Medlemskontingent 2023

Det nærmar seg nytt år, og Valldal Idrettslag håper på mange medlemmer også i 2023. Faktura for medlemskap vil bli send ut i januar 2023.

Les meir

Påmelding fotballsesongen 2023

Fotballgruppa treng å få oversikt over spelarstallen for sesongen 2023.

Alle som vil vere med å spele fotballl må melde seg på til sine respektive lagleiarar eller du kan melde deg på via fotball@valldalil.no. Har du spm, kontakt oss på mail eller til Peder på tlf 48071787. Nye og gamle spelarar er velkomne.

Les mer
Vi kan – vi VIL
Valldal Idrettslag har solide tradisjonar for idrettsglade valldalingar. Laget fylte 100 år i 2019 og har stor aktivitet innanfor fleire idrettsgreiner. Trykk på ei av lenkjene til høgre for å lese meir om dei ulike aktivitetane i Valldal Idrettslag.

Fotball

Vi invi­terer alle barn (frå 1. klasse) og vaksne som har lyst til å spele fot­ball til å melde seg på. Vall­dal IL har eit aktivt fot­ball­miljø.

Friidrett

Sommar­se­songen byr på mange fri­idretts­arrange­ment, med Me­fjellet opp som det store arrange­men­tet kvart år.

Ski

Det er eit aktivt ski­miljø i Vall­dal IL, og laget er i gang med å byggje ski­skytings­løype og tre­nings­felt i Vall­dal.

Trim

Frå Nytt­års­marsjen til Sykkel­trimmen. Vall­dal IL driv ikkje berre med kon­kur­ranse­idrett, men har også mage flotte trim­aktivi­tetar for alle aldrar.

Disksport

Disk­golf (frisbee­golf) er ein låg­terskel­sport som går ut på å kaste ein fris­bee i ei korg på færrast kast. Vall­dal IL har eit ak­tivt miljø.

Klubbhuset

Du kan leige klubb­huset. Det pas­sar for frå små til mel­lom­store sel­skap og arrange­ment med opp til 80 per­sonar.

Jordbærdilten

Laurdag 30. juli kl. 15.30 Minidilten for dei under 10 år startar kl. 14.45.  Valldal IL innbyr til Jordbærdilten i Valldal laurdag 30. juli kl. 15.30. Løpet er 3,2 km og går i den såkalla «strafferunden». Trimklasse og konkurranseklasse. PREMIERING Gåvepremiar uttrekt på startnummer. Jordbær ved målgang. Dei tre beste i kvar konkurranseklasse: Damer og menn frå 16 år, gutar og jenter t.o.m. 15 år.  STARTKONTINGENT Trimklasse:  ​kr 50,-​ ​  ​Familie: 300,- Konkurranseklasse: ​kr. 130,- + eingongslisens PÅMELDING Påmelding via https://mosjon.friidrett.no eller til magne.glomnes@mimer.no.Løpsdagen frå kl. 13.30-14.30 på hamna. Arr. : Valldal IL Eventuelle spørsmål kan rettast til: ​Magne Eivind Glomnes  Tlf. 40441528 ​E-post: magne.glomnes@mimer.no​ Vel møtt til…

Les meir

Mefjellet opp 2022

Valldal IL ønskjer velkomen til Mefjellet opp 2022, søndag 26. juni. Konkurranseklasse Påmelding til konkurranseklasse er åpen på EQtiming; https://live.eqtiming.com/61767#dashboardLøpet blir arrangert på «vanleg» måte med fellesstart kl 12.00 for konkurranseklassene. Undervegs vert det to drikkestasjonar, samt drikke ved mål. Det er krav om å bere sekk på minimum 2 kg som skal innehalde nødvendig utstyr og klede. Trimklasse Trimklasse frå kl. 10-11.30 på konkurransedagen, men turen kan også gjennomførast veka før slik det var i 2020 og 2021. Vi…

Les meir

VM 2022 – SkifestiValldal

VM 2022 – SkifestiVallldal vart ein suksess i strålande sol i løypene rundt Valldal Stadion. Omlag 140 løparar gjennomførte i fri stil med eller utan tidtaking i ulike løypelengder. Her er resultatlista    Resultat SkifestiValldal 2022

Les meir

Fortsettande årsmøte 2022

Fortsettande  årsmøte torsdag 07.04.22 kl 19.30 på klubbhuset Her er referat frå fortsettande årsmøte: Møtebok fortsettande årsmøte 2022 signert

Les meir
DEI SISTE INNLEGGA
28. november 2022
Klar til start på friidrettscup
28. november 2022
30. juli 2022
VIL PÅ FACEBOOK