Styret i 2025:
- Richard Moen – leiar
- Linda Lødøen – kasserar
- Bjarte Grønningsæter
- Henrik Engeseth Andersen
- Karoline Nerli
Styret sit fram til årsmøtet 2026
Kva er disksport?
Disksport inneheld mange ulike aktivitetar der ein brukar disk, eller frisbee som mange kallar det. Frisbeegolf (diskgolf) og ultimate er to av dei største i Norge. Det fins også fleire, som freestyle, presisjon, lengde, discathon osv. I Valldal spelar vi frisbeegolf. Det er ein sosial lågterskelsport for alle, som går ut på å kaste ein disk (frisbee) frå utkast til korg på færrast kast. Altså det same prinsippet som vanleg golf.
Kor kan du spele frisbeegolf og kva kostar det?
På Jemtegård Feriesenter (ca 2 km frå sentrum) er det ein frisbeegolfbane med 18 korgar (også kalla hol). Bana er variert med både korte og lange hol, venstre og høgresvingar, skog og opent terreng. Det er lett å finne fram, sjølv utan kart, då retninga til neste utkast er merka med raude treskilt. Ein kan også bruke appen UDisc, der bana ligg inne med kart.
Det er gratis å spele for alle opp til og med 16 år, overnattingsgjester hos Jemtegård Feriesenter og medlemmar i Valldal IL. For alle andre kostar det 50 kr/dag eller 400 kr/sesong. Du kan ta med dine eigne diskar eller kjøpe/leige diskar i kioskens opningstider.
Vi arrangerer to faste turneringar kvar veke. Vekas runde går kvar fredag (oppmøte kl.17:45 ved kiosken eller hol 1). Så har vi Søndagsrunden som har fleksibel start (flexstart) mellom kl. 10.00 og 20.00, der vi håpar flest kan melde på rundt kl. 12.00.
Vi har også større turneringar:
- Sunmørstour Valldal laurdag 10. mai, som er ein del av Sunnmørstour 2025
- Jemtegård Open laurdag 2. august
- Klubbmeisterskapet søndag 28. september
Kontakt disksport:
Valldal IL – disksport
Postboks 74
6211 Valldal
e-post: disksport@valldalil.no
