. sept og torsdag 17. sept. Alle på stadion. Start kl 18.00. Påmelding frå kl 17.30. Deltaking i to cupar gjev samanlagtpremie. Sjå vedlagte Plakat friidrettscup 2020
Langrenn og skiskyting har starta med fellestreningar på rulleski på tysdagar. Skiskyting på torsdagar på Krikane. Etter haustferien vert treningstilbodet utvida ved fleire fellestreningar.
Disksport har aktivitetar på bana på Jemtegård, m.a. Vekas runde.
No er det flotte dagar i for turar i skog og mark, og til fjells. Trimpostane står ute. Har du ikkje kjøpt kort, er desse framleis til sals på SPAR. Bruk gjerne appen Georeg for registrering av besøk på postane.
Retningslinjer betalingsordning – betalingsfritak
Medlemskontingent 2020
Nye føringar for disksporten frå forbundet 13.mai 2020:
Diskgolfvettregler_illustrasjon_13mai og Diskgolfvettregler_13mai.