Valldal Idrettslag – vi kan – vi VIL
vi kan – vi VIL

Fjelltrimmen 2018

Trimkorta er no i sal på Spar – HL Muri. På kortet er det ialt 18 turar av ulik lengde og vanskegrad i Valldal, Fjørå og Tafjord. Mange flotte premiar kan vinnast av dei som deltek. Her er kart og beskrivelse av turane Fjelltrim 2018

PÅMELDING TIL TINE FOTBALLSKOLE I VALLDAL 10.-12. AUGUST

Då opnar vi for påmelding til årets Tine Fotballskole i Valldal.

I fjor vart Valldal kåra til ÅRETS fotballskule på Sunnmøre;-), og vi har ambisjonar om å klare dette også i år! Så her er det berre å glede seg.

Aldersgruppe: 6 – 12 år
Tid: 10. – 12. august, kl 10.00 – 16.00
Stad: Valldal stadion
Påmelding innan: 28. juli
Pris: kr 750,- (søsken kr 500,-)

Vi har eit «tak» på 60 deltakarar og det er først til mølla som gjeld. I fjor var det fleire håpefulle som ikkje fekk vere med på fotballskulen fordi det vart fort fullt. Det kan derfor vere lurt å vere tidleg ute i år.

Send påmeldinga til epost: fotball@valldalil.no og oppgi følgjande informasjon:

1. Namn på deltakar:
2. Adresse:
3. Fødselsdato:
4. Foresatt:
5. Foresatt epost:
6. Foresatt telefon/mobil:

Alle deltakarane får som vanlig ein flott utstyrspakke frå Tine. Les meir her.

Meld på så snart som mulig (bindande påmelding) slik plassen er sikra!

Sykkeltrimmen 2018

Det var svært god oppslutning om sykkeltrimmen som trimgruppa arrangerte 1. mai. Heile 199 registrerte deltakarar som starta anten frå Sylte eller Gudbrandsjuvet med innkomst på klubbhuset. Mange heldige vinnarar av utrekkspremiar, men dei heldigaste var dei som vann kvar sin sykkel  Amalie Nystuen Waldal og May Siri Sandnes. Gratulere!

Norsk Skimerke 

Her finn de oversikt over godkjente prøvar til Norsk Skimerke Skimerkeprøver 2018 Det er avmerka årstal og kor mange prøvar kvar enkelte har avlagt. Lista inneheld over 720 navn og historikken går omlag 50 år bakover i tid! Truleg er det fleire som har godkjente prøvar utanom lagsrenn/Valldalsmesterskapet, men det er kun dette rennet som er med.

Det er sjølvsagt muleg å få kjøpe utmerkingar etter kvart som tilstrekkeleg antal prøvar er gjennomført. Ta i så fall kontakt med skigruppa. Her er reglar for prøver og registrering og bilete og prisar

NM til Valldal!!

Norges Friidrettsforbund har tildelt Valldal IL NM i mobakkeløp 2019. Meisterskapet vert lagt til Mefjellet Opp. Truleg vert arrangementet flytta fram til juni for at at det også skal vere uttaksløp for EM i motbakkløp. Dette vert spennande og så vidt vi kjenner til vert dette det første offisielle NM med Valldal IL som arrangør.

Marknad

Den årlege marknaden til Valldal Idrettslag vart arrangert på Martin Linge huset laurdag 7. april.  Oppslutninga var svært god, fram mot 200 personar var innom i løpet av ettermiddagen. I løpet av dei to timane marknaden varte, vart det seld tombolalodd, årar, lynlodd og kaffi, brus og kaker. Nettoinntekt til idrettslaget omlag kr 45.000.

Stor takk til alle som gav gevistar til lotteri og lister, til alle som bidrog med kaker  og alle som hjelpte til under marknaden , Og ikkje minst – takk til alle som møtte opp på Martin Linge huset og støtta idrettslaget.

Medlemskap

Valldal IL brukar Norges Idrettsforbund sitt system for medlemsregistrering gjennom «Min Idrett» . Vi bed difor om at alle asktive og  andre som ønskjer å verte medlemmar i laget å bruke dette. Les informasjon om medlemskap mm Medlemsregistrering 2016   Link til sida Min idrett    Altnernativt kan følgjande skjema  medlemsregistering fyllast ut og sendast til Valldal Idrettslag eller returnerast på post@valldalil.no